FN-bil blei skoten – stansar hjelp i Gaza

1 month ago 19



Den kvite FN-bilen, merket med FN logo, var på veg mot et israelsk sjekkpunkt i Gaza. Da køyretøyet var nokre meter unna sjekkpunktet, begynte israelske soldatar å skyte.

Bilen blei treft av minst ti kuler: fem på førarsida, to på passasjersida og tre på andre delar av køyretøyet. Ingen av dei tilsette om bord vart fysisk skadde.

hendelsne har fått FNs matvareprogram til å stoppe all aktivitet til sine tilsette i Gaza intil vidare etter at eit FN-team vart utsett for skyting om kvelden den 27. august, nokre meter frå ein israelsk sjekkpunkt ved Wadi Gaza-brua.

Teamet var på veg tilbake frå eit oppdrag til Kerem Shalom/Karam Abu Salem med to pansra FN-køyretøy etter å ha eskortert ein konvoi av lastebilar som frakta humanitær last til Gaza sitt sentrale område.

Ei gruppe palestinarar har samla seg for å få tak varer frå hjelpeorganisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA).

Ei gruppe palestinarar har samla seg for å få tak varer frå hjelpeorganisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA).

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

– Trass i å vere tydeleg merkte og ha motteke fleire klareringar frå israelske styresmakter om å nærme seg, vart køyretøyet direkte råka av skyting medan det nærma seg ein sjekkpunkt frå dei israelske forsvarsstyrkane (IDF).

Sjølv om dette ikkje er den første tryggingshendinga som har skjedd under krigen, er det første gong at eit FN-køyretøy har blitt direkte skote på nær ein sjekkpunkt, trass i å ha skaffa dei naudsynte klareringane, som per standard prosedyre.

Ei jente sit på eit lasteplan å drikk vatn frå ein plastpose. Naudhjelpa kjem frå FN og UNRWA.

Ei jente sit på eit lasteplan å drikk vatn frå ein plastpose. Naudhjelpa kjem frå FN og UNRWA.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Mer nød - mindre hjelp

FN har i lang tid påpeika hindringar for å få hjelp inn i Gaza under krigen.

– Hjelpearbeid i Gaza er sterkt avgrensa av fiendskap, utryggleik, og masseevakueringsordrar som påverkar transportvegar og fasilitetar for hjelp, sa FNs kontor for koordinering av humanitære saker.

– Dette er totalt uakseptabelt og det siste i ei rekkje unødvendige tryggingshendingar som har sett livet til FN-teamet i Gaza i far seiar FNs Cindy McCain.

– Som hendingane i går kveld viser, feilar det noverande konflikthandteringssystemet, og dette kan ikkje halde fram lenger. Eg ber dei israelske styresmaktene og alle partar i konflikten om å handle umiddelbart for å sikre tryggleiken og sikkerheita til alle hjelpearbeidarar i Gaza.

IDF skal sjå nærmare på saka

Ifølgje Reuters har det israelske forsvaret (IDF) uttalt at dei skal sjå nærare på hendinga.

– Staten Israel er forplikta til å forbetre koordineringa og tryggleiken for humanitære organisasjonar for å sikre effektiv levering av bistand, seier IDF.

FNs tryggingsråd skal møtast torsdag for å diskutere den humanitære situasjonen på Gazastripa. Dette er etter eit initiativ frå Storbritannia og Sveits.

Publisert 29.08.2024, kl. 06.47 Oppdatert 29.08.2024, kl. 07.28

Read Entire Article