Fjerdedivisjonslag går viralt etter dette: – Har aldri opplevd liknande

4 weeks ago 26



Vi har sett det på Instagram og TikTok. Mange nyheitssider har tatt kontakt. Det er veldig gøy. Det kjennest heilt uverkeleg at det har blitt ei så stor greie. Det har aldri skjedd før, så det er veldig surrealistisk, seier målvakt Nellie Bengtsson til NRK.

Ho har stått i mål for Ängelholm damelag i alle kampane i sesongen.

Ulf johansson på treningsfeltet til Ängelholms damelag.

TRENAR: Ulf Johansson er trenar for Ängelholms damelag.

Foto: Ãngelholms FF

Ulf Johansson er trenar for Ängelholm. Laget speler heimekampane sine i Ängelholm kommune, ein liten halvtime nord for Helsingborg.

Det er utruleg. Eg har trena fotballag i tjue år og har aldri vore med på noko slikt. Eg har aldri høyrt om det. Det er morosamt på eit vis, men det kjennest merkeleg å ikkje vinne serien, seier Ulf Johansson til NRK.

Motstandarane fokuserte berre på ein ting

Utover i sesongen blei det lagt merke til at Ängelholm aldri sleppte inn mål. Dermed endra motstandarane i serien taktikk.

I dei siste fem–seks kampane fokuserte alle på å gjere mål. Dei brydde seg ikkje om dei tapte. Alle lag ville sprekke denne nullen, så vi skulle sleppe inn eit mål. Likevel lykkast vi og sleppte ikkje inn eit einaste mål, seier Johansson.

Vi har gjort ein utruleg forsvarsjobb. Og så har vi ei bra målvakt òg, men det er heile laget som er delaktig.

Tabell

Sjølv utan tap og med null baklengs blei det berre andreplass i fjerdedivisjon, nordvestre Skåne.

Foto: SKJERMBILDE: SVENSKFOTBOLL.SE

Ängelholms damelag speler i svensk fjerdedivisjon. Dei tapte ikkje ein einaste kamp og laget heldt nullen i alle dei 18 kampane. Likevel vann dei ikkje serien. Med femten sigrar og tre uavgjort enda dei på andreplass, eitt poeng bak Ljungbyheds IF, som rykte opp med eitt poeng meir.

Merke større interesse etter viral runde

Det er stor interesse for kva Ängelholms damelag held på med og kvifor dei ikkje slepper inn mål. På måndag gjekk det internasjonalt med YouTube, Instagram og mykje interesse frå aviser. I tillegg har fleire spelarar ønskt å komme på prøvespel.

– Det er fantastisk med all denne merksemda. Laget innser at dei har gjort noko veldig bra og unikt. Det er ikkje mange lag som har klart å halde nullen ein heil sesong. Nå er interessa stor. Det er gøy, seier Johannson.

Dei siste dagane har Nellie Bengtsson og lagvenninnene fått mykje merksemd etter den spesielle sesongen.

Det er førespurnader frå over alt. Det er ikkje berre i Sverige. Det er frå heile verda. Det er folk som skriv i Spania, USA, Frankrike og England. Det er kjempeheftig, seier Bengtsson.

Ängelholms damelag har ikke tapt eller sluppet inn et eneste mål i fjerdedivisjon denne sesongen.

Ängelholms damelag.

Foto: Susanne Kolbäck, Ängelholms FF

I nokre kampar har ho hatt lite å gjere, likevel har ho vore veldig viktig for laget, ifølge trenaren.

– Ho har stått og frose litt og kanskje fått eitt skot på ein heil kamp, men det er nokre kampar der ho har vore heilt avgjerande. Ho redda ei straffe mot Perstorp og gjorde nokre fantastiske redningar mot Hörja og Ljungbyhed, som gjer at vi held nullen, seier trenar Johansson.

Ängelholm har framleis høve til å rykke opp til tredjedivisjon. Dei skal spele opprykksfinale på søndag. Målvakt Nellie Bengtsson trur dei rykker opp.

– Held de nullen på søndag?

Vi går for siger. Det skal mykje til om vi ikkje vinn, viss vi held nullen, avsluttar målvakta med eit lurt smil.

Norsk 12-åring fikk NBA-mulighet: – Var veldig nervøs 01:14

Publisert 24.10.2024, kl. 07.17

Read Entire Article