Mellom 150 og 200 demonstrantar sperrar vegen ned til oljeraffineriet til Equinor på Mongstad. Dette er ein varsla demonstrasjon mot olje- og gassnæringa som gruppa Extinction Rebellion står bak.
Blant dei som deltek er den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg.
– Me er her fordi det er krystallklart at det ikkje finst noko framtid i olje. Fossilt brensel fører til død og øydelegging, og difor må me legga press på oljeprodusentar som Noreg, seier Thunberg.
Equinor opplyser at dei har mobilisert beredskapsorganisasjonen sin i samråd med politiet for å handtera situasjonen.
– Me har gjort tiltak for å sikra forsvarleg drift medan aksjonen pågår. Me har også bede tilsette som kan om å ha heimekontor, seier pressetalsperson Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor til NRK. Drifta er så langt ikkje påverka av aksjonen.
Mongstad-raffineriet er det største oljeraffineriet i Noreg. Det kan handtera rundt 12 millionar tonn råolje årleg, og produserer blant anna bensin, diesel og flydrivstoff, ifølgje Equinor.