Heile landet slit med å fylle opp kinosalen: – Færre bra filmar, seier Oliver (15)

3 weeks ago 16



Folk går mindre på kino.

Pandemi, strøymetenester og Hollywoodstreik er dei tre tinga som folk i bransjen trekker fram når dei snakkar om dårlege besøkstal i norske kinosalar.

Men Oliver Engstad (15) i Svolvær trur ikkje at det er grunnane åleine.

– Eg trur det er den nye generasjonen. At folk er litt mindre sosiale og slikt. Og «no offense», så har det vore litt færre bra filmar i det siste.

Oliver Engstad (15) i Svolvær

– Det er jo litt meir stemning, og så er det stor skjerm og heile greia, seier Oliver Engstad om å gå på kino, sjølv om han ikkje er der så mykje sjølv.

Foto: Trude Furuly / NRK

Foreslår å legge ned kinoen

I kommunen hans, Svolvær på knappe 10.000 innbyggarar, er det nyleg lagt ned forslag om å stenge dørene til kinoen.

For ikkje lenge sidan måtte Løten bygdekino i Innlandet foreslå det same. I Vennesla på Sørlandet bestemte politikarane seg for å legge ned kinoen i april, og i Tønsberg kjempar eldsjeler no for at kinoen skal bestå.

Engstad trur at innbyggarane i Svolvær kjem til å sakne kinoen om han forsvinn.

– Ja, for viss det kjem ut ein bra film så er det jo artig å sjå han på kino. Viss ein ikkje kan det, så blir det jo litt kjipt, seier Engstad.

Men han medgir at han ikkje er så veldig ofte på kino. Han ser mest film heime, med mindre det er ein ordentleg bra film på kino.

Det same gjeld Marius Pedersen (13) og Mima Vassøy Elvestad (13) i Svolvær.

  • Mima Vassøy Elvestad (13)

    Elvestad trur fleire hadde reist på kino dersom billettane vart litt billegare. – Det kjem til å vere dumt om kinoen blir vekke. Eg trur dei kjem til å sakne det, dei fleste, i staden for å måtte vente til det kjem på Netflix og slikt. 

  • Marius Pedersen (13)

    Mens Pedersen meiner det er lite tilbod for ungdom. – Mesteparten er for barn, og for ungdomar er det litt mindre. Fordi filmar for dei vaksne slepper du ikkje inn på, og dei for barn kan vere kjedeleg. 

  • Kinoar som går i næraste framtid, Svolvær kino

    Dei tre ungdomane har éin ting til felles: Det må ein ordentleg bra film til for at dei skal ta turen.

Eva Mette Lundahl er dagleg leiar i Svolvær filmteater og Lofoten kulturhus som driftar kinoen. Ho såg tidleg at besøkstala gjekk ned i år.

– Kinoen per i år ser ut til å gå med eit underskot på nærare 200.000. Og det kan hende at når vi skal spare 50 millionar så høyrest ikkje det så mykje ut, men til saman så hjelper det.

Eva-Mette Lundahl, dagleg leiar i Svolvær filmteater og Lofoten kulturhus.

– Kinoen i Noreg slit for tida og 2024 har ikkje vore noko godt år. Det er like mange som går på kino i år som i 2019, men dei går færre gongar på kino, seier Lundahl.

Foto: Trude Furuly / NRK

– No kan Svolvær snart stå utan kino, kva synest du om det?

– Vi jobbar ganske hardt for å unngå akkurat det. Vi har Excel-arka oppe absolutt heile tida og leiter med lys og lykter rundt. No har det banka ein samarbeidspartnar på døra i håp om å vere med på å berge kinoen.

Krevjande i heile landet

Den nordnorske kinokjeda Aurora står i ein kritisk situasjon med eit underskot på 5,5 millionar kroner.

Difor har dei no fått innvilga søknad om lånegaranti på 2,2 millionar kroner, og Ida Kathrine Balto pustar letta ut. Ho er konstituert administrerande direktør.

– Det er jo ikkje kjekt i det heile tatt, og eg skulle sjølvsagt ønske at vi slapp det, seier ho.

Ida Katrhine Balto er kontituert administrerande direktør i Aurora Kino

– Vanane endra seg veldig under covid. Folk fann på andre ting, i tillegg er det sjølvsagt dette med økonomien, vi ser det rundt alle kommunane, seier Balto.

Foto: Privat

Ho peikar på to ting som forklarar dei låge besøkstala:

  • Den eksepsjonelt fine sommaren i Nord-Noreg som gjer at folk ville vere ute.
  • Det har vore vanskeleg å kome i balanse etter koronapandemien.

– Det er heilt definitivt meir vi kan gjere for å få dei tilbake. Vi prøvar å jobbe med konseptet for å finne moglegheiter der folk både har lyst og råd til å kome på besøk.

