Håner svenskane etter Instagram-innlegg: – For nokre taparar

1 month ago 26



«Dei svenske herrane var best på stafetten med tre lag på topp seks», skreiv Instagram-kontoen til Det svenske orienteringsforbundet etter EM.

Det fekk det norske orienteringslaget til å reagere, for Kasper Fosser, Eirik Langedal Breivik og Eskil Kinneberg vann nemleg EM-stafetten for Noreg.

Det norske forbundet følgde derfor opp med eit Instagram- og Facebook-innlegg, som adresserte den noko pussige svenske definisjonen av «best».

«Vi vil bruke denne moglegheita til å gratulere svensk orientering i å vere «best på stafetten». For framtidige løp håpar vi de held fram med å vere definisjonen deira av best.»

Slik lydde teksten på innlegget, før nordmennene avslutta med eit stikk på svensk:

«2. plats är ju också jättebra».

Her kan du bla deg gjennom heile innlegget:

Kjempeteit

Hjernen bak innlegget til «Norsk Orientering» er orienteringsløpar Håvard Sandstad Eidsmo. Han er ein av fleire som styrer kontoen til forbundet.

Eidsmo liker å fleipe litt på sosiale medium, og kunne ikkje la den svenske ytringa gå upåakta hen.

– Eg sat og såg dette innlegget frå Sverige og tenkte eigentleg «for nokre taparar». Eg veit ikkje heilt kva ein skal seie, men eg synest det var kjempeteit. Dei blei jo slått, forklarer landslagsløpar Eidsmo til NRK.

Håvard Sandstad Eidsmo

MANNEN BAK: Håvard Sandstad Eidsmo stod for vitsane på Instagram.

Foto: NTB

– Eg la ut innlegget på Instagram mest for gøy. Eg synest sånne ting er litt morosamt, og komme med litt stikk mot kvarandre, seier 26-åringen.

Har fått tilbakemelding frå svenskane?

– Dessverre. Eg har ikkje det.

Svenskane innrømmer feil

Foreløpig har ingen svenske utøvarar likt eller kommentert innlegget, men når NRK tar kontakt med kommunikasjonssjefen i Svensk orientering (SOFT), er det tydeleg at han har fått med seg innlegget.

Tero Marjamäki ler når NRK fortel kvifor vi ringer. Han innrømmer at det gjekk litt fort i svingane da dei la ut teksten om at dei var best på Instagram.

– Kollegaen min la det ut i iveren over at det gjekk så bra på stafetten, så blei det kanskje litt feil. Men det var gøy at det gjekk bra for Noreg for ein gongs skuld, fleipar Marjamäki.

Kommunikationssjef i SOFT
Tero Marjamäki

KOMMUNIKASJONSSJEF: Tero Marjamäki i Det svenske orienteringsforbundet.

Foto: Emma Wallskog / BILDBYRÅN

Eidsmo får med det bekrefta mistanken han hadde:

– Det er eit veldig svensk innlegg – alt er alltid flott. Det er klassisk svensk, sånn eg ser på Sverige. Eg tippar dei var veldig misfornøgde med meisterskapen totalt sett. Stafetten gjorde dei ein veldig god innsats på, men meisterskapen var litt under pari, seier han.

– Det kan stemme, svarer den svenske kommunikasjonssjefen og legg til:

– Nokon ting var bra og nokon ting vil vi forbetre til neste gong.

Orienteringssporten er svært populær i Sverige og tidlegare i sommar imponerte svenskane stort i VM.

– I VM tidlegare i sommar var dei jo steingode, bekreftar Eidsmo, som poengterer at han ikkje vil henge ut Sverige spesifikt:

– Vi skal vere litt forsiktige, for dei er som regel er betre enn oss, smiler han.

Den svenske kommunikasjonssjefen håpar humoren på sosiale medium kan føre til større oppslutning rundt orienteringssporten i Noreg.

– Jo meir merksemd det får, jo betre, seier Marjamäki, som ønsker fleire norske konkurrentar.

Eidsmo trur òg litt moro kan bidra positivt for idretten:

– Det er ikkje sikkert det er så dumt, ein skal ikkje utelukke det iallfall.

Publisert 23.08.2024, kl. 21.50

Read Entire Article