Forsvarar: – Nokon i familien kan vera skuldig

1 month ago 16



Kampen om sanninga er i gang i det som blir skildra som den verste overgrepssaka i Norge i nyare tid.

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARET: Bak frå venstre står Robert Fonn, Alexander Sele, Ingvill Gjerstad, Astrid Aksnes, Kim Villanger, Jan Henrik Høines og Helene K. Hjelmaas. Kai-Inge Gavle var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 10.09.2024 15:20

– Det er snakk om grove og omfattande seksuelle overgrep over fleire år mot fleire barn på ein måte som det er vanskeleg å finna samanliknbare saker om, samanfatta Hordaland tingrett i vinter.

Heller ikkje «Alvdal-saka» meiner dei kan måle seg med dei grove overgrepssakene som involverer to familiar i Ullensvang i Vestland fylke.

Eitt foreldrepar og deira eldste son vart i vinter funnen skuldige i grove valdtekter av dei to yngste barna i familien. 

Nabomannen i 30-åra vart dømd for valdtekter av både nabojenta (12) og sin eigen son (11).

Alle nekta straffskuld då ankesaka begynte denne veka

 Helge Birk Knudsen / TV 2
DOMMEN: Dette er dei tiltalte og dommen dei fekk i Hordaland tingrett i vinter. Foto: Grafikk: Helge Birk Knudsen / TV 2

I hovudsak meiner forsvararane at barna kan ha blitt påverka til å fortelje om overgrep som ikkje har skjedd, i samtalar med barnevernstilsette.

Overgrep i dusj

Overgrepsskildringane til søskenparet er til tider groteske, sadististiske og rett ut brutale. 

Men nokre av skildringane til barna er også meir nøkterne og på linje med det ein høyrer frå barn i andre overgrepssaker.

Dommarane i tingretten påpeikar at forklaringane til det eldste offeret, den no 17 år gamle guten, startar med at faren forgreip seg mot han under dusjing.

Nokre år seinare eskalerte det til å involvere tre vaksne og to barn.

 Jon Bolstad / TV 2
NY SAKKUNNIG: Vitnepsykolog Ellen Margrethe Wessel er rettsoppnemnd sakkunnig og skal vurdere samtalane barna har hatt med barnevernet forut for dei tilrettelagde avhøyra. Foto: Jon Bolstad / TV 2

– Nokon kan vera skuldige

Men, skjedde overgrepa i det heile tatt? Eller skjedde berre delar av det? 

Er alt resultat av uheldig påverknad ovanfor barna? Når i saka skjedde isåfall det? Eller har barna fått falske minner? 

Det er den sanninga det er kamp om i Gulating lagmannsrett i Bergen dei neste tretten vekene. 

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARAR STOREBROREN: Advokatane Alexander Sele og Ingvill Gjerstad i Gulating lagmannsrette. Foto: Robert Reinlund / TV 2

For den tiltalte storebroren sin del, kan det sjå ut som at forsvararane vil argumentere for at sanninga ikkje er «enten eller», men kanskje ein stad midt mellom.

Dei bad lagmannsretten vurdere overgrepsskildringane opp mot kvar enkelt tiltalt.

– Det betyr at retten kan finne at nokon er skuldige og andre er uskuldige. Det gjeld særleg opp mot dei andre i den same familien, sa forsvarar Ingvill Gjerstad til dommarane.

Tekniske bevis og forklaringane til barna

Dette er bevisbildet statsadvokaten presenterte i tingretten. Det består av indisiar, tekniske bevis, vitneforklaringar og avhøyr av vitne.

I straffesakene mot foreldra og storebroren:

Barna sine forklaringar, som påtalemakta meiner er truverdige. Overgrepa har skjedd mange stader, også på ferieturar utanfor kommunen. Nokre gongar skal heile familien ha vore involvert i overgrepa. Andre gonger skal far eller mor ha vore aleine om overgrepa. Det skal ha skjedd fleire stader i huset, både i dusjen og på soveromma.

Faren i 50-åra er tidlegare dømd for å ha lasta ned og delt overgrepsmateriale av barn. På nettet gjekk han under kallenamnet «Blondpus» og chatta med andre om overgrep mot barn. Mykje av det beslaglagde materialet er svært grovt. Påtalemakta meiner det er påfallande at mykje av det speglar det barna fortel dei er utsette for.

Det er funne sæd frå faren i madrassa i senga til dottera.

Då faren hadde sona ferdig i fengsel, slapp mora han inn igjen i heimen med barna. Sjølv om mannen i retten erkjente det han hadde gjort, har ho gitt uttrykk for at han blei utsett for justismord. Etter få dagar utanfor fengsel var faren i gang igjen med å søke etter overgrepsmateriale på nettet.

