– Hår har alltid betydd mykje for meg, så det var litt skummelt.
Jonathan Wormdal var berre rundt 16 år gamal da han først merka det.
Håret vart tynnare, vikene høgare.
– Du går i ein sånn tankeprosess. Mistar eg håret no? Må eg bruke kaps heile livet? Og eg kler jo ikkje kaps i det heile teke, seier han flirfullt.
Så begynte leitinga etter noko som kunne bremse det.
Slik såg håret til Jonathan Wormdal ut allereie da han var tenåring.
Foto: PrivatJonathan er ikkje åleine om å ønskje ei løysing på hårtapet.
Så langt i år har apoteka i Noreg selt nesten dobbelt så mange pakkar av legemiddel med verkestoffet minoksidil samanlikna med same periode i fjor.
Det viser statistikk frå Apotekforeininga. Salet av legemiddel med verkestoffet finasterid har også auka. Legemiddel med desse verkestoffa er blant dei vanlegaste medisinane mot hårtap.
Minoksidil kjem i flytande form og blir smurt i hovudbotnen, mens finasterid er tablettar.
Menn med arveleg hårtap har forhøgja nivå av det mannlege kjønnshormonet dihydrotestosteron (DHT) i område av hovudbotnen med hårtap. Finasterid reduserer DHT-nivået, og hemmar derfor håravfall.
Minoksidil verkar ved å utvide blodkar, som gir betre blodtilførsel i hovudbotnen. Det kan ha ein viss stimulerande effekt på hårveksten, men effekten er avgrensa.
Felles for begge desse verkestoffa er at det berre vil ha verknad mens du brukar dei. Stoppar du, vil håravfallet etter kvart ta seg opp igjen.
Slike medisinar kan også føre til biverknadar:
Begynte tidleg
Stadig fleire menn får slike middel på resept.
Frå 2020 til 2024 har antalet menn som bruker minoksidil eller finasterid meir enn dobla seg, viser legemiddelstatistikken.
Som tenåring ville Jonathan prøve kva som helst for å bremse hårtapet.
– Du blir jo litt usikker på deg sjølv, seier han.
Minoksidil var noko av det første han testa.
– Men det var så mykje strev med det. Eg begynte å få irritasjon i huda, det er jo vanleg å få. Og så mistar du veldig mykje hår når du først begynner med det. Det gjorde at eg vart endå meir skremt, eigentleg.
Hårtapsmedisinen finasterid vart til slutt det som funka for han.
Små, blå pillar som han no tar ein kvart av dagleg.
Jonathan trur det er bra at han kom i gang såpass tidleg.
– Eg hadde jo enno hår, og no har eg også fått tilbake hår, seier han.
Kan påverke sjølvbildet
– Det er blitt meir vanleg at ein tar vare på seg sjølv, og ikkje aksepterer ein tilstand som noko ein ikkje får gjort noko med, seier hudlege Flora Balieva.
Hudlege Flora Balieva ved Stavanger universitetssjukehus.
Foto: Marius VervikHo trur menn no i større grad veit at det finst måtar å bremse hårtap på, og at det kan ha ført til auken i bruken av slike middel.
Men kvifor betyr håret så mykje for så mange av oss?
Hudlegen har forska på kva det å miste håret kan gjere med den psykiske helsa vår.
– Ein kan føle seg stigmatisert av samfunnet, og føle seg mindre verdt. Og det kan sjølvsagt påverke sjølvbildet, seier Balieva.
– Det er jo det einaste gutar kan vere kreative med på kroppen sin. Jenter har sminke og sånt, mens gutane har håret, seier Jonathan om kor viktig lokkane er.
Foto: Simen Aukan / NRKHo peiker på at det særleg kan gå ut over unge:
– Eg har høyrt nokon yngre menn seie at viker er det verste dei kan tenke seg.
Handlar om identitet
– Mange unge menn kjem hit, og så seier eg «kva gjer du her?», fortel hårspesialist Lise Østlund.
På Apollo hårsenter i Oslo møter ho dagleg folk som slit med hårtap.
Lise Østlund er utdanna frisør og har jobba med hårtap i 35 år.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRKHo opplever at menn stadig kjem inn med bekymringar om at vikene har vorte høgare, i veldig ung alder.
– Da seier eg at du må berre ta det med ro. Det hadde vore unormalt om du ikkje mista noko hår i vikene.
Østlund trur menn alltid har vore like opptatt av håret, men at det likevel er ein viktig ting som har endra seg med åra.
Hos Apollo Hårsenter lager dei parykkar og hårdelar til både menn og kvinner som slit med hårtap.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Dei hadde nok like mange bekymringar da. Men da var ein ikkje så open om det som ein er no. Det var nok meir tabu for dei yngre.
Men det handlar likevel om mykje meir enn berre hår, seier Østlund.
– Det handlar ikkje om forfengelegheit, men om identitet. Og ein ung mann på 21 år har absolutt ikkje lyst til å miste det håret.
Stress ned!
– Mange stressar mykje meir over hårtapet enn dei treng, seier Østlund.
Er du éin av dei som blir litt bekymra av å sjå at vikene har blitt høgare, eller at det blir tynnare på toppen? Hårspesialisten sitt første tips er: stress ned!
– Det er jo lettare sagt enn gjort, men stress gir faktisk også auka hårtap, seier Østlund og får støtte av hudlegen:
– Stress i seg sjølv kan gjere at ein mistar håret, seier Balieva.
Samtidig meiner Østlund at ein ikkje treng å berre godta at manken minkar.
– Det handlar om kva du føler sjølv. Er det sånn at du tenker på dette kvar morgon du står opp, og det påverkar deg? Da skal du gjere noko med det, seier Østlund.
Ikkje noko hokuspokus
I dag er Jonathan 21 år gammal, og føler han har fått tilbake håret han var redd for å miste i tenåra.
Sjølv om slike middel kan bremse hårtap for nokon, vil det variere frå person til person.
Jonathan er nøye med å ta vare på håret.
Foto: Simen Aukan / NRK– Nokon synest det hjelper med desse midla, andre merkar ingen effekt. Det finst ingen hokuspokus-midlar, seier hårspesialist Østlund.
Jonathan trur mange unge menn og gutar ikkje tør å snakke med venene sine om det å miste håret.
– Om du står aleine i venegjengen og begynner å miste håret, og dei andre har mykje hår, så trur eg ikkje det er den artigaste praten å ta. Eg trur du blir kødda med.
Sjølv vel han å vere open om si eiga erfaring med hårtap, og har mellom anna posta videoar om det på TikTok.
– Eg har fått veldig mange meldingar frå gutar som er veldig usikre på seg sjølve, seier han om responsen, og innrømmer at han kjenner igjen seg sjølv i mange av dei:
– Dette med at ein ikkje kan vere seg sjølv, og det går mykje tankar i hovudet. Det er jo ikkje noko artig.
Han meiner det er viktig å ha nokon å snakke med som har opplevd det same.
– Det er jo eit sårt tema for mange, det blir nesten ein alvorsprat. Så eg ville snakka med nokon du er veldig trygg på.
Publisert 20.09.2025, kl. 12.09