Ein far vart dømt i Borgarting lagmannsrett i 2016 for vald mot sitt eige i barn.
Ungen hadde ei hjernehinnebløding, og lagmannsretten meinte far var grunnen til at barnet hadde denne skaden.
No har gjenopptakingskommisjonen bestemt at saka blir gjenopna.
– Eg ønskjer ikkje å kommentere det på noverande tidspunkt, seier advokaten til mannen, Petter Mandt.
Fleire moment som skapar tvil
Kommisjonen skriv i ei pressemelding at det er fleire moment i saka som skapar tvil.
Mellom anna at der ikkje er andre skadar enn hjernehinnebløding. At det er manglande eller avgrensa vurderingar av enkelte differensialdiagnosar, og ei viss utvikling innafor den medisinskfaglege kunnskapen.
Publisert 28.10.2024, kl. 09.42 Oppdatert 28.10.2024, kl. 09.55