Saka oppsummert
- Ei kvinne vart funnen drepen på Kampen i Oslo, og ein 18-åring er sikta.
- Hatefulle kommentarer florerte i barnevernkritiske Facebook-grupper etter drapet, før drapsmotivet var kjent.
- Fagforeining reagerer sterkt på hetsen mot barnevernstilsette.
- Debatten om barnevernet er prega av trakassering og trugslar.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.
Natt til søndag vart Tamima Nibras Juhar (34) funne drepen på Kampen i Oslo.
Ho hadde nattevakt på eit privatdrive butreningstiltak der ein no draps- og terrorsikta 18-åring var bebuar.
Dette er ettervern for unge som har fylt 18 år og tidlegare har hatt tiltak i barnevernstenesta.
Søndag føremiddag vart det kjent at drapet hadde skjedd på den private barnevernsinstitusjonen.
Det utløyste eit ras av hatske kommentarar på ulike Facebook-grupper som er mot barnevernet.

Tamima (34) ble drept: – Smerten er ubeskrivelig
Smilefjes
Fleire av gruppene er offentlege og difor kan kven som helst på Facebook gå inn og sjå kva folk kommenterer i etterkant av et brutale drapet.
«Håper det blir flere og flere, ønsker det verste for dem», skriv ei kvinne på gruppa Barnevernet vil vi ha fullstendig fjernet.
Ho legg til ein emoji med et smilefjes opp ned til dei over 26.000 medlemmane i gruppa.

Terrorsiktet lo da han ble pågrepet – sa han skulle til moské med skytevåpen
«Heilt topp»
I same diskusjonstråd florerer det med hatefulle meldingar.
Diskusjonen går føre seg under ein post som lenkar til ei sak frå Nettavisen om at ein 18 år gamal bebuar er sikta for drapet på kvinna.
Her er eit knippe med kommentarar TV 2 har sett:
«Heilt topp at dei idiotane i barnevernet blir drepne»
«Viss nokon synest synd på dette menneske som er drepne her, så anar ikkje dei kva desse folka er i stand til. Dei øydelegg livet ditt med eit smil».
«Fleire av dei som jobbar der, er som udyr også»
«Karma»
«Ingen sympati så mange dei har tatt livet av»
På Facebook-gruppa Folket vs Barnevernet ytrar ei kvinne at det er «utruleg rart» at dette ikkje skjer kvar dag.
– Barn og familiar lever trass alt i terror frå barnevernet kvar dag.
Dei hatske kommentarane er posta før politiet gjekk ut med at gjerningsmannen har ytra høgreekstreme meiningar og forklart at drapet var politisk motivert.
Dette svarar dei
TV 2 har sendt melding til alle avsendarane av kommentarane ovanfor. Ikkje alle har svart. Frustrasjonen er uansett stor. Dei som svarar oss, skriv at dei har personleg vonde opplevingar med barnevernet.
Det norske barnevernet har eit dårleg rykte internasjonalt, særleg etter fleire dommar i den europeiske menneskerettsdomstolen.
– Barnevernet er ondskap sett i system og eg syns verkeleg det er forståeleg at mange ønskjer tilsette i barnevernet død, skriv ei kvinne til TV 2.
Kvinna som skriv at ho «ønskjer det verste» for tilsette i barnevernet, skriv til TV 2 at det ikkje er overraskande at det kjem mange meldingar.
– Norsk barnevern er den einaste i verda som held på slik som dei gjer.
Ein gjennomgang Faktisk.no har gjort viser at Norge ikkje har særlig mange fleire omsorgsovertakingar enn land som Danmark, Tyskland og Sverige.

«Skammeleg»
Det er fleire som tek til motmæle i Facebook-gruppene.
«Unnskyld meg, for nokre ufyselege svar», «Skammeleg» og «Fy faen, folk her er sjuke i hovudet» er nokre av tilbakemeldingar frå andre.
Trakassering og hat
Ole Henrik Kråkenes er profesjonsrådsleiar for barnevernspedagogane i FO.
Fagforeininga reagerer sterkt på kommentarane, men er «diverre ikkje overraska».
– Det er heilt forferdeleg å lese. Diverre har hets og sjikane har vore eit vedvarande problem lenge. Dette er kommentarar som altfor mange av våre medlemar har vorte utsette for lenge, seier Kråkenes til TV 2.
Fagforeininga for sosialarbeidarar har dei siste åra vore i retten med medlemmar som har vorte utsett for hets. Ein rapport frå Analyse & Tall i 2022 underbygger at dette har vore eit problem i fleire år allereie.
Analysen konkluderer med at debatten i dei barnevernskritiske gruppene er «tidvis svært hard og inneholder trakassering, hets og direkte trusler mot barnevernet som system og mot navngitte enkeltpersoner».
– Høgsterett har sett klare grenser for kva tilsette skal måtte finne seg i når det gjeld hets og sjikane, seier Kråkenes.
– Våre medlemmar er ikkje fritt vilt, og det skal vera trygt å gå på jobb i Norge. Det som skjedde i helga, og det hatet ein no ser i sosiale medier, gjer naturlegvis at mange blir urolege.

– Ein del av presset
Ei som kjenner seg att i kva hets og sjikane gjer for arbeidskvardagen som barnevernstilsett, er Vilde-Alida Nilsen i Tromsø.
Etter å ha jobba fem år i barnevernet, slutta tobarnsmora i april i fjor. Årsaka var samansett.
– Det var store krav, vi var konstant underbemanna og det var vanskeleg å få hjelpt til på den måten ein ville. I tillegg er det så mykje hat, som absolutt er ein del av den totalbelastninga ein står i, seier ho til TV 2.

Søndag kveld la ho ut ein video på TikTok. Der argumenterer Nilsen for at det er vanskeleg å komme vekk frå å vera «redd på jobb» i barnevernet.
Mellom anna er ho kritisk til tryggleiken for barnevernstilsette. I dag jobbar ho i kriminalomsorgen og seier ho «blir sjokkert» av å tenke på kor dårleg tryggleikstenkinga var samanlikna med i jobben ho har no.
Sjølv har ikkje Nilsen opplevd hets direkte, men ho veit godt at det finst.
– Det ligg i bakhovudet at nokon har eit så stort hat mot deg berre på grunn av jobben du har og fagfeltet ditt. Som regel går det bra. Heilt til det ikkje gjer det.
Barne- og familieminster: – Uakseptabelt
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) seier hendinga er tragisk, og at ho tenker på alle sosialarbeidarar som gjer ein viktig jobb kvar dag.
– Eg kan forstå at mange no kjenner på utrygghet og frykt, og at mange i barnevernet kjenner seg spesielt utsett. Det skal vera trygt å gå på jobb for tilsette i barnevernet, seier Vågslid til TV 2.
Ho seier at ein må ta desse trugslane på alvor, og at arbeidsgjevarar må sørga for at dei må følgast opp.
– Det er fullstendifg uakseptabelt at tilsette i barnevernet blir utsatt for trugslar og vald. Hets på nett opplevast svært utfordrande fort dei tilsette, og gjer den viktige jobben endå meir krevjande.