Kommunekrisa i Noreg: Her er kommunane som lykkast

3 hours ago 3



Prisvekst og auka renteutgifter har ført til det som er karakterisert som «den verste kommunekrisa sidan 1987», men biletet er ikkje heilsort.

I løpet av hausten er det publisert fire kåringar frå Kommune-Noreg, med kvar sine sigerherrar.

Saman teiknar vinnarane biletet av ein sektor som – trass alt – ikkje er heilt ute å køyre.

  • Til topps på Kommunebarometeret: Kongsberg i Buskerud.
  • Øvst på Kommuneindeksen over «Noregs best styrte kommunar»: Aukra i Møre og Romsdal.
  • Best på «klimainnsats»: Stavanger i Rogaland.
  • Noregs mest berekraftige kommune: Bærum i Akershus.

På sekstitalet introduserte statsminister Per Borten (Sp) omgrepet «elendekonkurranse».

Slik prøvde han å sette ord på dynamikken der Kommune-Noreg overgår kvarandre i å teikne fanden på veggen – for å auke overføringane frå staten.

Professor i samfunnsøkonomi, Jørn Rattsø, ser den same tendensen til krisemaksimering denne hausten.

Eg vil aldri ta krise-beskrivingar for god fisk. Det mange «kriser» i budsjettkampen, gjerne med media som mikrofonstativ, seier han.

  • Utsikt over Stavanger sentrum.

    Best på «klimainnsats»: Stavanger i Rogaland.

  • Kongsberg luftfoto, Nybrua, Food truck festival, Kongsberg

    Til topps på Kommunebarometeret: Kongsberg i Buskerud.

  • Fornebu

    Noregs mest berekraftige kommune: Bærum i Akershus.

  • Gassanlegget ved Nyhamna på Aukra

    Øvst på Kommuneindeksen over «Noregs best styrte kommunar»: Aukra i Møre og Romsdal.

Bærum, Sogndal og Sunnfjord på pallen

Målet er å lære av dei kommunane som lykkes best, seier Geir Are Nyeng i PwC, som har peika ut dei mest berekraftige kommunane.

Vinnar-kommunane Bærum, Sogndal og Sunnfjord skårar høgt på økonomistyring og sosiale forhold, og oppnår i tillegg gode resultat innanfor klima og miljø.

Nyeng åtvarar om at akutte sparetiltak kan gå utover det langsiktige og «usynlege» berekraftsarbeidet i kommunane.

Det er ikkje lett å prioritere klima og miljøtiltak når 500 foreldre står utanfor rådhuset og kjempar for å redde nærskolen, seier han.

Slik er den politiske rasjonaliteten.

Det er ulike syn på om utfordringane i Kommune-Noreg kjem av ein akutt og «perfekt storm» av høg rente, prisvekst og brå behovsvekst i helse- og omsorgssektoren.

Eller om ho er kulminasjonen av langsame makrotrendar som det norske samfunnet av ulike grunnar ikkje har tatt innover seg.

Styreleiar i Norsk kommunedirektørforum, Bjørn Gudbjørgsrud, seier at rekneskapane «over ein tiårsperiode» har vore «sminka» av forbigåande og høge skatteinntekter.

Dette burde vore fanga opp av staten og fleire kommunar tidlegare.

Kommunane som har vore tilbakehaldne med å låne pengar og som løpande har gjennomført innstrammingar, klarer seg best nå.

I podkasten «Der livet leves» forklarer talknusarar i KS kvifor regjeringa og kommuneorganisasjonen opererer med ulike tal over skatteinntektene.

Grunnen er at regjeringa gjer opp status i august, medan KS ventar til september.

Lene Conradi, ordfører i Asker (H).

Ifølge Kommunebarometeret er Asker den fjerde sunnaste kommunen i landet, og i tillegg blant dei beste på berekraft. Så lenge det varer. Ordførar Lene Conradi (H) seier at kommunen må skalere ned fleire initiativ innan klima og miljø for å spare pengar. – Eitt døme er satsinga på berekraftig bustad- og byutvikling. Det er trist og leitt, og etter vårt syn å gå baklengs inn i framtida.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Fleire kommunar bør krympe smart

Nittedal-ordførar Rune Winum (H) seier at kommunen gjennom fleire år blei «redda» av lågt rentenivå, men at det begynte å «butte» ved inngangen til koronapandemien i 2020.

Han diagnostiserer krisa som ein kombinasjon av demografiske endringar og «fleire plutselege faktorar som har hendt samtidig».

– Det er hyggeleg å bli kåra til Noregs fjerde mest berekraftige kommune. Men situasjonen er meir alvorleg enn som så, seier han.

– Viss vi fortset som nå, vil vi ha tom sparekonto om to–tre år. Det er den harde realiteten.

Vedum

Med Eidsvollbygningen som kulisse gav Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i 2019 eit løfte om at alle små kommunar skal kunne bestå som sjølvstendige kommunar: ein «sjølvstendegaranti».

Foto: NTB

Stein Kittelsen i rådgivingsselskapet BDO var tidlegare økonomisjef i Klepp kommune i Rogaland.

Allereie for 10 år sidan såg kommunen skrifta på veggen: Dei måtte «krympe smart» og endre skole- og barnehagestrukturen.

Det vi ser er at kommunar som ikkje har tatt tak i dei demografiske utfordringane får ein dobbelt smell, seier Kittelsen.

I artikkelen «Challenges in shrinking rural regions» skriv forfattarane at det «heftar eit stigma» ved å vera ein kommune i fall, og at forklaringa kan vera den assosiative koplinga mellom vekst og det å vera vellykka.

