Håpar nytt design skal gjere at førsteklassingane brukar skulesekken lenger

1 month ago 22



– Har du fått ny sekk?

– Ja, svarer førsteklassingen Eilert i Bodø.

Han og over to tusen andre førsteklassingar i Nordland har fått kvar sin lyseblå skolesekk.

I Trøndelag er det over 5500 førsteklassingar som får skulesekk. I Troms og Finnmark får dei også sekk.

Eilert er fornøgd med den nye sekken frå fylkeskommunen. I år prøvar dei seg på nytt design og fargar i eit håp om at fleire brukar sekken i fleire år framover.

Tidlegare har nemleg mange kvitta seg med den oransjen eller lysegrøne sekken etter første klasse.

– Meir enn eitt år

– Vi ønsker jo at elevane skal bruke sekkene meir enn eitt år. Derfor skal vi no rullere på tre ulike fargar og håpar at elevane bruker dei litt lenger enn første skuleår, seier fylkesråd for utdanning og kompetanse Joakim Sennesvik (H).

Fylkeskommunen håpar nytt design skal gjere at sekken blir brukt gjennom heile småtrinnet.

– Med figurar av refleks som gjer at ein er ganske synleg i mørke og i trafikken, seier Sennesvik.

Og det er kanskje ei forbetring frå førre modell som fekk dei ungane til å minne om små vegarbeidarar.

Første klasse på Løpsmark skole i Bodø

Skulesekkane førsteklassingane fekk i Nordland før var knall oransje.

Foto: S. Lysvold / NRK

– Store summar

– Det er også fellesskapande det at ein har like sekker og at ein i dei første åra på skulen slepp å bruke til dels store summar på å kjøpe skulesekkar, seier Sennesvik.

Han meiner like sekker frå fylkeskommunen på første skoledag hindrar eit kjøpepress.

Eit raskt søk på nettet viser at ein skolesekk fort kan koste over 1000 kroner. Ein skolesekk frå for eksempel Beckmann på 22 liter kostar 1099 kroner.

Men fylkeskommunen har også brukt mykje pengar på sekk til førsteklassingane.

– Vi har i år bestilt inn 2400 sekker og dei har kosta rundt 200 kroner per sekk. Så det er ein kostnad, men vi får sannsynlegvis litt kvantumsrabatt. Vi meiner dette går til eit godt tiltak, seier Sennesvik.

Førsteklassinger med blå skolesekk fra Nordland fylkeskommune.

Neste år kjem sekken i ein ny farge i håp om at ungane skal bruke sekken litt lenger enn den gamle.

Foto: Ola Helness / NRK

– Fleire slit med dårleg økonomi

Frelsesarmeen opplever at det er fleire foreldre som tek kontakt fordi dei ikkje har nok pengar til nødvendige ting som mat, klede og utstyr til barna.

– Det blir fleire og fleire barnefamiliar som slit med dårleg økonomi i Noreg.

Det seier assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, Elin Herikstad.

Ifølgje Frelsesarmeen sitt fattigdomsbarometer opplever meir enn kvar femte forelder at dei sviktar i foreldrerolla på grunn av den økonomiske situasjonen sin.

Elin Herikstad, assisterende sosialsjef i Frelsesarmeen

Elin Herikstad, assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, rosar Nordland fylkeskommune og meiner fleire bør følgje etter.

Foto: Frelsesarmeen

Herikstad fortel at det er rekordmange som kuttar ut klede og utstyr barna treng. Heile 54 prosent har kutta i nødvendige klede og utstyr til barna, viser fattigdomsbarometeret.

Herikstad meiner at gratis skulesekk til barna kan bidra til å jamne ut forskjellane.

– Det kan vere ein god start på skuledagen for ein førsteklassing. For foreldra betyr det at ein frigjer pengane til å kjøpe mat, klede og andre nødvendige ting.

– Det blir sagt at skulen er gratis, og gratisprinsippet i skulen er veldig viktig. Men det er ikkje gratis med skule. Vi meiner at når gratisprinsippet gjeld i skulen, må vi gjere det vi kan for at det skal vere slik.

Opplever kjøpepress

Også Kirkens Bymisjon opplever stor etterspurnad.

– Fleire stader i landet har Kirkens Bymisjon hatt skulesekkaksjon, der vi har samla inn og delt ut pent brukte skulesekkar. Vi merkar stor etterspurnad etter sekkar og anna utstyr til skulestart, og då er det klart at gratis sekk for førsteklasse hjelper.

Det skriv Lars Vestnes, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bodø, i ein e-post til NRK.

Lars Vestnes utenfor Skattkammeret.

– Sjølv om det er gratis å gå på skule i Noreg, er det likevel ein del utgifter som følgjer med. Å kjøpe skulesekk og anna utstyr til skulestart er utfordrande for barnefamiliar som slit med å få endane til å møtast.

Foto: Kasper Holgersen / NRK

Kirkens Bymisjon oppmodar regjeringa og dei enkelte fylkeskommunane til å vurdere å innføre gratis skulesekk til alle førsteklassingane.

Vidare meiner Vestnes at det bør anskaffast sekkar som både i kvalitet og utsjånad kan brukast i fleire år.

– Om sekkane blir kasta etter første klasse, er ikkje dette spesielt berekraftig. Då er ei haldningsendring i forbruksvanar også avgjerande.

– Ein av grunnane til at Kirkens Bymisjon opplever stor etterspurnad etter gratis skulesekkar hos elevar som er ferdige med første klasse, er nettopp at det er andre forventningar til utsjånad, merke og fargar på skulesekkane. Her kan foreldra vere med på å dempe presset på barns forventningar.

– Vore nokre tårer

Neste år kjem altså sekken i ein ny farge i håp om at ungane skal bruke sekken litt lenger enn den gamle.

Men trass i ny sekk. Det kan vere litt tøft med første skuledag. Spesielt for dei eldste.

– Det vart nokre tårar. Første skuledag er noko eige, også er det sistemann, seier mamma til Eilert, Ellisiv Eilertsdatter.

– Det er noko ekstra i dag.

Ellisiv Eilertsdatter feller en tåre på sønnens første skoledag.

Ellisiv Eilertsdatter fell ei tåre på sonens første skuledag.

Foto: Ola Helness / NRK

Publisert 19.08.2024, kl. 12.40 Oppdatert 19.08.2024, kl. 12.42

Read Entire Article