DALE (TV 2): – Det ser grufullt ut, seier trenar i idrettslaget som brukar bana.
Publisert 27.03.2024 11:18 Sist oppdatert 2 minutter siden
To enorme steinar raste ned på Geitabakken idrettsplass på Dale i Vaksdal natt til onsdag.
Fotballbana har fått store skadar. Ingen personar blei skadd i raset, som gjekk rundt klokka 03.40 i natt, ifølge Vaksdal kommune.
Blir stengt
Bana blir stengt for bruk fram til geolog har vurdert situasjonen.
Steinane er om lag 270 tonn tunge, seier brannkoordinator i Vaksdal Brannvern, Brede Tjønneland, til VaksdalPosten.
– Grufullt
Stian Jordalen er trenar i Dale IL. Han skildrar synet som surrealistisk.
– Det ser grufullt ut når ein ser storleiken på det. Vi er vant til steinar, men det er 70 år sidan det har kome ein så stor stein ned, seier Jordalen til TV 2.
Han er naturleg nok glad for at det ikkje var folk på bana då raset kom.
– Vi er utruleg glad for at alt har gått bra, og at det ikkje har har vore folk her. Men ein tenker jo på framtida til idrettsplassen dei neste månadane, og ein tenker på dei unge, seier Jordalen.