To personar til sjukehus etter trafikkulykke i Trofors

1 week ago 17



5. mai 2024 kl. 06:55

Ein person blir frakta med luftambulanse til sjukehuset i Sandnessjøen etter ei trafikkulykke på E6 ved Trofors i Nordland. Ein annan person som var med i bilen blei køyrt med ambulanse til same sjukehus.

Bilen skal ha trilla rundt etter å ha køyrt av vegen.

– Vi er framleis på staden og gjer undersøkingar, melder Nordland politidistrikt på X.

Til NRK forklarar operasjonsleiar i politiet, Ivar Bo Nilsson, at det er ein bil med tilhengar, og to personar i bilen, som har køyrt ut av vegen.

– Førar er vel den som er lettast skadd av dei to. Passasjer er flydd med luftambulanse til Helgelandssjukehuset i Sandnessjøen. Og vi har nokre gjeremål igjen der. Vi er på tur til sjukehuset i Sandnessjøen for å prate med i alle fall bilføraren.

Han forklarar at dei to hadde køyrt rett frå vegen og over inn i ei myr. Då har både bil og hengar gjort rundkast i myra. Slik Nilson ser det er verken bil eller tilhengar køyrbar etter dette.

– Så det har vore store krefter i sving, seier han.

– Så seier det litt om skadegrad når helse vel å fly den eine til sjukehus og den andre blir køyrt. Så snart vi får bilførar i tale, får vi sikkert vite noko meir.

Read Entire Article