Heldigvis var ingen i avhøyr her

3 weeks ago 16



Skot mot politistasjon i Bergen:

Eitt av prosjektila bora seg inn i ein vegg inne på politistasjonen. – Han har gambla på at det ikkje var folk der.

 Politiet
STOR KRAFT: Eitt av skota mot politistasjonen i Bergen gjekk gjennom vindauga og inn i ein vegg på eit avhøyrsrom. Det var heldigvis tomt. Foto: Politiet

Publisert 28.10.2024 12:04

Ein 39 år gamal bergensar er i Hordaland tingrett dømd til tre års fengsel etter å ha fyrt av seks skot mot politistasjonen i Åsane i fjor.

Han er også dømd til å betala 30.000 kroner i oppreisning til ein politibetjent som var jobb på stasjonen same kveld, og dessutan 40.000 kroner i erstatning for skadeverk.

Det var Bergensavisen som omtala dommen først.

Rekna med politiet ville skyte han

Det var om morgonen den 7. desember i fjor at politiet i Åsane i Bergen kom på jobb til ein politistasjon full av kulehol

Under rettssaka erkjente mannen delvis straffskuld for skota som blei fyrt av kvelden før. Han rekna med det ville bli ein konfrontasjon, der politiet ville skyte og «likvidere» han ganske kjapt.

– Eg var langt nede og rekna med at eg ville bli skoten ganske kjapt. Eg er overraska over at det ikkje skjedde, men i dag er eg veldig glad for det. Eg angrar veldig, siterer BA han på frå forklaringa i retten.

– Det blir avklart i løpet av denne veka om vi ankar dommen eller ikkje, seier forsvarar Jørgen Riple til TV 2.

Trefte publikumsmottak og avhøyrsrom

Sidan videoovervakinga på politistasjonen ikkje fungerte, har retten lagt til grunnen mannens eigen forklaring om korleis han bevega seg rundt og framfor bygget på kvelden 6. desember.

Han såg inn gjennom vindauga og kunne ikkje sjå at det var folk på jobb. Dei første skota blei fyrt av rundt klokka 21.45. Så køyrde han heim og venta på ein konfrontasjon med politiet.

Den kom aldri. Difor returnerte han til politistasjonen og fyrte av fleire skot i 22.45-tida. Tekniske undersøkingar har avdekka kulehol i fem vindauge.

 Pål S. Schaathun / TV 2
UNDERSØKINGAR: Ein politihund fekk vera med i dei grundige sporundersøkingane utanfor politistasjonen. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Eitt prosjektil har trengt gjennom ein vegg, andre har rikosjettert i møter med vegg eller andre ting inne i bygningen. 

Bilete frå innsida av politistasjonen, som TV 2 har fått av politiet, viser korleis skota har treft avhøyrsrom og publikumsmottak.

– Han har fyrt av fem skarpe skot med stort skadepotensial, der personar som oppheldt seg i bygningen vart utsett for fare for liv og helse. Han har gambla på at det ikkje var personar inne i bygningen, summerer tingretten.

Politibetjent har slite

Dette var seint på kvelden og det var difor ikkje fleire enn tre personar på jobb i bygget.

Ein av dei sat og jobba på eit rom som låg bak det trefte avhøyrsrommet. Han fortalde retten at han høyrde tre drønn den kvelden. Med andre kollegaer same kveld blei det spøka bort med at han truleg hadde høyrt feil.

 Eva Frimanslund / TV 2
MOT POLITIET: Den dømde mannen håpa samme kveld at politiet ville aksjonere mot han og «likvidere» han etter skota han fyrte av. I dag er han glad for at det ikkje skjedde. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Dagslyset dagen etter avslørte kulehola. I ettertid har politibetjenten slite og vore sjukmeldt.

Han føler seg ikkje lenger trygg når han er på arbeid. Når han er i stasjonsbygningen, trekkjer han seg vekk frå vindauge og andre stader som er eksponert for innsyn.

Han har hatt vanskar med søvn og slite med hovudpine.

– Eg har vore med på farlege oppdrag. Men dette var noko nytt som spente beina under meg. På det kontoret eg sat den kvelden, går eg aldri meir inn, sa politibetjenten i retten, ifølge BA.

Read Entire Article