Kan ikkje målast i pengar

3 days ago 10



Å Energi har sett seg ut Syrtveitfossen nå.

Syrtveitfossen må få leve, meiner Inger Juvastøl. Foto: Jacob J. Buchard / Fædrelandsvennen

Og eg undrast; kva rett har dei til å byggje den ut, viss ikkje kommunen ønskjer det?

Kven eig Syrtveitfossen?

Det er ikkje vanskeleg å finne argument for at Syrtveitfossen skal leve.

Mange har skrive innlegg nå, og dei fleste har vore inne på det meste.

Det gjeld Troll Aktiv og mange arbeidsplassar.

Den svært sjeldne bleka som må vernast.

Turisme er viktig.

Se kva AI skriv om Bleka:

”Bleka er en unik ferskvannsstasjonær atlantisk laks som kun lever i Byglandsfjorden og i Otravassdraget”

Dette er vel nokså nær sanninga, men før var ho også å finne i Breiflå, som også er ein del av Otravassdraget.

Frå tidleg vår til langt på haust stopper turistane frå Europa på rasteplassen på Syrtveit, og finn det fantastisk at dei på nært hald, kan oppleve ein vakker foss, i fri dressur.

Akkurat desse turistane legg kanskje ikkje att så mykje pengar, men dei tek bilete, og det blir god reklame for Noreg og Setesdal.

Så til bleka som er ein relikt lakseart som vart stengt inne då landet heva seg, etter at isen frå siste istid forsvann.

Bleka vart att i ein del av Otravassdraget, og ho er kravstor til miljøet.

Ho trivst under Syrtveitfossen, og då må vi la ho ha det habitatet.

På slutten av 60-talet og begynnelsen av 70-talet, var ho mest borte frå vassdraget.

Elva sleit med den sure nedbøren vi fekk frå Tyskland og England, og ei veldig utbyggjing av kraftverk i heile dalføret.

Der vart teken opp nokre individ til fiskeanlegget på Syrtveit, og det redda ho frå å verte utrydda.

Nå er ho erklært frisk, og kan reprodusere seg sjølv.

Men ho må overvakast, og ho vil neppe tåle ei redusert vassmengd med mindre O2.

Det er også vanskeleg med gyteplassar. Dei må ikkje risikere å leggjast turre.

Bleka kan ikkje målast i pengar, men i natur og miljø.

Vi kan ikkje tåle ei utbyggjing av Syrtveitfossen.

Argumentet om at vi treng meir kraft vert bruka for alt det er verdt. Då må vi først og framst bruke den straumen vi har, meir fornuftig.

Og skulle vi ha bruk for meir energi, så lyt det bli atomkraft,etter som eg ser det. Det er mykje mindre øydeleggjande for naturen.

Så fattige er vi ikkje, at vi må ”selje” Syrtveitfossen.

I Evje og Hornnes har vi for ikkje lenge sidan gjeve frå oss Fennefossen, og heile dalen totalt er så utbygd med kraftverk, at nå får det vere nok.

Ikkje ta frå oss den siste vakre fossen i dalføret. Vi har gjeve frå oss nok.

Det ville vere synd om vi skulle miste bleka, som vi har sett så mykje inn på å redde.

Lat ikkje det arbeidet vere forgjeves!

Read Entire Article