Kampen om Narvik

For kinoen i Narvik, som også blir drifta av kinokjeda Aurora, var det eit større dropp i besøkstala 2023, mykje på grunn av at filmen «Kampen om Narvik» var så godt sett i 2022.

Foto: Eirik Linder Aspelund / Eirik Linder AspelundNordisk Film Distribusjon AS

Espen L. Pedersen, administrerande direktør i Film og kino, kallar den økonomiske situasjonen for norske kinoar krevjande.

– Med ein nedgang hittil i år på 19,1 prosent samanlikna med 2023, opplyser han til NRK.

Men det er av fleire årsaker enn pandemi og Netflix.

7 av 10 ønsker å sjå meir

Blant fleire årsaker, trekker Pedersen fram:

  • Den allereie nemnde Hollywood-streiken, som førte til utsette innspelingar og lanseringar.
  • Ein større svikt i besøket på norske filmar med ein nedgang på 27 prosent frå 2023 hittil i år.

Espen Lundberg Pedersen er administrerende direktør i Film & kino. Han sier at Violent night og Teddybjørnens jul er de store julefilmene på norske kinoer i år.

– Endringar i tilskotsordningane hos Norsk filminstitutt har ifølge norske filmprodusentar og distributørar gjort det nesten umogleg å produsere breie publikumsvinnarar utan førehandstilskot i marknadsordninga frå NFI, seier Pedersen.

Foto: Kristoffer Sandven

Ifølge Virke si undersøking Kulturpuls, oppgir sju av ti at dei ønsker å bruke kulturtilbod oftare enn dei gjer i dag. Mange oppgir mangel på relevant innhald som grunn til å heller bli heime.

Norsk filminstitutt si publikumsundersøking for 2023 indikerer at det kinotekniske utstyret må vere av god kvalitet for å få fleire rumper i seta.

Og det kjem kanskje ikkje som eit sjokk at den største plattforma er strøymetenester.

Likevel auka tala i 2023 frå 2022 fordi året bydde på store kinosuksessar som «Barbenheimer».

Men det var ikkje nok til å nå dei same høgdene som før pandemien.

I Steinkjer finst det likevel eit unntak for den negative trenden.

Barbenheimer meme

Barbenheimer blei ei kjelde til «memes» og humor over heile verda, då Barbie og Oppenheimer i 2023 skulle gå på kinoane. Dei var begge nominert til Oscar i kategorien beste film. Oppenheimer stakk av med sigeren.

Lyspunkt i Steinkjer: – Min eller din kopphaldar?

I lys av at Steinkjer fekk eit nytt kulturhus i september i fjor, har dei fått auka interesse for kinoen.

Med det gjekk dei frå 6945 besøkande i september 2023, til 31.395 besøkande same månad i år. Det er ein auka på 352 prosent.

– Når dei prosjekterte den nye kinoen så valte ein å investere i ekstra gode seter, topp lyd, topp bilde, og det ser vi at har gitt avkastning, seier kinosjef Jonas Stakset.

Han trur eit viktig stikkord er å gjere opplevinga betre enn heime i sofaen.

Kinosjef i Steinkjer, Jonas Stakset

– Om ein har rammene for ei god oppleving, så har ein lyst til å sjå filmen i den beste omgjevnaden, med det største lerretet og den beste lyden, seier Stakset.

Foto: Privat

Stakset understrekar at dei ikkje sit med noko gulloppskrift, men at menneske i dag har fått til vane å ha god plass rundt seg.

– Publikum kjem ikkje berre for å sette seg ned i stolen for å sjå film. Dei har lyst til å oppleve meir samtidig.

Altså breiare seter, bord for seg sjølv og eigne armlene.

– Så ein ikkje må avgjere om det er min eller din kopphaldar på høgre og venstre side.

– Vi er avhengig av at det er gode filmar som vi kan tilby for gjestane, og så er det å skape ei større oppleving for dei som vel å bruke tida si hos oss, seier han.

Har tru på eit lovande 2025

Trass den negative utviklinga har fleire i bransjen trua på betre tilstandar det komande året.

– Den gode nyheita er at vi er over den verste kneika. Denne helga hadde både premierefilmen «Elskling» og «Smile 2» godt besøk på norske kinoar, seier Espen L. Pedersen.

Helga Guren og Oddgeir Thune spiller paret som kanskje skal gå fra hverandre i «Elskling».

Helga Guren og Oddgeir Thune speler paret som kanskje skal gå frå kvarandre i «Elskling».

Foto: Øystein Mamen/ Nordisk Film Production

– Vi har stor tru på at med dei filmande vi veit at kjem i 2025, kjem norske kinoar igjen til å selje meir enn 10 millionar billettar, seier Pedersen.

Det er 2 millionar meir enn i år, som har hatt det lågaste talet etter pandemien.

Også Ida Kathrine Balto har trua på betre tider.

– Men vi må likevel alle saman innstille seg på at det blir andre tider.

Publisert 31.10.2024, kl. 15.55

Read Entire Article