Håvards (15) usynlege sjakkbrikker vekker oppsikt: – Ei fantastisk evne

1 hour ago 2



– Det har alltid vore ein draum å spele VM. Det er jo gøy når det er mange gode spelarar. Eg håpar Magnus spelar, seier Håvard Haug.

I sommar nådde den korte karrieren sitt foreløpige klimaks:

Haug kom seg forbi den magiske grensa på 2550 ratingpoeng og blei klar for lynsjakk-VM i Qatar.

– Eg har sett på VM i mange år, heilt sidan 2016 kanskje, og eg har alltid hatt lyst til å spele, seier 15-åringen.

en person som sitter ved et bord og spiller sjakk

STORTALENT: Håvard Haug er eit heitt namn i sjakkmiljøet.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

No opnar Haug opp om den risikable manøveren som sikra han VM-plass.

Han avslører også ei unik øving som har gjort han til ein av dei beste lynsjakk-spelarane i verda.

Imponerer i blinde

Sjakktalentet speler nemleg eitt-minutts bullet-parti på nett utan synlege brikker på brettet. Dette har han gjort meir enn 5000 gonger, og fleirtalet av dei han speler mot ser brikkene sine.

Alt går føre seg i hovudet på Haug. Brettet ser blankt ut, men han memorerer kor alle brikker står og skal til kvar tid.

Heile partiet frå start til slutt.

– Det viser fantastiske evner, seier ekspert Torstein Bae om Haug.

Å spele blindt er ikkje heilt uvanleg hjå verdseliten. Haug vekker likevel oppsikt ved at han gjer det med parti på berre eitt minutt.

– Det er imponerande fordi det er ikkje så mange som får det til, seier Sheila Barth Stanford.

Ho deltok i lyn- og hurtigsjakk-VM i fjor og jobbar som sjakktrenar.

– Kvifor er dette så vanskeleg med eitt minutt tenketid?

– Det er fordi du skal finne mange trekk på veldig kort tid, og du må også forhalde deg til det motstandaren gjer. Når du da skal gjere det blindt, er det imponerande fordi du blir utsett for mønster som du ikkje har trena på eller er førebudd på. Da skal du reagere like raskt som motstandaren din som ser, svarer Stanford.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

IMPONERT: Ekspert Torstein Bae.

Foto: Lars Bryne / NRK

Uvitande motstandar

Under NRKs besøk, spelte 15-åringen remis mot ein norsk internasjonal meister på nett. Motstandaren bekrefta seinare at han ikkje visste at Haug spelte partiet i blinde.

Hovudpersonen sjølv tar det heile med knusande ro.

– Om ein er god i sjakk, er det ikkje så vanskeleg, seier Haug om å spele utan synlege sjakkbrikker.

Kvifor speler du blindt?

– Eg synest det er gøy. Eg visste om nokon som gjorde det, og da ville eg prøve det sjølv. Det tok faktisk ikkje så lang tid før eg blei god i det, svarer Haug.

en person som sitter ved et bord og spiller sjakk

TIL VM: Håvard Haug er berre 15 år, men skal til VM i lynsjakk i Qatar.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

La ein risikabel plan

Den unge sjakkspelaren har på kort tid rokke å få ei høg stjerne i det norske miljøet.

I mai skaka han verdseinar Magnus Carlsen med remis – med svarte brikker – under Titled Tuesday-turneringa til Chess.com.

Han har også fått merksemd på grunn av måten han kvalifiserte seg på til VM på.

I sommar mangla ungguten berre 25 ratingpoeng for å sikre seg ein plass.

Da la Haug ein risikabel plan: Han bestemte han seg for å reise rundt i Noreg å spele turneringar mot motstandarar med langt lågare rating.

Han tok 0,8 poeng per siger. Dette gjorde han heilt til han nådde 2550 poeng.

– Det er jo ein litt lur måte å gjere det på, da. Det er jo det som er lettast, seier Haug kort.

Torstein Bae er einig i at manøveren er lur, men understrekar at han tok ein stor sjanse.

– Risikoen når ein speler mot svakare motstand, er jo at om ein taper ein einaste gong, taper ein masse ratingpoeng, seier Bae og legg til at vegen til VM da ville blitt langt vanskelegare.

– Nokon klarer det på denne måten – andre klarer det absolutt ikkje og går på ei skikkeleg blemme, seier Bae.

VM i lyn- og hurtigsjakk blir spelt i Qatar mellom 25. til 31. desember. Der blir Haug mest sannsynleg Noregs yngste deltakar.

Kampen ble stanset i flere minutter 01:22

Publisert 18.08.2025, kl. 16.51

Read Entire Article