Dei tiltalte lo og gav kvarandre «low-fives» i retten. No er dei dømde til fengsel.
![Politiet Politiet](https://www.cdn.tv2.no/images/17429594.webp?imageId=17429594&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=978&height=714)
I januar møtte tre menn i alderen 19 til 24 år i Sogn og Fjordane tingrett. Der stod dei tiltalte for å ha gruppevaldteke ei tenåringsjente på ein ungdomsfest i fjor.
Alle tre nekta straffskuld for grov valdtekt. Dei meinte den seksuelle omgangen var frivillig.
– Eg anar ikkje korleis eg hamna i bilen deira. Det neste eg hugsar er at eg var ute ved nokre rundballar. Både buksa og trusa mi var av, fortalde den no 18 år gamle kvinna i retten.
Påtalemakta meinte kvinna vart køyrd vekk frå ein ungdomsfest og deretter valdteken ute på eit jorde i ei bygd i Nordfjord i Vestland fylke. Det skal også ha skjedd overgrep ved ein verkstad.
– Ho var ute av stand til å motsette seg handlingane, fordi ho var sterkt rusa, las statsadvokat Magne Kvamme Sylta frå tiltalen.
Dømd
Tysdag 11.februar er dommen frå Sogn og Fjordane tingrett klar. Dei tre mennene blir dømde slik:
Mann (24): Seks år og 6 månadar fengsel
Mann (21): Seks år og 10 månadar fengsel
Mann (19): Fem år og åtte månadar fengsel.
Alle tre er også dømde til å betale oppreisningserstatning på 300.000 kvar til fornærma.
Dømd for gruppevaldtekt
21-åringen får den strengaste straffa fordi tingretten meiner han utøva det mest krenkande overgrepet mot den unge kvinna.
Han skal mellom anna ha tatt albogen sin rundt halsen hennar under overgrepet.
– Retten oppfattar dette å vere ein type
maktbruk som både er psykisk krenkande, fysisk vond og potensielt farleg, skriv dommarane.
![](https://www.cdn.tv2.no/images/17378654.webp?imageId=17378654&x=0.00&y=9.72&cropw=100.00&croph=71.67&heightx=0.00&heighty=0.00&heightw=0.00&heighth=0.00&width=978&height=411)
Tiltalt for valdtekt av tenåringsjente etter tur: – Eg vart kvelt
Tingretten legg til grunn at det var 24-åringen som først tok henne ut av bilen og ut på jordet for å valdta henne. Deretter kom dei to siste og utførte sine overgrep i fellesskap.
To vitner som også var med i bilen har skildra det dei såg som «heilt grusomt».
– Men dei tre var større og eldre
enn vitna og dei kjende seg ute av stand til å hjelpe henne, skriv tingrettsdommarane.
Dei tiltalte og den fornærma jenta er ikkje frå same bygd i Nordfjord. Dei tre tiltalte har alle innvandrarbakgrunn. To av dei hadde tolk i tingretten.
Det er førebels ikkje kjent korleis dei stiller seg til dommen, som ikkje er rettskraftig.
På film
Fleire deler av kvelden vart dokumentert med Snapchat-filmar av ulike vitne. Også den seksuelle omgangen.
Ifølge NRK synte éin video ein av dei tiltalte ha sex med jenta ved rundballane ute på jordet. Den tiltalte heldt jenta med armane sine.
Ifølge tingrettsdommen er det den 19 år gamle dømde mannen som tok dette opptaket. Dei ser på det som straffeskjerpande.
Sjølv fortalde ho i retten at ho fekk ein arm rundt halsen, at det var vanskeleg å puste og at nokon tok ei hand på hovudet hennar og «pressa det nedover».
Reagerte
Rettssaka i Førde vekte oppsikt.
Då kvinna skulle forklare seg på første rettsdag, vart dei tiltalte plasserte på eit anna møterom i tingretten. Der følgde dei med på hennar forklaring på videolink. TV 2 følgde rettssaka via det same digitale rettsmøtet.
På eit tidspunkt braut to av dei ut i latter, då jenta måtte ta ein pause frå den mest sensitive delen av forklaringa si.
Seinare, då ho ikkje hugsa kva namn ho hadde meld til politiet, gav dei same to kvarandre ein «low five» og ein «fist bump».
Til TV 2 sa forsvararane at dei tiltalte ikkje var klar over at dei var på kamera inne på møterommet.