Frankrikes nyutnemnde statsminister går av

3 hours ago 1



Frankrikes statsminister Sébastien Lecornu har levert avskjedssøknaden sin til president Emmanuel Macron.

Det skjer berre nokre timar etter at Lecornu utnemnde ny regjering.

Presidenten har godkjent avskjeden, melder nyheitsbyrået AFP.

Fleire utskiftingar

Lecornu blei utnemnd som statsminister 9. september, etter at den tidlegare statsministeren François Bayrou måtte gå av same veka.

Før det var han forsvarsminister.

Dermed har han vore statsminister i 27 dagar.

Den ferske statsministeren har møtt kraftig motstand i den franske nasjonalforsamlinga og mangla parlamentarisk fleirtal.

Med det blir Lecornu den femte statsministeren som går av i Frankrike sidan 2024.

Frankrike har den siste tida vore prega av store demonstrasjonar mot regjeringa sitt budsjettforslag.

Budsjettforslaget inneheld omfattande kutt i offentleg pengebruk.

Fleire meiner no at president Macron sjølv bør trekke seg.

to menn i dress

Sébastien Lecornu og Emmanuel Macron.

Foto: AFP

Skaper reaksjonar i Frankrike

Regjeringa Lecornu utnemnde, var i stor grad uendra frå den førre. Det har utløyst skarp kritikk på tvers av det politiske landskapet i Frankrike.

Leiaren for Nasjonal samling (RN), Jordan Bardella, sa til franske medium at «den kortvarige statsministeren hadde ikkje rom til å manøvrere».

– Det var utan tvil Emmanuel Macron sjølv som danna regjeringa. Det kan ikkje bli stabilitet utan eit nyval og oppløysing av nasjonalforsamlinga, uttaler Bardella til BFMTV.

Marine Le Pen og Jordan Bardella

Leiaren for Nasjonal samling (RN), Jordan Bardella. Her saman med den tidlegare leiaren av RN, Marine Le Pen

Foto: AFP

Også Jean-Luc Mélenchon frå venstresida reagerer.

Etter avgangen til Sébastien Lecornu krev vi at forslaget frå 104 representantar om riksrett mot Emmanuel Macron blir behandla straks, skriv han på X.

Den tidlegare IMF-økonomen Olivier Blanchard skriv på X at regjeringa har gjort eit alvorleg feilgrep.

Vanskeleg å forstå kva Macron og Lecornu tenkte på då dei presenterte nesten same regjering, med eitt upopulært unntak. Like påfallande er at debatten handlar om personar, og ikkje om sakene, skriv han.

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen si podkast:

Publisert 06.10.2025, kl. 10.02 Oppdatert 06.10.2025, kl. 10.37

Read Entire Article