Hovudfartsåre stengt i minst ni timar: – Fare for at bilar blæs av vegen

1 month ago 38



E6 over Saltfjellet er inne i sin fjerde time som stengt.

Klokka 15:37 i ettermiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom ein buss og to vogntog.

Bussen og det eine vogntoget var på tur sørover, mens det andre vogntoget kom i motgåande retning, opplyste operasjonsleiar i Nordland politidistrikt, Ina Kristin Selfors.

Køyretøya hadde låg fart, men blåste i kvarandre på grunn av glatt veg og mykje vind, noko som gjorde at dei blei kilt fast i kvarandre.

Ingen personar blei skadde og det var berre førarar i køyretøya. Like etterpå stengde Vegtrafikksentralen E6 over Saltfjellet då det ikkje var mogleg for køyretøy å passere.

Vogntog og buss blåste inn i hverandre på Saltfjellet

Ulykka i ettermiddag skjedde like sør for Polarsirkelsenteret.

Foto: Nordland politidistrikt

Vegen er framleis stengd, og kan i verste tilfelle vere stengt gjennom natta, seier Fredrik Nyland, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Ei ny vurdering blir gjort ved midnatt.

– Det er ekstremt krevjande forhold på fjellet. Så fram til det blir ei løysing på det, så blir det stengt.

Fare for at bilar blæs av vegen

– No har det vore stengt i fire timar, så køen er nok ganske lang på begge sider, seier Nyland.

Ut frå informasjonen som brøytemannskapet har gitt, er problemet ikkje i utgangspunktet at det er dårleg vêr.

Men kombinasjonen av glatte vegar og mykje vind er ikkje enkel å handtere. Det blir gjort ei ny vurdering om å opne vegen eller ikkje ved midnatt.

– Blir det opna i løpet av natta, eller kan det potensielt bli i morgon tidleg?

– Ja, potensielt så kan det nok det. Problemet er at det er så glatt, og så får dei ikkje strøsand til å sitte ordentleg på vegen. Den blæs vekk eller frys over. Med den vinden som er no, så er det fare for at bilar blæs rett av vegen, seier Nylund.

Dei skal ha brukt over eitt tonn med sand på fjellovergangen.

Han legg til at det er god varsling på begge sider for dei som kjem køyrande oppover.

– Dei må dessverre berre smørje seg med tolmod. Og om det er noko dei lurer på så må dei berre sjekke nettsidene våre eller ringe oss.

Av tilgjengelege omkøyringar er ferjene ved kysten og via Sverige.

Publisert 16.01.2025, kl. 21.39

Read Entire Article