Fleire gislar slopne fri i Gaza

1 month ago 19



Laurdag skal Hamas og Israel ha ei ny overlevering av gislar og fangar, som del av våpenkvileavtala.

Fyrst vart to gislar overleverte til Røde Kors i Rafah.

På bileta kan ein sjå at dei to vert tekne ut av ein bil, før dei vert følgde opp på ei scene. Deretter vert dei frakta inn i Røde Kors-bilar.

Rundt klokka 11.30 viste direktebilete tre andre gislar på ei scene i Nuseirat, fleire av dei smilande.

Ifølge fleire medium er det Omer Shem Tov, Omer Wenkert og Elya Cohen. Dei tre vart så overleverte til Røde Kors.

Litt før klokka 14 norsk tid stadfestar Det israelske militæret (IDF) at den sjette gisselen er sloppen fri og overlevert til Røde Kors, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Ifølge israelske medium er det Hisham Al-Sayed. IDF bekreftar like over klokka 14 Al-Sayed no er i Israel.

Bevæpnede soldater i kamuflasje-klær iført finlandshetter og grønt bånd rundt hodet, i bakgrunnen slitte bygninger

Òg i Nuseirat er det mange Hamas-soldatar på plass før frisleppinga av gislar.

Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTB

– Utenkeleg liding

Det er Tal Shoham og Avera Mengisto som vart slopne fri i Rafah i den fyrste overleveringa.

Hamas-soldater og to gisler oppe på en scene, omgitt av våpen og andre militæreffekter

Tal Shoham og Avera Mengisto vart frakta opp på ei scene før dei vart overleverte til Røde Kors. I bakgrunnen hang ein stor plakat med propaganda.

Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTB

Ifølge Reuters har Avera Mengisto sete fanga i Gaza sidan september 2014. Han er fødd i Etiopia, men veks opp i Israel.

– Familien vår har halde ut ti år og fem månader med utenkeleg liding, skriv familien hans i ei utsegn etter frisleppinga, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Familien til Tal Shoham skildrar frisleppinga som ein ugløymeleg augeblink.

Samstundes tek dei til orde for å stå fast ved andre fase av våpenkvileavtala og sikra frislepping av alle gislane.

– Det er eit vindauge no der det er mogleg, me må ikkje gå glipp av det, seier dei i ei utsegn sitert av Haaretz og Al Jazeera.

Folkemengde, flagg og hvite Røde Kors-biler

Røde Kors står for sjølve overleveringa av gislane frå Hamas til IDF.

Foto: EBU

Desse skal sleppast fri

Hamas seier at dette er gislane som skal sleppast fri laurdag:

  • Eliya Cohen
  • Omer Shem Tov
  • Tal Shoham
  • Omer Wenkert
  • Hisham al-Sayed
  • Avera Mengisto

Ifølgje israelske medium er alle desse no i Israel. IDF bekreftar at seks gissler er slippen fri.

Til gjengjeld skal Israel sleppa fri 602 palestinarar, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Det er førebels ikkje kjent kven desse er. Men Jerusalem Post skriv at 47 av dei som skal sleppast fri, vart arresterte på nytt etter å ha vorte slopne fri i samband med ei tidlegare avtale om fangeutveksling.

Den avtalen fann stad i 2011, då den israelske soldaten Gilad Shalit vart sloppen fri etter fem år i fangenskap i Gaza.

Massivt oppbod

Bilete frå staden viser særs mange væpna Hamas-soldatar ved overleveringa i Rafah.

Der heng òg propagandaplakatar med mellom anna bilete av israelske soldatar.

Stor vei med folkemengde og flere biler i forbindelse med overlevering av gisler i Gaza

Mange menneske har møtt opp i samband med gisseloverleveringa. Blant dei er det mange Hamas-soldatar.

Foto: Mohammad Abu Samra / AP/NTB

Hamas seier laurdag at dei er klare til å gå vidare til fase to av våpenkvileavtala, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Del av våpenkvileavtala

Dette er den siste utvekslinga av gislar og fangar i fyrste fase av våpenkvileavtala mellom Hamas og Israel.

Nøyaktig kva som står i avtala, er ikkje offentleg kjent. Fleire utanlandske medium har likevel kjeldeopplysingar på kva som står der.

I fyrste fase av avtala skal:

  • 33 israelske gislar sleppast fri
  • 30 palestinske fangar skal sleppast fri for kvar frigitte gissel. 50 palestinske fangar skal sleppast fri for kvar kvinnelege israelske soldat som vert sett fri.
  • Israel skal gradvis fjerna styrkane sine frå folkesette område i Gaza, men skal framleis ha kontroll på grensa mellom Gaza og Egypt.
  • 600 lastebilar med naudhjelp skal sendast inn i Gaza dagleg.

Vil du lesa meir om våpenkvileavtala og dei neste fasane?

Israelarar feirar

Fleire israelarar har samla seg på ein plass i Tel Aviv, som etter kvart har vorte døypt om til Gisselplassen.

Der feirar dei frisleppinga av dei to nye gislane.

Folkemengde med plakater og israelske flagg feirer frigivelse av to nye gisler fra Hamas

Plakatar med bilete av gislar og israelske flagg går igjen blant dei frammøtte på Gisselplassen i Tel Aviv.

Foto: Oded Balilty / AP / NTB

Dette er den sjuande utvekslinga av fanger og gislar mellom Israel og Hamas sidan 7. oktober 2023.

445 av desse er personar arresterte på Gazastripa etter denne datoen. 50 av dei sonar livstidsdomar, ifølge nyheitsbyrået.

Publisert 22.02.2025, kl. 08.51 Oppdatert 22.02.2025, kl. 14.39

Read Entire Article