Sirdal vil gi alle som bur der 4000 kroner. Det meinar redaktøren i Fvn er feil.
Redaktøren skriv at det er ikkje rett at kraftkommunar skal ha betre økonomi enn andre kommunar. Fy!
Kraftkommunane er stort sett kommunar som ligg i utkanten. Redaktøren bør også tenkje på følgjande: Kor lang tid brukar han: Til ein flyplass? Til ei ferje? Til sjukehus? Til teater? Til konsert? Kor mange og ulike aktivitetar i fritida kan barna hans ta del i?
Og er ikkje dette nok, kan barna til redaktøren bu heime medan dei studerer ved UiA. Kva er 4000 kroner mot å bu gratis heime?
Klimaet i Sirdal er kaldare enn i Kristiansand. Og fyringsutgiftene er høgare. Nei, la sirdølane få dei ekstra kronene. Det fortener dei.
Meningsløse forskjeller i kommuneøkonomien
Abonnent