Israel annonserer dag to av angrep mot Vest­breidda

1 month ago 16



Medan krigen på Gazastripa held fram med full styrke, har Israel annonsert dag to av det dei sjølv kallar ein «antiterror-operasjon» mot sentrale medlemmar av Hamas sin fløy på Vestbreidda.

FN har fordømt angrepa.

Ved morgongry raida israelske styrkar flyktningleieren Tulkarm, ein del av det okkuperte området der palestinarar bur. Der tok dei livet av fem personar dei hevdar er mililtante terroristar.

Dei fem gøymde seg inne i ein moské.

Det skriv den israelske hæren (IDF) sjølv på Telegram.

Meldinga kjem eit døgn etter at minst ni menneske blei drepne i byane Jenin, Tubas og Tulkarm på Vestbreidda.

Eit nytt ledd av krigen

Lanseringa av det IDF kallar ein militær operasjon på Vestbreidda kjem elleve månadar uti krigen mellom Israel og Hamas på Gazastripa.

Målet skal vere å forhindre terror frå Hamas og andre islamistiske militante grupper på Vestbreidda, skriv IDF.

Sidan krigen braut ut i Gaza i oktober 2023, har Israel regelmessig angripe mål i Tulkarm, særleg i dei permanente flyktningleirane Tulkarm og Nur Shams

PAlestinske flyktningar må reise frå Nur Shams.

Palestinarar som må forlate flyktningleiren Nur Shams onsdag.

Foto: JAAFAR ASHTIYEH / AFP

Gaza og Vestbreidda er dei to områda der palestinske arabarar bur, sjølv om Vestbreidda blir okkupert av Israel i det ICJ har slått fast er i strid med folkeretten.

Abdel Karim Delbah, ein palestinsk frilandsjournalist som NRK har vore i kontakt med, sa onsdag at dette er ein av dei største invasjonane i Tulkarm.

Grytidleg torsdag morgon skal spesialstyrkar skal ha infiltrert området medan skarpskyttarar posisjonerte seg på toppen av bygningar i nærleiken, skriv Al Jazeera.

Dei israelske styrkane skal også ha tatt kontroll over to sjukehus, Thabet Thabet og al-Israa.

Minst 22 er skadde og 20 er arresterte på Vestbreidda sidan onsdag, skriv Al Jazeera.

Publisert 29.08.2024, kl. 09.05

Read Entire Article