Fylket vil kutte hurtigbåten Viktoria (16) treng for å kome heim: – Forferdeleg trist

1 week ago 18



Hurtigbåten som til no har frakta nordlendingar i vinterhalvåret skal ikkje lenger gå frå Bodø til Lofoten. Og på laurdagane skal det ikkje gå hurtigbåt verken nord eller sør i fylket.

Det er kva fylkespolitikarane, med senterpartipolitikarar i spissen, ønsker.

Hurtigbåt på sambandet Bodø-Svolvær. Boreal

Allereie frå neste haust vil fylkesrådet spare ti millionar kroner på drift av hurtigbåt. Frå 2026 blir utgiftene enno meir redusert. Til saman skal dei spare 27,8 millionar kroner.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Dei vil nemleg spare nær 30 millionar i hurtigbåtsektoren.

Det betyr at det blir vanskelegare for skuleeleven Viktoria (16) å reise heim i helgane.

– Det blir fullbooka veldig ofte, og det er veldig kjipt å ikkje kunne kome seg heim, seier ho.

– Ser at vi blir nedprioriterte

Viktoria Kristoffersen (16) kjem frå Engeløya i Steigen, men går på vidaregåande skule i Bodø.

Det betyr at heimstaden ligg nesten fire timar i bil frå skulestaden, men under to timar med hurtigbåt.

Men frå neste år vil ikkje denne båten gå, om fylkesrådet i Nordland får det som dei vil.

Ei ung jente med brunt langt hår og sort ulljakke står foran hurtigbåten Regine Normann

Viktoria Kristoffersen er òg representant for Salten Ungdomsråd. Her står ho framfor ein av hurtigbåtane som snart ikkje lenger vil ta ho heim til Steigen i helgene.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Kristoffersen er ei av dei som blir ramma av at fylkesrådet no vil kutte hurtigbåttilbodet i helgene frå september til mai.

– Eg synest det er forferdeleg trist at dei kuttar ned på våre moglegheiter som hybelbebuarar til å komme oss heim i helgene.

Kristoffersen har hatt stor nytte av laurdagsbåten om ho har slutta seint, eller om fredagsbåten har vore innstilt. For ho er det viktig å sjå familien så ofte ho kan.

Hurtigbåt kommer inn til Bodø

Fredagsbåten blir ofte fullbooka. Det er ikkje alltid studentane, slik som Kristoffersen, er tidleg nok ute med å bestille billett. Framover vil det bety at dei ikkje kjem seg heim i helga.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Kutta som politikarane no kjem med, meiner ho gjer det mindre attraktivt å flytte heim når ho blir vaksen.

– Vi ser jo at vår kommune blir nedprioritert. Det gjer det mindre ønskeleg å busetje seg på ein mindre plass, trur ho.

Gjer ikkje noko med ferjene

Fylkesrådet i Nordland la torsdag fram sitt forslag til budsjett for neste år. Her blir fleire hurtigbåtruter Skylda legg dei på Staten.

– Når vi ikkje mottar nok pengar for kompensasjonar for dei utgiftene vi har, er vi nøydd til å gjere omstillingar, seier Marianne Dobak Kvensjø (H), fylkesråd for samferdsel.

Marianne Dobak Kvensjø (H), fylkesråd for samferdsel, har mørkeblondt halvlangt hår, briller, pærleøredobber, hvit skjorte og blå strikkavest. Hun står i et kontorlokale og ser rett mot kamera.

Marianne Dobak Kvensjø (H), fylkesråd for samferdsel, vil ikkje vere med på at dei berre kuttar. Ho peiker på at dei har prioritert 900 millionar kr til buss, ferje og båt dei neste fire åra.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Laurdagen var den dagen fylkesrådet fann ut at hurtigbåten blei brukt minst. Difor meiner fylkesrådet at dei har skjerma der dei kan.

Likevel har dei måtte gjere nokon grep for å få budsjettet til å gå opp. Men ferjene blir verande freda i Nordland.

Dei gjer det mogleg å ha arbeidsplassar i distrikta, meiner fylkesråden for samferdsel.

Bildet viser et tårn i glass rett ved siden av en ferge som ligger til kai.

Foto: Anette Stensholt / NRK

– Ferjene er viktige pendlarvegar. Dei er viktige for næringslivet og for at innbyggarane skal kunne ta med bilen når dei drar ut, seier Kvensjø.

I juli i fjor blei det gratis å reise med nesten alle ferjene i Nordland. Det gjer at færre bruker hurtigbåtane, og difor hamna dei nedst på prioriteringslista.

Meir til forsvar og mindre til distrikt

Nordland er ikkje det einaste fylket der distriktspolitikk har måtte vike for økonomi.

I Møre og Romsdal er det store protestar mot kutt i ferjetilbodet. Også i Vestland er det varsla enorme kutt i tilbodet.

Senterpartiet (Sp) har distriktspolitikk høgt på agendaen i sine program. Men fylkesrådsleiaren i Nordland frå Sp meiner kutta i distrikta har ein naturleg forklaring.

– Senterpartiet må legge fram eit budsjett for heile landet, seier Svein Øien Eggesvik.

– No bruker vi veldig mykje meir på Forsvaret. Det budsjettet er auka med 40 prosent og vil merkast, særleg i Nordland.

En skallet mann med grått skjegg og dress tar på seg ytterjakken og snakker med noen til venstre for kamera.

Fylkesrådsleiar i Nordland, Svein Øien Eggesvik, meiner det gir meining at Senterpartiet kuttar på sin vakt, fordi dei gir mykje meir til forsvaret.

I tillegg peiker han på at kutta ikkje kjem frå politisk vilje.

– Når kostnadsveksten blir så høg er ikkje kommunane og fylka skjerma.

Regjeringa har varsla at kommunane skal få meir å rutte med, men mange meiner ikkje det er nok.

– Nokon kommunar har kanskje brukt for mykje på investeringar. Då er det vanskeleg å balansere dette frå regjeringa og gi rett med pengar til kommunane og fylka, seier Eggesvik.

– Kva tenkjer du kutting i tilbod til distrikta seier til Senterpartiet sine veljarar?

– Senterpartiet har gitt mykje positive ting til distrikta, som til dømes gratis ferjer. Det er faktisk betre å bu i distrikta no enn før.

Til Viktoria som står igjen på hurtigbåtkaia utan tilbod i Bodø seier Eggesvik at dei må prioritere.

– Bur du på ein øy må du ta båt. I Steigen kan dei køyre på veg i tillegg. Vi har også tatt ned prisen på hurtigbåtane, og dei går framleis seks dagar i veka på sommaren.

Publisert 17.11.2024, kl. 09.33

Read Entire Article