Krigen mellom Israel og Hamas:
Døde kroppar ligg i gatene, vegar er øydelagde og det er teikn til sult, ifølge sjefen for naudetatane i Nord-Gaza.
Publisert 17.10.2024 13:52
– Du ser teikn til sult hos folk nord i Gaza, seier Fares Afana, som er leiar for naudetatane i Nord-Gaza til CNN.
Afana fortel til mediehuset at han og kollegaane tar imot palestinarar som har blitt drepne. Nokre av lika har blitt ete på av hundar.
– Laushundar som er svoltne et lik på gata. Det gjer det vanskeleg for oss å identifisere lika, seier Afana.
Fryktar matmangel
Området som Afana snakkar om, Jabalia, ligg nord i Gaza. Området har i snart to veker blitt angripe av Israel.
Mellom anna blei det måndag denne veka meldt om at minst ti personar blei drepne medan dei sto i matkø.
Torsdag kom det meldingar om at minst nitten personar er drepne på ein skule for fordrivne palestinarar. Det opplyser lokalt helsepersonell til Reuters. Fleire titals personar blei skadde.
Over 50.000 personar har blitt fordrive frå Jabalia-området dei siste to vekene, melde FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) søndag. Om lag 400.000 personar er igjen i området.
FN-tilsette og palestinarar har uttrykt bekymring for mangel på mat og medisinar i området, ifølge Reuters.
Har fått åtvaring
Tidlegare i veka blei det kjent at amerikanske styresmakter har varsla Israel om at våpenleveransar til landet kan bli stansa viss ikkje forholda i Gaza blir betre.
Utanriksminister Antony Blinken og forsvarsminister Lloyd Austin stod bak brevet, som blei sendt til dei israelske ministrane Yoav Gallant og Ron Dermer.
– Vi håpar Israel set i verk endringane vi har bede om i brevet, og vi meiner at 30 dagar er nok tid til å løyse problema, seier amerikansk UD i ei utsegn.
Utanrikssjef Josep Borrell i EU meiner 30 dagar er for lang tid, sa han på ein pressekonferanse i Brussel torsdag.
– USA har sagt til Israel at dei må forbetre den humanitære støtta til Gaza, men dei gav ein månads utsetting. Ein månads utsetting samtidig som menneske blir drepne i det noverande tempoet. Det er for mange menneske, sa Borrell.