Det stadfestar manager Ole Waage i ei pressemelding.
– Hans sovna fredeleg inn med sine nærmaste til stade etter lang tids kreftsjukdom, skriv han i ei pressemelding.
Waage legg til at familien ber om ro i sorga.
Musikaren frå Verdal hadde ei lang karriere der han var kjend frå mellom anna gruppa Vømmøl Spellmannslag og som karakteren Ola Uteligger.
Lang karriere
Rotmo hadde ei 60 år lang karriere som musikar, låtskrivar, dramatikar og forfattar.
I 1964 debuterte han med gruppa Valley boys.
Seinare blei han kjend som mellom anna frontfigur i Heimevernslaget.
I 1973 grunnla han Vømmøl Spellmannslag som naut stor suksess på 70-talet med mellom anna hittar som «Førarkortet» og «Det er itjnå som kjem tå seg sjølv».
Seinare skapte han også karakteren Ola Uteligger.
Planla turné
Rotmo skulle eigentleg ut på turné i år i anledning at det er 50 år sidan Vømmøl Spellemannslag blei stifta.
Tidlegare i år blei turnéen utsett på grunn av Rotmo si kreftdiagnose. Det blei kjend i Trønder-Avisa.
Da hadde Rotmo på nytt fått påvist sjukdommen.
– Sjølv om du blir erklært fri for kreftsjukdommen som har herja, har du aldri garantiar for at den ikkje kjem tilbake, sa Rotmo i et intervju med Trønder-Avisa i 2020.
Publisert 24.10.2024, kl. 17.15 Oppdatert 24.10.2024, kl. 18.30