Skulle Graabak gløyme eller miste startnummeret før ei øving i ski-VM i Trondheim neste år, vil han likevel kunne konkurrere om gullet.
Det bekreftar renndirektør Lasse Ottesen i FIS til NRK.
– Vi fekk eit forslag frå Jørgen som vi har tatt med oss inn i systemet vårt og diskutert, seier Ottesen.
Uheldige får bot
Den nye regelen sørger for at det er reservenummer tilgjengeleg ved start for eventuelle rotekoppar.
– Eg avslørte eit hol i systemet, seier Graabak.
Dersom ein må nytte seg av reservenummer, får ein ei bot på 500 sveitserfranc, men utøvaren unngår altså å bli diska.
– Det vil vere veldig synd om du mistar ein attraksjon på ein sånn filleting. Samtidig som det er ein openberr enkel måte å sabotere for nokon. Viss du berre får tak i startnummeret, så er dei ute, seier Graabak.
Sendar åtvaring til utøvarane
Under prøve-VM i Trondheim enda Graabak med å få hoppet sitt underkjent fordi han ikkje hadde sitt eige startnummer på brystet.
– Vi ønsker ikkje å diske nokon fordi dei har gløymt nummeret, at det har blitt øydelagt eller ligg i ein bag, seier Ottesen.
At ein må punge ut fleire tusen kroner for eit startnummer i ein naudssituasjon, er eit bevisst grep.
– Prislappen er høgare enn eit sånt nummer kostar. Det er litt for at utøvarane ikkje skal tenke «då kan eg berre bruke eit reservenummer på toppen».
Graabaks forslag blei sendt på høyring til alle nasjonane før det blei godkjent.
Kreativ «jukseløysing»
Da Graabak i mars innsåg at han ikkje fann startnummeret før hoppkonkurransen i Trondheim, prøvde han å låne trøya til konkurrenten Vinzenz Geiger.
Trønderen prøvde å skjule det «tjuvlånte» nummeret for TV-kameraa i håp om at ingen skulle oppdage manøveren.
– Kanskje eg er litt for løysingsorientert og ikkje burde ha hoppa. Det kan godt hende eg burde vore vaksen nok til det, sa Graabak etter hoppet.
Frå ris til ros
Renndirektør Ottesen tok stuntet med eit smil, men rennleiaren meinte det var forsøk på manipulasjon og juks, noko Graabak var ueinig i.
– Eg føler at viss det skal vere under definisjonen juks, så må du få ein fordel av det i boka mi. Eg får openbert ikkje nokon fordel av det. Eg veit ikkje kva manipulasjon er ifølge Lasse, men eg manipulerer ingenting heller, svarte Graabak.
No får OL-helten ros for at han nådde gjennom med ei regelendring.
– Det handlar om at han ikkje berre kjem med klagar på at ting ikkje fungerer, men han seier korleis ein kan forbetre reglane. Det er ei veldig viktig og kreativ tilbakemelding som vi set pris på, seier Ottesen.
Sportssjefen: – Fantastisk
Sportssjef Ivar Stuan seier det er «heilt meiningslaust» at ein tidlegare blei diskvalifisert dersom startnummeret ikkje var i orden, men synest den nye løysinga er veldig god.
– Det er eit fantastisk eksempel på korleis det skal gjerast. Både frå Jørgen som stod på barrikadane og «fighta» for å få det til, men også FIS som er audmjuke nok til å erkjenne at det var smart å endre på det.
PS! Kombinertutøvarane har nasjonal opning på Beitostølen 23. november. Kvinnene ser du på NRK 1 eller NRK TV frå klokka 14.00, medan herrane er frå klokka 14.30.
Publisert 28.11.2024, kl. 05.32