Her blir portørane brukt til andre oppgåver

1 month ago 31



– Dette er ein av fleire avlastande oppgåver me utfører, seier Ann Kristin Kvale.

Ho er portør på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Portørar på sjukehus speler ei viktig rolle i å sikre at pasientane kjem seg trygt frå ein stad til eit annan, for eksempel frå røntgenavdelinga til operasjonssalen.

Men på Kvales avdeling blir portørane brukte til mykje anna.

For eksempel blodprøver, stell og organisering. Dei fungerer som ei avlasting for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

– Å kunne vere ei avlasting på denne avdelinga er noko av det stoltaste eg gjer, seier Kvale.

Portører

Kvale har ein meir variert arbeidskvardag med fleire viktige oppgåver.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Dette er ikkje vanleg. Truleg berre på SUS og Akershus Universitetssjukehus (Ahus) blir brukt portørane på denne måten, men Norsk Sykepleierforbund meiner dette kan vere framtida:

Får ein det til på ein trygg måte, kan dette vere framtida for sjukehusa, seier Lill Sverresdatter Larsen, leiar i Norsk Sykepleierforbund.

Men det avheng av ein viktig føresetnad.

Etterlyst i lang tid

Larsen understrekar at kompetansen må vere på plass for at dette skal fungere forsvarleg, om ikkje kan det få store konsekvensar:

– Dersom kompetansen til helsepersonellet som får nye oppgåver er utilstrekkeleg, er sannsynet for at uheldige hendingar oppstår stor. Det kan gi fare for pasientars liv, helse eller livskvalitet, og for personalets arbeidssituasjon.

Lill Sverresdatter Larsen, leder i Norsk Sykepleierforbund

Leiar for Norsk Sykepleierforbund ønskjer ei ansvars- og oppgåvedeling velkommen så lenge det blir gjort ut frå ei tydeleg sjukepleiarfagleg leiing.

Foto: CF-Wesenberg / kolonihaven

Gunn-Elin Rossland er føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet på SUS. Ho seier det ekstra arbeidet portørane gjer, er noko forbundet har etterlyst lenge.

– Det er fint så lenge ein gjer oppgåver som ein er kvalifiserte og har kompetanse til. Det at portørane gjer ein kjempebra innsats her er veldig bra, seier ho.

Også Larsen legg til at Norsk Sykepleierforbund lenge har peika på viktigheita av at sykepleiarar i større grad bruker arbeidstida på det de har kompetanse til.

Gunn-Elin Rossland

Gunn-Elin Rossland fortel fleire avdelingar på SUS skal starte med portør på sengepost.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Merkar endringane

Prosjektet på Stavanger universitetssjukehus, som har vart i to år, seier Rossland har vore så vellykka at fleire avdelingar på sjukehuset skal starte med portør på sengepost.

– Dette er ei form for effektivisering sjukehuset får til innanfor det budsjettet dei har, seier Rossland.

På infeksjonsavdelinga på sjukehuset merkar dei endringane.

– Når det er portør på jobb så går skuldrene meir ned. Når portørane ikkje er der så spør dei tilsette etter portøren, seier sjukepleiar Kari Jakobsen Husa.

Sykepleier Kari Jakobsen Husa

Kari Jakobsen Husa senkar skuldrene når det er portør på jobb.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Oppgåvegliding

– Det er eit tiltak som står på planen for oss òg, seier kommunikasjonssjef Hilde Pettersen Kvalvik ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) om å la portørane utføre fleire oppgåver.

Det er noko dei vil sjå nærmare på når dei skal i gang med eit stort omstillingsprosjekt etter sommarferien.

Å bruke portørane til avlasting vil bli ein del av oppgåveglidinga dei skal sette fokus på:

– Det betyr at det glir oppgåver frå ein yrkesgruppe til ei anna. Nå tar til dømes fysioterapeutar ein del av oppgåvene til ortopedane, seier Kvalvik.

Universitetssykehuset Nord-Norge, UNN

UNN er positive til bruken av portørar i andre oppgåver.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Ho er positiv til oppgåvedelinga då dette kan bedra pasienttilbodet.

– Dette er ein god ide fordi me har ein del yrkesgrupper som me har problem med å rekruttera til, spesielt sjukepleiar. Så då kan me betre pasienttilbodet ved å bruka arbeidskrafta vår klokt, seier ho.

Hilde Pettersen Kvalvik

Hilde Pettersen Kvalvik, kommunikasjonssjef ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Foto: Erik Waagbø / NRK

UNN vil ta inspirasjon frå SUS og Ahus og lære av dei.

Også Oslo universitetssjukehus fortel dei ser nærmare på oppgåve- og ressursdeling innanfor dette feltet, men ikkje er heilt i mål enda.

Håpar fleire sjukehus følger etter

Monica Hetlelid jobbar som yrkesfagleiar i Helse- og oppvekstfag på sjukehuset i Stavanger.

Ho håpar dette er framtida for fleire sjukehus.

– Det betyr mykje for dei på sengepost å få avlasting. At portørane kan vere med på å avlaste slik at dei får betre tid til pasientane er kjempeflott, seier ho.

Portøryrket seier ho er ein flott jobb, men det er ingenting i vegen for å legge til litt fleire arbeidsoppgåver.

– Alle ser at portøryrket kan brukast på ein annan måte, seier Hetlelid.

Monica Hetlelid

Monica Hetlelid er svært takksam for avlastinga portørane kan gje på avdelinga.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Publisert 15.08.2024, kl. 05.19

Read Entire Article