Søk på Google-kontoen til storebroren indikerer seksuell interesse for søster, meiner statsadvokaten. Det er gjort funn av søkeord som «jeg tenner på søstera mi» og andre detaljerte søk som omhandlar seksuelle handlingar med søster.

I straffesaka mot nabomannen:

Barna sine overgrepsskildringar, som statsadvokaten meiner er truverdige. Dei skildrar mellom anna overgrep i dusjen, ei kjellarstove, på soverommet og i eit telt i hagen.

Nakenbilete av nabojenta (11), som naboen lagra i ei kryptert mappe på mobilen kalla «intern info jobb». Han har sjølv forklart at det var sonen som tok bileta. I ein bildeserie er mannen avbilda kun iført undertøy, med jenta på fanget, også ho i berre trusa.

DNA-funn av same jenta på fleire sexleiketøy.

Varsel til barnevernet frå andre i lokalsamfunnet. Dei reagerte på den fysiske kontakten mellom mannen og jenta på leikeplassar og i symjehallen. Det skal ha vore kyssing og klemming.

Enormt mykje kontakt mellom jenta, som då var sju år, og nabomannen på chatteprogrammet «Duo». Statsadvokaten omtala den hyppige kontakten som «ellevill».

Peikar også på kvarandre

For det er ikkje slik at dei fire tiltalte har sett opp eit felles forsvar, sjølv om alle peikar på mogleg påverknad frå barnevernstilsette og fosterforeldre.

– Me har ein oppfatning av at dei som er involvert har ein forutinntatt oppfatning av skuld i saka, sa farens forsvarar Jan Henrik Høines til lagmannsretten.

Men som TV 2 tidlegare har fortald peikar også dei tiltalte på kvarandre. 

Mora i 40-åra gav i tingretten uttrykk for at ho trur på dottera når ho fortel om overgrep frå den medtiltalte nabomannen. Ho trudde også på sine eigne barn når det gjaldt mannen hennar, fram til ho vart sikta sjølv.

Nabomannens forsvarar har stilt spørsmål om det jenta (12) fortel, er overgrep ho har opplevd heime men som ho overfører til naboen.

Storebroren meiner hans eigen far er pedofil. Også han trudde først på søskena sine då dei fortalde om overgrep frå faren deira.

Det siste handlar om at faren i 50-åra i 2018 vart dømd til eitt års fengsel for å ha lasta ned fleire tusen bilete og videoar av grove overgrep mot barn.



- Jente (11) og gut (16), som er barna til foreldreparet og søskena til den tiltalte storebroren

- Gut (10), sonen til nabomannen

Nabomannen er også tiltalt for grove overgrep mot dattera til foreldreparet.

Dei tiltalte risikerer alle 21 års fengsel, men nektar straffskuld og seier overgrepa aldri har skjedd.

Forsvararane meiner det kan vera snakk om falske minner og/eller systemsvikt i barnevernet og politiet slik at barna har blitt påverka til å fortelje om overgrepshandlingane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Ingen barn kan fortelje dette, utan å ha opplevd det sjølve

Kva skjedde før avhøyra?

Storebroren vart også sikta først fleire månadar etter at dei tre andre allereie var tiltalt. 

I tingretten meinte storebroren det kan handla om at han tok foreldra si side i ein sivil sak hausten før. Der omtalte han foreldra sine som «gode».

– Etter at eg sa det, fortel veslebror i avhøyr at også eg har forgripe meg, sa han i tingretten.

TV 2 er kjent med at storebroren meiner nokon andre lanserte «ideen» til veslebroren om at også han kunne vera involvert.

I tingrettsdommen vedgår dommarane at dei utstrekte samtalane barnevernstilsette og fosterforeldre hadde med søskenparet var eigna til å påverka.

– Allereie i det første møtet mellom jenta og beredskapsmora blir det gjort dei første, fatale feila, sa nabomannens forsvarar Kai-Inge Gavle til lagmannsretten. 

Fostermor: – Eg veit eg har tråkka i salaten

Vitnepsykolog kan bli sentral

Rettssaka held fram med innlegg frå vitnepsykolog Ellen Margrethe Wessel, før det blir avspeling av kring 50 timar med tilrettelagde avhøyr av dei tre fornærma barna.

Wessel er rettsoppnemnd sakkunnig og har gjort ei vurdering av samtalane barna hadde med barnevernstilsette før dei gjekk i politiavhøyr.

Dei tilrettelagde avhøyra inneheld som kjent svært detaljerte skildringar.

– Mykje av det vi skal høyre kan setja djupe spor, eller kanskje aldri bli gløymd, åtvara advokat Gavle til dommarane.

Read Entire Article