Fleire kjøper flybillettar etter halvering av prisane

4 weeks ago 23



5. april 2024 kl. 08:23

– Halvering av maksimalprisen på anbudsrutene er gode nyheiter for alle dei som er heilt avhengig av fly som kollektivtransport. Vi registrerer ei endring i bestillingsmønsteret etter reduksjon av maksimalpris.

Det seier Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerø, i ei melding frå flyselskapet.

Frå 1. april blei det opp mot halvparten så dyrt å fly til distrikta i Noreg, etter at regjeringa har brukt 1 milliard kroner på å kutte prisane i FOT-rutene, altså dei rutene som staten legg ut på anbud.

Salet på desse rutene har auka med 33 prosent. Førre månad informerte Widerøe om at salet auka med 40 prosent.

Det betyr at kundane bestiller på eit tidlegare tidspunkt, men når avreisedagen nærmar seg blir billettane bestilt i eit «meir normalt tempo».

– Samtidig som at maksimalprisen er redusert har også kapasiteten auka, og vi er spente på å følge utviklinga framover, seier Nilsen.

Widerøe, som er positive til billegare flyreiser, har tidlegare åtvara om at endringa kan gi utfordringar for folk som reiser som pasient eller i samanheng med arbeid.

Read Entire Article