«Feministmanifest med språktrøbbel»

1 month ago 25



Feminist­bibelen vart ho kalla, boka «Kvinde, kend din krop».

Handboka om kvinne­helse var revolusjonerande då ho kom – på ei tid då abort framleis ikkje var lovleg i Noreg.

Mykje har hendt sidan boka kom ut første gongen. Mykje har òg hendt sidan det danske teater­stykket basert på boka vart urframført i 2010.

Bilde fra Kvinne kjenn din kropp

UNDERLIV: Biologi er sentralt i framsyninga «Kvinne kjenn din kropp». Her er Kasper Skovli Botnen (med ballongar) ei levandegjering av kvinna sitt underliv. Ballongane er eggstokkane. Reidun Melvær Berge teiknar og forklarar.

Foto: Andreas Roksvaag

Gammalt og nytt

«Kvinne kjenn din kropp» har vore vist i Noreg fleire gongar – og alle gongane har danske Kamilla Wargo Brekling vore regissør.

Ho er òg dramatikaren bak stykket.

Eit kjapt sveip i forestillings­arkiva viser at ho har nytta same scenografi både i 2010, 2016 og i 2024 – ein scenografi som fungerer godt. Han er lett å flytta på og gjev mange rom og moglegheiter for skodespelarane.

Men det at eit stykke er så likt gjennom så mange år og så mange framsyningar, er òg litt underleg.

Som om det går litt på autopilot.

Framsyninga er skriven for to skode­spelarar, og som i boka er kvinna og kvinne­kroppen i sentrum.

Bilde fra teaterstykket «Kvinne, kjenn din kropp»

FRAKK OG FRIGJORT: Reidun Melvær Berge gir liv og nyansar til mange ulike fasar av det å vera kvinne.

Bilde fra teaterstykket «Kvinne, kjenn din kropp»

Ulike stillingspraksisar vert gjennomgåtte i framsyninga. Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen.

Bilde fra teaterstykket «Kvinne, kjenn din kropp». Reidun Melvær Berge

«Kvinne, kjenn din kropp» er ei feiring av kvinnekroppen. Her: Reidun Melvær Berge.

Difor er nokre scener rein biologi­undervisning, andre tek for seg kjensler og kvinna si rolle i samfunnet i dag. Stykket spelar ut ei rekke sider ved det å vera kvinne, difor vil mange ha mogleg­heiter til å kjenna seg att.

Framsyninga brukar òg mykje humor. Miksen mellom humor, å kjenna seg att, biologi og sjølvhjelp gjev feelgood som resultat.

Stykket er på same tid aktuelt og bakvendt.

Mellom anna er scenene som handlar om menstruasjon, fertilitets­problem, kropps­press og plastisk kirurgi oppdaterte og aktuelle.

Andre sider ved stykket er meir bakpå: som at alt begjær i stykket er retta mot motsett kjønn, og at fantasiar om ein velutstyrt melaninrik mann er med på å underbygga unødvendige stereotypiar.

Det seier meg at stykket er retta mot heterofile, kvite, funksjons­friske kvinner.

Men for all del, det er jo stort sett dei som går i teateret for tida.

Bilde fra teaterstykket «Kvinne, kjenn din kropp»

HØYRT OM NOKON: Kasper Skovli Botnen og Reidun Melvær Berge som to tenåringsjenter som fortel om at dei har høyrt om nokon «som har gjort det».

Foto: Andreas Roksvaag

Språkleg utfordrande

Så om «Kvinne kjenn din kropp» til tider slår inn opne dører, er det like fullt godt spelt ved Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Framsyninga er skriven for to skode­spelarar, og samspelet mellom Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen er godt (Botnen har nok stykket greitt under huda, han spelte same rolla då stykket vart sett opp ved Teater Ibsen i Skien i 2016).

Hoppa mellom humor og alvor er fine.

Eit litt føreseieleg stykke vert redda av godt spel, særleg er Berge god i alle dei raske vekslingane ho skal gjennom både i temperament og kjensler.

Men noko har dei gløymt ved Det Vestnorske Teateret: nynorsken. Regissør og kunstnarleg lag er henta inn frå Danmark – med unntak av teatersjefen sjølv på co-regi.

Under premieren vart det tydeleg at språk ikkje kan ha vore det viktigaste i prøveperioden: Store nynorsk­feil gjekk att så å seia i heile framsyninga.

«Hennes» i staden for «hennar», «ham» i staden for «han» – og rettingar av typen «Eg løper ... eg løpar». Anten har dei bomma i omsettinga av manus, eller så har ikkje teateret vore gode nok på å trygga skode­spelarane sine i nynorsk som scenespråk.

Dette er det same teateret som stolt husa Jon Fosse ord for ord i desember, men denne gongen glapp det for nynorsken sin del.

Ein heilt grei feelgood-kveld i teateret vert denne gongen forstyrra av språkleg rusk og manglande fornying.

Read Entire Article