Helsepersonell: Gi samtykke til GPS-sporing mens du framleis er frisk

1 month ago 23



– For oss pårørande har det vore ein tryggleik, seier Trond Dvergsdal.

For han og familien var GPS-sporing eit naturleg val. Då far hans fekk demens, blei dei klare over høvet for sporing på eit demenskurs med kommunen.

Trond Dvergsdal

For Trond Dvergsdal og familien var GPS-sporing eit naturleg val.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

GPS-sporing gjer at helsepersonell kan finne igjen personar med demens dersom dei går seg bort eller forsvinn.

Berre den siste månaden har 19 personar med demens blitt meldt sakna av politiet, som NRK er kjent med.

To av dei er antatt omkomne.

GPS eller annan teknologi kan nyttast i samarbeid med dei som sjølve kan gi samtykke til det.

Difor meiner Heidi Husetuft, einingsleiar ved Skei heimeteneste i Sunnfjord, at det er viktig at folk tar stilling til om dei ønsker ei slik sporing før dei blir demente.

Dette kan ein skrive i ei framtidsfullmakt.

Heidi Husetuft, einingsleiar Skei heimeteneste

Heidi Husetuft, einingsleiar ved Skei heimeteneste, meiner det er viktig at folk tar stilling til dei ønsker ei slik sporing før dei blir demente. 

Foto: Andrine Gald Myklebust

– Gjennom ei framtidsfullmakt veit vi om pasienten ville ha ønskt GPS-sporing, sjølv om han ikkje gir uttrykk for det når han blir sjuk.

Lovendring i 2013

Tone Paulsson Torgersen, fagsjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen, seier at ei slik fullmakt er klokt. Den er likevel ikkje avgjerande for GPS-sporing.

Ei lovendring i 2013 opnar for at helsepersonell kan fatte avgjerda utan samtykke frå den sjuke sjølv eller næraste pårørande.

– Om ein ikkje er i stand til å gi samtykke sjølv, men helsepersonell vurderer det som viktig for din tryggleik å bruke GPS-sporing, så kan helsepersonell bestemme det utan samtykke frå den sjuke sjølv eller nærmaste pårørande, seier Torgersen.

– Fleire må nytte GPS-sporing

Det er om lag 101.000 personar med diagnosen i dag, og innan 2050 vil talet auke til 238.000.

No meiner Helse- og omsorgsdepartementet at kommunane må nytte meir GPS-sporing.

gps vert nytta for å passe på pasientar med demens dersom dei kjem vekk

Sunnfjord kommune satsar på GPS-sporing.

Foto: Andrine Gald Myklebust

I dag er det berre 4,7 prosent av dei med diagnosen demens som har GPS-sporing.

– Vi meiner for få kommunar nyttar seg av moglegheita for GPS, og vi har prøvd å legge til rette så godt det er frå staten si side, seier statssekretær Ellen Rønning-Arnesen.

– I fjor la vi 150 millionar kroner på bordet gjennom ei helseteknologi-ordning slik at kommunane kan skaffe seg dei ulike løysningane, seier Rønning-Arnesen.

Så det er kommunane som ikkje tar i bruk tilboda frå dokker?

– Ja, det er dessverre sånn, og eg håpar fleire kommunar no tar GPS i bruk.

Ber regjeringa handle

Torgersen i Nasjonalforeningen for folkehelsen stiller større krav til regjeringa.

– Regjeringa håpar at kommunane gir GPS til menneska med demens. No held det ikkje å håpe, no må regjeringa handle, seier Torgersen.

Tone P. Torgersen

Foto: Nasjonalforeningen for folkehelsen / Nasjonalforeningen for folkehelsen

Ho ber Helseminister Vestre komme på bana.

– Vi etterlyser initiativ frå Vestre om GPS i kommunar, og då ønsker vi i Nasjonalforeningen for folkehelse å bli med rundt bordet. Vi ønsker rett og slett å sjå rett inn i auga til dei kommunane som droppar GPS, og med det set liv og helse i fare.

– Vi satsar på velferdsteknologi

Sunnfjord kommune er ein av dei som brukar mykje GPS-sporing, her er det om lag 400 med demens, og 23 av dei har GPS.

– GPS og velferdsteknologi er ein del av satsingsområdet vårt. Vi treng fleire hender, men har færre hender å gå på, seier Gry Aase Alnes, einingsleiar i Sunnfjord kommune.

gps vert nytta for å passe på pasientar med demens dersom dei kjem vekk

Sunnfjord kommune satsar på GPS-sporing.

Foto: Andrine Gald Myklebust

Sjølv om dei er fornøgd med GPS, er det ikkje alt som er optimalt.

GPS-klokka krev mykje straum, og då må pasienten sjølv lade ho opp, noko dei ofte ikkje er i stand til.

Derfor er dei avhengige av å ha pårørande eller helsepersonell som er der ofte nok til å lade ho opp igjen.

– Vi kjem til å bruke meir GPS framover. For dei rette brukarane så er det faktisk eit gode. Dei slepp å bli forstyrra, for det blir berre sendt ein beskjed når dei er utanfor eit område dei ikkje skal vere i, seier Alnes.

Publisert 17.10.2024, kl. 06.05

Read Entire Article