Khan Younis ligg på den sørlege delen av Gazastripa. Fleire tusen menneske har flykta hit etter at krigen starta hausten 2023.
Mahmoud Sheik Abed har komme hit frå Rafah, ved grensa mellom Gaza og Egypt.
– Vi håpar, ved Gud, at dette er den siste dagen med krig. Vi håpar at våpenkvila blir respektert. Folk er slitne, vi er lei av å bli fordrivne, lei av sjukdom og svolt. Vi ber Gud om at dette er den siste dagen.
Angrepa har halde fram
Avtalen mellom Israel og Hamas om våpenkvile og utveksling av gislar og fangar var klar onsdag. Semja blei annonsert av statsministeren i Qatar.
Natt til laurdag godkjende israelske regjeringa avtalen, som tek til å gjelde søndag klokka 07.30 norsk tid.
Hatem Khaled / Reuters / NTB
Hovedpunktene i den foreslåtte gissel- og våpenhvileavtalen for Gaza
Den ferske våpenhvileavtalen ble forhandlet fram av flere parter, og innebærer løslatelse av gisler og fanger. Israel vil også trekke tilbake soldatene sine fra Gaza.
Sveip for å lese om de tre fasene.
Ohad Zwigenberg / Reuters
Fase 1
- 33 gisler frigjøres.
- Det israelske forsvaret (IDF) trekker seg gradvis tilbake, men holder en sikkerhetssone rundt Gaza.
- Fanger med livstidsdommer løslates, unntatt de som var med i angrepene 7. oktober.
- Varer i 42 dager, med noe IDF-tilstedeværelse i Philadelphi-korridoren som er buffersonen mellom Gaza og Egypt.
AP
Fase 2
- Samtaler om flere gisselfrigivelser og videre IDF-tilbaketrekning starter etter 16 dager.
- Planer for sikker retur av palestinere til Nord-Gaza settes i gang.
AP
Etter at kunngjeringa kom onsdag kveld, er 122 palestinarar drepne i israelske angrep, ifølgje sivilforsvaret i Gaza.
Talsperson Mahmoud Basal seier at det er 33 born blant dei drepne, og at meir enn 270 menneske er såra i den same perioden.
Berre det siste døgnet er 23 menneske drepne og 83 såra, ifølgje palestinske helsestyresmakter.
Mange drepne
Dei israelske angrepa i Gaza er ein reaksjon på det som skjedde 7. oktober 2023, då Hamas gjekk til angrep mot Israel og drap rundt 1200 menneske. Ca. 250 menneske blei tatt med til Gaza som gislar.
Israel har som mål å knuse Hamas, som styrer på Gazastripa. Dei ser på Hamas som ein terrororganisasjon.
Dei palestinske helsestyresmaktene seier at 46.899 palestinarar er drepne og 110.725 såra i israelske angrep sidan krigen starta.
Det israelske forsvaret (IDF) oppgir at dei ikkje har sivile menneske som mål, men ønskjer å øydeleggje tunnelar og annan infrastruktur som Hamas bruker for å angripe Israel. IDF seier at dei prøver å unngå å skade sivile og skuldar militante palestinarar for å gøyme seg blant sivile.
– Få leve i fred
Det bur 2,2 millionar menneske på Gazastripa. Ifølgje FN er 90 prosent av dei drivne på flukt, og mange manglar mat.
Avtalen mellom Israel og Hamas gir håp - både om fred og om at etterlengta nødhjelp kan komme inn i området.
Tareq Zumlot har flykta frå Jabalia, nord på Gazastripa.
– Vi håpar at denne våpenkvila er reell. Vi ønskjer å dra tilbake til heimen vår i Jabalia og treffe igjen familie og venner. Vi håpar å kunne leve i fred, seier Zumlot.
Publisert 18.01.2025, kl. 22.21