Høgt spel om Pantelotteriet

1 month ago 29



Sidan 2008 har vi nordmenn satsa på milliongevinst når vi pantar tomflasker og boksar.

Berre i fjor sørga det for 126 millionar kroner i inntekt for Røde Kors sitt lokale arbeid. I år aukar summen truleg til nær 150 millionar.

I dag er det berre Norges Røde Kors som driv med pantelodd.

I 2025 skal konsesjonane for dei nasjonale lotteria delast ut på nytt – med ei fysisk loddtrekning i Kulturdepartementet.

Det står nemleg svart på kvitt i den nye forskrifta for pengespel som blei innført i 2023.

Røde Kors fryktar at dei kan kome til å miste viktige inntekter om regjeringa tviheld på at loddtrekning skal avgjere.

– Dette er midlar som går direkte til all den aktiviteten som Røde Kors driv over heile landet.

Det seier Øistein Mjærum. Han er kommunikasjonsdirektør i Norges Røde Kors.

Øistein Mjærum, Røde kors

Øistein Mjærum vil svært gjerne at Røde Kors får halde fram med Pantelotteriet.

Foto: Olav A. Saltbones / Norges Røde Kors

Drifta av Thon

– Vi håpar jo at norske myndigheiter tar nokre grep nå, slik at vi unngår ei ny loddtrekking av kven som skal få desse lisensane når dei går ut i 2025.

Han syner til at det er eit ønske frå både Stortinget og Regjeringa om færrast mogleg spel som kan gjere at folk utviklar spelproblem.

– Vi meiner at det er ingen lotteri som klarer å matche Pantelotteriet på det. Du legg jo ikkje ein gang pengar i det, men flasker og boksar, seier Mjærum.

Pantelotteriet er i dag drive som eit eige selskap der Olav Thon-gruppa står for den daglege drifta av lotteriet gjennom eit eige aksjeselskap.

Ein tredel av inntektene går til Røde Kors, ein tredel til gevinstar og ein tredel til drift.

Då konsesjonane for dei nasjonale lotteria blei delt ut første gongen, blei det også brukt loddtrekning.

Av dei som fekk konsesjon den gongen er det berre Pantelotteriet og Postkodelotteriet igjen.

Mykje pengar

– Utviklinga har vore formidabel. Vi har så langt spelt inn 850 millionar til Røde Kors i dei 16 åra vi har vore i drift, seier dagleg leiar i Norsk Pantelotteri AS, Gaute Langdal.

Han meiner også at det vil vere heilt urimeleg om Røde Kors må stole på flaksen i ei loddtrekning for å få halde fram med pantelotteri etter 2025.

Langdal forstår at det må vere ei form for vurdering for kven som skal ha det verdifulle løyvet, men han meiner at det er Røde Kors som bør få halde fram.

Langdal syner mellom anna til at hjelpeapparatet for spelavhengigheit aldri har hatt saker knytt til loddkjøp med pant.

– Eg kan ikkje stikke under ein stol at eg føler at det finst betre verktøy enn loddtrekking når det gjeld kva spel som er best eigna, seier Langdal.

Statssekretær i Kulturdepartementet, Erlend Hanstveit, vil ikkje love noko. Han syner til at prinsippet om loddtrekning står i regelverket som blei innført i 2023.

– Vi har fått innspela frå Røde Kors om å gjera endringar i dette, og dei vil vi sjølvsagt vurdere.

Statssekretær Erlend Hanstveit (Ap)

Statssekretær Erlend Hanstveit (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Store mengder lodd

Ei anna utfordring for Pantelotteriet er at omsetninga i år er langt høgare enn den øvre grensa på 360 millionar kroner.

Lotteriet ligg an til å få inn om lag 410 millionar – altså 820 millionar lodd kjøpt av nordmenn på pantetur. Kvart lodd kostar 50 øre.

No satsar dei på at regjeringa vil utvide ramma for spelet, noko Kulturdepartementet no vurderer.

– Vi jobbar no med eit forslag om å auka omsetningsgrensa, og dette skal etter kvart sendast på høyring, seier statssekretær Erlend Hanstveit (Ap).

Gaute Langdal, Pantelotteriet

Gaute Langdal i Norsk Pantelotteri AS.

Foto: Katrine Lunke / pantelotteriet.no

– Gjort ein god jobb

Som tidlegare venstreback og midtstoppar på Brann er han vant med at ting står på spel. Han rosar Røde Kors for det dei har fått til med Pantelotteriet.

– Det ser ut til at Røde Kors har gjort ein god jobb. For oss er det viktigaste å førebygge og avgrense speleproblem.

Det er i dag Lotteritilsynet med hovudkontor i Førde som har ansvaret for å følgje med på den norske spelbransjen, inkludert Pantelotteriet.

Men det er Kulturdepartementet som til slutt avgjer korleis det blir med pantelotteri frå 2026.

Også andre organisasjonar som til dømes Blindeforbundet, Norsk Folkehjelp og andre som er godkjende for å drive pengespel, kan då melde seg på.

– Vi må uansett håpe at den neste konsesjonen ikkje blir basert på ei loddtrekking, seier pantelotteri-sjef Gaute Langdal.

Har du speleproblem? Her kan du få hjelp og nokon å snakke med.

Publisert 27.08.2024, kl. 09.30

Read Entire Article