«Skyggebarna»:
Bergen får pengar til å straffe unge kriminelle raskare. Men ei ny utfordring uroar.

Publisert 01.08.2025 11:44
Saken oppsummert
- Regjeringen, i samarbeid med Sp og SV, har bevilget midler til raskere rettsbehandling av unge lovbrytere i Hordaland.
- Ungdomskriminaliteten i Bergen ser ut til å flate ut i 2025, men utfordringene er fortsatt store og komplekse etter fjoråret.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.
I januar i år steig ein mann i 20-åra ut av ein bil på Askøy utanfor Bergen. På kaien venta ein stor gjeng med ungdommar.
Eit avtalt møte, etter ein konflikt på TikTok. Etterpå tok mannen seg til legevakta.

Då hadde han blitt slått med trestokkar og hadde ni knivstikk i kroppen.
Knivstikka kom frå ein berre 13 år gamal gut. «Mogleg livstrugande sårskadar», oppsummerte tingrettsdommaren då tre av ungdommane måtte møte i retten.
Yngre og meir brutale
Med «Skyggebarna» har TV 2 dei siste månadane sett fokus på dei unge kriminelle i samfunnet vårt.
I Oslo har TV 2 avdekka at dei 20 mest aktive ungdomskriminelle til saman er involvert i nær 1300 saker.
Men også utanfor hovudstaden er det altså store utfordringar. Bergens Tidende har fortalt om korleis eit narkonettverk det siste året har vist stor interesse for rekruttere unge seljarar i Bergen.
– Det som uroar oss er at dei som utøver kriminaliteten blir yngre. Og det er meir alvorleg. Det er vald, ran og seksuallovbrot, seier politimeister Ane Kvaal i Vest politidistrikt i Bergen til TV 2.
Etablerer «hurtigspor»
Misnøya var difor stor då Bergen først ikkje fekk pengar til eit sokalla «hurtigspor» for unge lovbrytarar. I vår var denne ordninga berre for Austlandet og Agder.
Poenget med ein hurtigdomstol er at kriminelle under 18 år skal få rask straff og konsekvens av det dei har gjort, slik at dei raskare kan få oppfølging og kome seg ut av den kriminelle bana dei har hamna i.

I forhandlinga med Senterpartiet og SV kom det i juni likevel 13,7 millionar kroner til Hordaland tingrett frå Ap-regjeringa.
Pengane får raskt bein å gå på.
Fleire folk
Denne veka var justisministeren i Bergen for å høyre korleis millionane vil bli brukt.

Takksemda sat laust frå både tingretten, politiet, Konfliktrådet og Kriminalomsorgen.
– Det er viktig at vi får bekjempa dette. Då er hurtigspor eitt av verkemidla, seier justisminister Astri Aas-Hansen til TV 2.
– Kor fort forventar du å sjå effekt av denne løyvinga?
– Når ein no kan sette inn enno større trykk og tilsette fleire folk, så vil ein sjå ein effekt allereie i løpet av året, vil eg tru.
Bergenspolitiet vil styrke innsatsen i sentrum med fleire etterforskarar. Tingretten kan sikre raskare og meir smidig rettsbehandling av U18-saker og Konfliktrådet kan tilsette to nye.
– Men vi har venta på desse pengane, ja, seier leiar Else-Margrethe Aarland då TV 2 spør om det er på tide.

– Komplekst
Det er Konfliktrådet som tek over ansvaret i straffesaker som ikkje endar med fengselsdom, men med ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging.
– Dei er yngre enn før. Lovbrot som før vart gjort av 16-17-åringar, blir i dag gjennomført av barn som har bikka 15 år. I tillegg er lovbrota av langt meir alvorleg grad, seier ho.

Til no i år har dei snart 15 ungdommar inne på ungdomsstraff. Det er ei nær ei dobling samanlikna med heile 2024. Nokre lyspunkt er det likevel.
Ifølge politimeisteren ser dei at ungdomskriminaliteten i reine tal så langt i 2025, ser ut til å flate ut. Vegen er likevel lang.
– Ungdommane har ein mykje meir utfordrande og komplisert livshistorie. Det er ei utvikling som vi ikkje har sett tidlegare, seier Aarland, og nemner mellom anna rus.
– I tillegg ser vi at fleire av dei som har fått ein straff, sjølv er fornærma i andre alvorlege saker. Det er med å komplisere situasjonen.
– For det som skal skje er at ungdommane skal læra å leve livet på ein anna måte. Handtere kjensler og endre åtferd. Det tek tid og er ikkje gjort i ei handvending, seier Aarland.