Resultatet er uansett det same: Verken kommunane eller staten vil planlegge for befolkningsnedgang, sjølv om dei burde gjere det.

Kittelsen seier at Klepp er betre rusta enn liknande kommunar takka vere tøffe val.

Alle har ulike føresetnader, men det finst «like» kommunar som nå er i heilt ulike økonomiske situasjonar.

  • Jørn Rattsø

    Terje Bendiksby / NTB scanpix

    Jørn Rattsø, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU

    «Krisa» er størst i kommunar som har brukt meir pengar enn dei har, bygd opp gjeld og hamna på Robek-lista, ikkje førebudd seg på aldring og renteauke. På den andre sida har du nøkterne kommunar som investerer forsiktig og bygger opp reservar.

  • Geir Are Nyeng, leiar for kommunesektoren i PwC

    NIKON D5 (3) / PwC

    Geir Are Nyeng, bransjeleiar for kommunal sektor i PwC

    Det er berre 25 kommunar som kuttar utslepp i tråd med Parisavtalen, mot 20 i rapporten i fjor. Skal vi vere i nærleiken av å nå desse måla, må kommunane prioritere klimatiltak og berekraft. Dette er typisk tiltak som vil tape konkurransen i den situasjonen vi har nå.

  • Asbjørn O. Pedersen,

    NRK

    Asbjørn O. Pedersen, generalsekretær i NKKF

    Mo i Rana er ein tidlegare «Terra-kommune» som har snudd det negative til det positive med fokus på Kommunal økonomisk berekraft (KØB). Eit anna lyspunkt er Hurdal kommune som har gått frå eit netto driftsresultat på minus 3,6 % i 2019 til pluss 1,3 % i 2022. Dette sjølv om dei er den «fattigaste» småkommunen under 5000 innbyggarar i Noreg.

  • Kommunedirektør i Sandefjord, Bjørn Gudbjørgsrud

    Philip Hofgaard

    Bjørn Gudbjørgsrud, kommunedirektør i Sandefjord

    Dei økonomiske utfordringane har akkumulert seg over tid. Spesielt frå hausten 2022, da prisveksten begynte å ta av. Dei kommunane som har gjort dette: Vore tilbakehaldne med å låne pengar, og gjennomført økonomiske innstrammingar løpande og spesielt frå 2022 klarer seg økonomisk sett best nå. I tillegg til dei som har store inntekter frå kraft og havbruk, som klarer seg godt økonomisk uansett.

  • Ulla Higdem

    Ruth Barstein

    Ulla Higdem, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskolen i Innlandet (HINN)

    Urbanisering, sentralisering og aldring er megatrendar, både i Noreg og i Europa, som regjeringa ikkje har teke tilstrekkeleg inn over seg. Framleis kopling mellom vekst i folketal og det å vere vellykka, slik dagens politikk legg opp til, vil føra til at fleire og fleire distriktskommunar blir oppfatta som mislykka.

  • Lisbeth Hammer Krog

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Lisbeth Hammer Krog, ordførar i Bærum

    Kommunestrukturen verkar dysfunksjonell. Dersom ein ikkje modererer generalistkommunesystemet, er eg bekymra for at mange kommunar kan bli fråtatte oppgåver som staten ser at dei minste kommunane ikkje klarer å vareta. Ei betre løysing er å utnytte potensialet til større, robuste kommunar, ved at vi får ansvar for fleire oppgåver.

  • Rune Winum

    Nittedal kommune

    Rune Winum, ordførar i Nittedal

    Situasjonen er både gammal og ny. Det økonomiske handlingsrommet har vore avgrensa i mange år, og vore prega av stadig fleire oppgåver. Da vi kom ut av Robek-lista i 2006, brukte vi mange år på å bygge ein berekraftig økonomi. Vi la stein på stein, og jobba hardt for å nå dei økonomiske måla. Vi heldt tilbake på investeringane, og har ein god grunnmur. Men vi har ein stor jobb å gjere framover.

  • Lene Conradi

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Lene Conradi, ordførar i Asker

    Det er openbert at vi må prioritere lovpålagde tenester innanfor kjerneoppgåvene i kommunen og at ein konsekvens må bli at vi tar kraftig ned satsinga i kommunen på berekraft. Dette er trist og beklageleg for Asker, men også for det nasjonale «berekraftsnettverket» som vi har bidratt og deltatt i gjennom KS, som vi ikkje lenger kan prioritere i same grad.

  • Per-Willy Amundsen på Åsegarden leir utanfor Harstad. Gammal militærleir. Skal snart huse einslege mindreårige asylsøkjarar.

    Tora Jarnæs Vold / NRK

    Per-Willy Amundsen, Frp

    Partiet som fridde til distrikta for å vinne valet, har nå sørgt for å køyre distrikta rett tilbake til 80-talet. Høg rente, underfinansierte tenester, auka pensjonsutgifter, prisvekst, og dessutan mottak av mange flyktningar frå Ukraina. Har til saman skapt den perfekte stormen. Historia har vist, at med Frp i regjering har kommunane mykje betre økonomi enn dei har under Støre og Vedum.

  • Forhandlingar i Sunnfjord etter resultatet var klart. Jenny Følling.

    Arne Stubhaug / NRK

    Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord

    Vi opplever at kostnadsdrivarane er kraftig renteauke, auka utgifter til elde og pleietrengande og høg kostnadsvekst. Ekstremt høg skatteinngang i 2022 og 2023 har kamuflert denne kostnadsutviklinga. Ekstra skatteinntekter på slutten av begge åra gjekk med til å saldere regnskapen i staden for at dei burde ha vore brukt til omstilling.

Publisert 31.10.2024, kl. 17.07

Read Entire Article