Norge og Russland har blitt einige om ny kvoteavtale for Barentshavet.
Forskarane ga råd om å redusere torskekvota for neste år med 31 prosent, og tilsvarande ein reduksjon på 24 prosent for hyse. Dette er det lågaste kvoterådet sidan 2003.
Partane har no blitt einige om å redusere kvota for torsk med 25 prosent frå årets kvote. Kvotane er difor litt over det nivået som forskarane har tilrådd.
– Det er bra at vi har fått på plass ein avtale. Det er viktig både for fiskebestandane og forvaltninga at partane er samde om kvoteuttak og forvaltningssamarbeid i Barentshavet, seier styreleiar i Fiskebåt, Christian Halstensen i en pressemelding.