Ingrid vil bli bonde: – Uføreseieleg politikk er ei stor utfordring

5 days ago 11



– Det er veldig viktig for meg at me har matproduksjon i heile landet og det vil eg vere med på å bidra til.

Det seier 25 år gamle Ingrid Værdal. Ho har to bachelorgrader, eit fagbrev og snart ei mastergrad innan landbruk og vil jobbe som bonde.

– Eg har lyst til å bli bonde fordi eg vil vere med på å produsere mat på dei norske premissane for matproduksjon.

Men det meiner 25-åringen betyr ei usikker framtid.

– Det er alt for kortsiktig kva ordningar og regelverk som kjem til å gjelde i framtida, forklarar 25-åringen.

Difor vil ho utfordre politikarane på nettopp dette, direkte på NRK1 i kveld.

Betyr å ta opp milliongjeld

Det er ikkje berre Ingrid Værdal i Trøndelag som vil bli bonde og bidra til norsk matberedskap.

Det vil også 25 år gamle Josefine Bakke.

– Eg har både lyst, kompetanse og arbeidsvilje, men eg må vite at nokon trur på meg og at dette er økonomisk berekraftig. Ikkje berre i dag, men også om 10, 20 og 30 år.

Ung bonde er inne hos grisene sine

Josefine Bakke trivst som grisebonde.

Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRK

Ho er i ferd med å ta over familiegarden heime i Halden. På garden driv dei med korn og gris.

Førebels har ho tatt over svineproduksjonen.

Den dagen ho tar over heile garden betyr det også å ta opp ei milliongjeld.

Josefine meiner tryggleik blir viktig for at enno fleire skal velje bondeyrket.

– Det kostar å ta over eller kjøpe ein gard. Då treng me trygge, økonomiske rammer. Me kan ikkje gå rundt og vere redde for eit regjeringsskifte som plutseleg endrar rammevilkåra våre. Milliongjelda me sit med, forsvinn ikkje over natta.

Meiner norsk matberedskap er trua

I 2024 var det om lag 36.790 aktive gardsbruk her i Noreg. Men det blir stadig færre, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dei meiner at heile verdikjeda frå jord til bord slit.

– Medlemsbedriftene våre, som er mesteparten av norsk matindustri, fortel at det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier Petter Haas Brubakk, administrerande direktør i NHO Mat og Drikke.

Trass i at delen bønder under 40 år skal ha auka dei siste åra, slit yrket med rekrutteringa ifølge NHO.

Han kallar det eit generasjonsskifte. Varsellampane har allereie lyst ei stund.

Han meiner det viktigaste politikarane kan gjere nå er å skape tryggleik i ei usikker verd.

– Å skape stabilitet her heime er kanskje noko av det viktigaste politikarane våre kan gjere når dei urformer rammevilkåra. Utan investeringar vil industri og jordbruk forvitre. Det igjen vil true matberedskapen vår.

– Me klarer ikkje å snu trenden

Sjølv har Værdal vore med på gardsdrift heime heilt sidan ho var liten.

– Det har lært meg mykje om dyrehald, ansvar, meistring og ikkje minst gleda av å jobbe med dyr.

Ho er likevel redd for at stadig fleire unge vel bort ei framtid som bonde.

Eg er jo bekymra for rekrutteringa. Eg er jo ung og vil inn i næringa og kjenner mange i same situasjon.

25-åringen fryktar fleire nedleggingar dersom politikarane ikkje legg betre til rette for den norske bonden.

– Då kjem me til å sjå at store anlegg som allereie er godt i gang, bli nedlagde. Me klarar ikkje å snu den trenden, seier ho.

– Uføreseieleg politikk er ei stor utfordring

Den komande gardbrukaren peiker på fleire faktorar som gjer det utfordrande å drive gard i Noreg i framtida.

– Det er jo blant anna mange krav som kjem i framtida, både til mjølkeproduksjon og dyrehald.

I tillegg peiker ho på klimaendringar, kostnadsauke og rekruttering som utfordringar i næringa.

– Og uføreseieleg politikk er ei stor utfordring, legg ho til.

Ingrid (25) vil bli bonde. Korleis vil politikarane sikre henne den framtida? Nils Kristen Sandtrøen (Ap) svarer.

Difor vil ho at politikarane skal sikre at unge som vil drive gard har ein reell kjangs til å lukkast i framtida, uansett kvar i Noreg ein bur.

Det skulle ha vore gode støtteordningar som er med og hjelper til i dei omleggingsprosessane som kjem.

Josefine Bakke i Halden har tru på framtida som bonde, trass i økonomisk press og usikkerheit. Ho håpar og trur at politikarane no skjønar alvoret.

– Mat er livsviktig. Me treng det no og i framtida. Så eigentleg burde ein ta godt vare på bøndene.

Fleire unge skal utfordre politikarane

I tillegg til Ingrid Værdal, skal fleire unge veljarar utfordre politikarane på saker dei er opptatte av.

På Byscenen i Trondheim skal listetoppane frå Trøndelag møtast til debatt om unge si framtid.

Tema som vil bli tatt opp er mellom anna kollektivtransport, legalisering av cannabis og EU-medlemskap.

Følg sendinga direkte frå klokka 21:15:

Kva er unge veljarar opptekne av – og kva løysingar kan politikarane ha på utfordringane? NRK og Adresseavisen inviterer til spørsmål og svar frå Byscenen i Trondheim.

Publisert 03.09.2025, kl. 20.26

Read Entire Article