Midt på natta, natt til laurdag 9. november, listar ein person seg bort til ein bil som står parkert rett ved eit hus.
Så tenner vedkommande på bilen og spring vekk.
– Me ser alvorleg på saka. Bilen stod nært plassert ein bustad, seier avsnittsleiar Frithjof Pedersen ved Nærøysund politistasjon i Trøndelag politidistrikt.
Ingen personar kom til skade i bilbrannen.
– Me har gjennomført fleire avhøyr og gjort kriminaltekniske undersøkingar, legg Pedersen til.
Politiet ønsker å komme i kontakt med folk som har sett nokon i Rørvik sentrum frå klokka 03.30 til 05.00 natt til laurdag 9. november.
For å kome i kontakt med politiet kan tipsarar ringe 73 48 94 00 eller via nettsida tips.politiet.no/trondelag.