Ferdig i Helse Nord etter nyttår

1 week ago 15



Skjalg Fjellheim har sagt opp direktørstillinga si i Helse Nord. Det bekreftar han til avisa Nordlys.

Han fråtrer stillinga ved årsskiftet.

– Det er mitt val, og vi skiljast som gode venner. No har eg interessante oppgåver framfor meg som eg skal arbeide vidare med i Helse Nord dei komande månadane, seier Fjellheim til avisa.

Planen vidare er å drive ei eiga verksemd, opplyser han.

Fjellheim har tidlegare vore politisk redaktør i Nordlys. Han starta som direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Helse Nord i 2023.

Han tok permisjon frå jobben i Helse Nord for å bli statssekretær i Finansdepartementet under Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Administrerande direktør i Helse Nord, Marit Lind, seier at ho vil takke for hans gode bidrag til Helse Nord og leiargruppa i tida han har vore tilsett.

– Det er få som kjenner Nord-Noreg og politikken så godt som Skjalg, og hans kunnskap og breie nettverk har vore til stor nytte for oss. Eg respekterer og forstår at han ynskjer å gjere noko anna framover, seier ho til avisa.

Read Entire Article