Juristar ønskjer samtykkelov: – Tida er overmoden

2 weeks ago 14



Juristforbundet kastar seg på samtykkedebatten, og går inn for ei lov der berre eit «ja» er eit «ja».

 Øyvind Brattegard / TV 2
DEMONSTRASJONAR: Det har vore fleire demonstrasjonar for ei ny samtykkelov siste åra. Her frå demonstrasjon utanfor Stortinget i oktober. Foto: Øyvind Brattegard / TV 2

Publisert 10.11.2024 21:10

Det er tre år sidan regjeringa først varsla ei ny samtykkelov. 

Sidan har diskusjonen i stor grad handla om lova skal basere seg på at eit «nei er eit nei» eller eit «ja er eit ja».

No har også landets største organisasjon for juristar tatt eit standpunkt. 

 Øyvind Brattegard / TV 2
DEBATT: Fleire ønskjer ein samtykkelov som seier at berre ja er eit ja. Foto: Øyvind Brattegard / TV 2

– Juristforbundet ønskjer ei utviding av dagens valdtektslov. Vi meiner det må vere straffbart å ha seksuell omgang med nokon som ikkje ønskjer det. Det er det ikkje i dag, seier Benedicte Gram Knutsen i Juristforbundet. 

«Ja er ja»

 Gram Knutsen meiner tida er overmoden for ei ny samtykkelov og for eit tydeleg standpunk frå juristane si side. 

– Juristane må i langt større grad enn tidlegare ta dei i samfunnsutviklinga og utforminga av nytt lovverk, også når saka blir opplevd som kontroversiell, seier Gram Knutsen. 

 Thomas Haugersveen
TAR STANDPUNKT: Benedicte Gram Knutsen er visepresident i Norges Juristforbund. Foto: Thomas Haugersveen

Juristforbundet representerar landets advokatar og juristar.  Fram til no, har ikkje juriststanden ønska å ta noko standpunkt i saka.

Men i helga konkluderte dei med at dei meiner ei ny lov må vere basert på eit reelt samtykke, og at berre eit «ja» er eit «ja». 

– Vi veit at om ei ny lov blir basert på at offeret må gjere motstand eller seie nei, vil mange valdtekter gå under radaren, seier ho. 

Ho viser til forsking som viser at 7 av 10 kvinner som blir utsett for valdtekt, går i frysreaksjon. 

Samtykkelov

I 2019 blei det sett ned eit råd som skulle gjennomgå heile lovkapittelet om seksuelle lovbrot.

I 2021 varsla regjeringa at det vil komme ei samtykkelov, og at dei vil utrede korleis det kan innførast ei endring i straffelova slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt.

Ei samtykkelov inneber at alle partar må gi klart samtykke til sex.

Fraus til  

TV 2 har tidlegare fortalt om Bertine Vågenes, som melde ein gruppevaldtekt der alle blei frikjend i den mykje omtalte tiktok-rettssaka.

Ho har fortalt at ho ikkje var i stand til å motsette seg handlingane ho vart utsett for.  

–  Eg har brukt mykje tid i etterkant på å forsøke å forstå kvifor kroppen fraus og eg ikkje klarte å gjere motstand. Men det var helt umogleg, sa ho til TV 2. 

 Ingrid Wollberg/TV 2
MELDE: Bertine Vågenes melde ein valdtekt til politiet. Alle blei frikjend i retten. Foto: Ingrid Wollberg/TV 2

No seier Bertine at ho synest ordlyden som Juristforbundet ønskjer, er fornuftig. 

– Eg meiner vi bør få på plass ein samtykkelov som tydeleggjer at sex utan samtykke er straffbart, seier Bertine.

– Eg er einig med Juristforbundet i at samtykkelova skal gjelde at «berre ja er ja», slik at offeret ikkje kan klandrast for å ha fryst til i situasjonen og dermed ikkje klart å gjere motstand eller seie «nei». 

Ny lov før valet

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har lova at dei skal legge fram eit forslag til ny lov før neste val, men ho kan enda ikkje seie korleis ordlyden i lova vil bli.

Ho seier ei av grunnane til at forslaget tar tid, er fordi endringar i straffelova må gjerast grundig og med varsemd.  

Justisministeren meiner at lova uansett ordlyd vil tydeleggjere kva som er lov og ikkje. 

 Øyvind Brattegard / TV 2
UNDERSKRIFTER: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) tok i mot 81.000 underskrifter som krev ein ny samtykkelov. Foto: Øyvind Brattegard / TV 2

– Vi kjem til å legge fram ei lov som slår tydelegare fast enn i dag at det ikkje er lov å ligge med nokon som ikkje har sagt ja til det. Det burde vere ein sjølvfølge i Noreg i 2024, sa ho til TV 2 tidlegare i haust

Det såkalla nei er nei-forslaget, foreslår at ein ordlyd som seier det er forbode å ha seksuell omgang med nokon som ikkje vil det, og gir uttrykk for dette gjennom ord eller handling. 

 Truls Aagedal / TV 2
ENDRING: Regjeringa seier de skal legge fram forslag til ny lov før neste val. Foto: Truls Aagedal / TV 2

Dei som tar til orde for ein ja-ordlyd, trekk mellom anna fram at enkelte kan fryse til og difor ikkje ha moglegheit til å seie nei. 

– Uforståeleg 

Gram Knutsen seier på vegner av Juristforbundet at dei meiner det er uforståeleg kva som er kontroversielt eller vanskeleg med å utarbeide ein bestemmelse som klart og tydeleg definerer valdtekt som seksuell omgang utan samtykke. 

– Det er liten tvil om at valdtekt er eit alvorleg og kostbart kriminalitetsproblem. Det er uforståeleg at vi i Noreg, lenge etter alle andre nordiske land, enda ikkje har fått ei reell samtykkelov på plass. 

Read Entire Article