Fleire jenter vil bli fiskarar: – Det er kjempegøy

2 hours ago 4



– Eg var forberedt på at det kanskje var meg og ei anna jente eller to. Men første skuledag var eg sånn: Oj! Her var vi mange, fortel Emily Verting.

Ho er ute i båt for å sette krabbeteiner saman med dei andre i førsteklasse Naturbruk på Herøy vidaregåande skule. Dei er seks jenter og åtte gutar i klassa. Så mange jenter har det aldri gått på denne linja før.

– Det er kjempegøy. Eg elskar Naturbruk, slår Emily fast medan ho sakte men sikkert slepper ut krabbeteina.

Emily Verting og Martine Moltumyr.

Emily Verting (til høgre) og Martine Moltumyr setter ut krabbeteiner.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Aldri vore så mange

For å bli fiskar, må dei velje vg2 Fiske og fangst neste år.

Talet på jenter som vel dette her i landet har auka kraftig dei siste 12 åra, viser tal frå Utdanningsdirektoratet:

  • I 2012/2013 var det 5 jenter og 117 gutar som tok vg2 Fiske og fangst, altså var 4 prosent jenter.
  • NRK har samla inn nye tal frå alle skulane som viser at det går 46 jenter og 203 gutar på denne linja skuleåret 2024/2025, altså over 18 prosent jenter.

Ved Ålesund vidaregåande skule har dei for første gang halvparten jenter på vg2 Fiske og fangst.

Sju jenter og sju gutar går i klassa i år.

– Det meste vi har hatt før er fire jenter, så det har aldri vore så mange, seier kontaktlærar Sverre Haugen.

Herøy vidaregåande skule, Naturbruk.

Gutane i klassa ute for å sette krabbeteiner ikkje langt frå skulen i Fosnavåg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tala NRK har henta inn viser likevel at Ålesund er unike. Det er 15 skular i landet som tilbyr linja dette skuleåret. I alle dei andre fiske- og fangst-klassene på vg2 er gutane i fleirtal.

Det er også ein stor overvekt av menn blant yrkesfiskarane her i landet, så det er eit godt stykke igjen til full likestilling.

Trudde han var i feil klasserom

Timian Ertesvåg er ein av gutane som går på Naturbruk ved Herøy vidaregåande skule.

Han likar seg veldig godt på skulen, og aller best dei dagane dei får vere ute.

På timeplanen er det lagt opp til to og ein halv dag ute med praktisk arbeid, og den andre halvparten av veka er det vanleg teori.

Timian Ertesvåg, naturbruk, Herøy vidaregåande skule.

Timian Ertesvåg vart overraska over kor mange jenter det var i klassa.

Foto: Remi Sagen / NRK

Timian synest det er fint med mange jenter i klassa.

– Det blir litt meir livleg. Det er kjekt.

Men han innrømmer at det var overraskande å komme inn i klasserommet og sjå alle jentene første skuledag.

– Eg trudde verkeleg ikkje det var Naturbruk eg hadde signert opp for, seier han.

Trudde du at du var i feil klasserom?

– Ja, eg trudde det, smiler han.

Malin Nerland, Martine Moltumyr og Emily Verting.

Malin Nerland (frå venstre), Martine Moltumyr og Emily Verting ute for å sette krabbeteiner.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ufatteleg kjekt

Lærar på Herøy vidaregåande, Per-Ove Voldsund set stor pris på utviklinga med fleire jenter.

– Det er ufatteleg kjekt. Det er eit teikn på at hospiteringa og karrieredagane vi har, fungerer. Det gjer at jentene også ser litt meir kva naturbruk er for noko, seier han.

Per-Ove Voldsund, lærar, Herøy vidaregåande skule.

Per-Ove Voldsund er opptatt av å lære elevane å respektere kvarandre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire i bransjen har jobba med likestillingsprosjekt dei siste åra. Marint Kompetansesenter har arrangert jenteleir for 10.-klassingar to år på rad, og prosjektleiar Ragnhild Giskeødegård seier dei no ser effekten.

– Dei som har vore på leirane tar også med seg venninner til utdanningane. At det skulle vere så effektfullt, hadde vi eigentleg ikkje forventa.

Ho understrekar at gutane er svært velkomne til yrket dei også, men at det er positivt med ein betre balanse enn før.

Ragnhild Giskeødegård, Marint Kompetansesenter

Ragnhild Giskeødegård i Marint kompetansesenter seier alle arbeidsplassar har godt av mangfald.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Giskeødegård får støtte av fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss. Ho trur alle yrke har godt av mangfald og kjønnsbalanse.

– Dette gjer meg veldig glad. Fiskeriyrket har vore veldig mannsdominert. Så det at vi no får fleire jenter, trur eg er positivt for absolutt alle, seier ho.

Milla Longva, naturbruk Herøy vidaregåande skule.

Milla Longva likar veldig godt å ha deler av skulekvardagen ute i frisk luft.

Foto: Remi Sagen / NRK

Milla Longva styrer båten med stødig hand ute på sjøen nokre hundre meter frå skulen i Fosnavåg. Rundt elevane køyrer også to større fiskebåtar.

Ho er sikker på kva ho vil bli.

– Det er jo fiskar, då.

Naturbruk, Herøy vidaregåande skule. Milla Longva.

Milla Longva navigerer skulebåten inn mot kai.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert 10.10.2024, kl. 20.25

Read Entire Article