– Systemet er rigga når 4,5 millionar barn lever i fattigdom i verdas sjette rikaste land. Systemet er rigga når enorme selskap tener ei formue på aukande rekningar.
Det skriv tidlegare Labour-leiar Jeremy Corbyn og Zarah Sultana i ei felles utsegn, der dei annonserer «ein ny type politisk parti» i Storbritannia.
Partiet har ikkje fått eit namn enno, og blir vist til som Your Party. På ein konferanse skal vanlege britar få delta i å forme det nye partiprogrammet.
I utsegna dei har publisert torsdag ettermiddag, står desse hjartesakene:
- Høgare skatt for dei rikaste i samfunnet
- Slutt på privatisering av helsetenester, energinettet, vassverk, jernbane og posttenester
- Eit betre butilbod for dei som ikkje har råd til å leige eller kjøpe ein bustad
- Meir motstand mot gigantselskap i oljebransjen
Tidlegare Labour-medlem Zarah Sultana har mange tilhengarar blant dei unge på venstresida i Storbritannia.
Foto: BENJAMIN CREMEL / AFP / NTBSist men ikkje minst set det komande partiet fokus på krigen i Gaza.
– Millionar av menneske er forskrekka over regjeringa si medskuld i brotsverk mot menneskeslekta. No meir enn nokosinne må vi forsvare retten til å demonstrere mot folkemord, skriv leiarane.
– Difor kjem vi til å fortsette å krevje ein slutt på alle våpensal til Israel, og den einaste vegen til fred: eit fritt og uavhengig Palestina.
I dag er både Corbyn og Sultana uavhengige medlemmer i den britiske nasjonalforsamlinga.
Jeremy Corbyn er ein sterk motstandar av våpensal til Israel. Dette blir også sentralt i det nye partiprogrammet hans, ifølge annonseringa.
Foto: Isabel Infantes / Reuters / NTBMeiningsmåling: Kan bli størst blant unge
Den britiske tankesmia More In Common gjennomførte ei meiningsmåling tidlegare i sommar, om kor mykje støtte eit parti til venstre for Labour ville fått i Storbritannia.
Dette gjaldt særskilt eit parti der Jeremy Corbyn var leiar.
Resultatet viste at det kunne trekke til seg så mykje som 10 prosent av britiske stemmer, nokre av dei frå Labour, men aller flest frå småparti som miljøpartiet Dei grøne.
Meiningsmålinga viser at partiet ville blitt landets største blant 18 til 24-åringar, som gav det 32 prosent av stemmene sine.
I 2029 kan britiske 16-åringar stemme på kven dei vil ha som sin nye statsminister.
Foto: Dylan Martinez / Reuters / NTBDenne veka blei det kjent at Storbritannia senkar aldersgrensa for førstegongsveljarar til 16 år – 1,6 millionar nye potensielle deltakarar i veljarbasen.
Det betyr at mange av partia har fokusert særleg på tenåringar inn mot det neste valet, som populistpartiet Reform UK.
– Vi skal gi Labour-regjeringa sitt livs største sjokk. Vi skal få 16- og 17-åringar til å stemme på oss, sa leiar Nigel Farage til Reuters etter at det blei kjent.
– Eit radikalt venstreparti
Erik Mustad er ekspert på Storbritannia førstelektor ved Universitetet i Agder.
Han synest det blir spennande å sjå om Corbyn sitt parti blir ein motpart på venstresida til Reform UK.
– Jeremy Corbyn og Zarah Sultana har ganske store grupper av følgarar på venstresida, og dette er eit parti som kjem til å legge seg til venstre for Labour, seier han til NRK.
– Dette er eit radikalt venstreparti som blir assosiert med mange av synspunkta til unge, radikale veljarar. Så det kan godt vere at det er eit tomrom der.
Det har størst potensial blant veljarane som elles ikkje hadde stemt, eller hadde stemt på Labour, meiner Mustad.
Erik Mustad er nysgjerrig på om
Foto: NRK Sorlandet / NRKHan trur også at fokuset på Palestina kan bidra til å trekke veljarar, og særleg dei unge.
– Det er ein del grupperingar rundt om, spesielt i England, der vi ser ein aukande motstand mot Israels krigføring og det som Corbyn kallar eit folkemord i Gaza.
Men ingenting er klart før partiprogrammet er bestemt, held han fram.
– Det er heilt i startgropa dette, så vi får følge med og sjå kva som skjer.
Interessert i meir stoff frå Utanriksredaksjonen? Høyr vår siste podkast:
Publisert 24.07.2025, kl. 16.51