BOK: Og i England. Kjempers fødeland!
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kaliane Bradley: Ministeriet for tid. Roman. 416 sider. Omsett av Kirsti Vogt. Kagge Forlag.
Denne boka handlar om at engelske styresmakter i nær framtid får tilgang til ein tidsportal, som dei bruker til å henta personar frå fortida, mellom andre den britiske polarhelten Graham Gore frå 1847. Handlinga er veldig lik tv-serien «Beforeigners» og sci-fi-klassikaren «Terminator».
Denne boka har ein hovudperson som er anomymisert. Det passar bra, for hovudpersonen har òg ein ganske anonym personlegdom.
Denne boka er bygd opp om korleis forholdet mellom den anonyme hovudpersonen og den britiske polarhelten Graham Gore frå 1847 utviklar seg. Forholdet utviklar seg akkurat slik ein kunne tenkt seg på førehand.
Denne boka har ein subtil spenningskurve. Det skjer ikkje noko før side 191, og det tar 232 sider før noko dramatisk hender.
Denne boka er opphavleg skriven på engelsk. Det kan ein merka gjennom formuleringar på norsk som «En pedantisk tirsdag», «Solskinnet ble syrlig» og «Han hadde et vesen som var mildt som salat». Og ved at omsetjaren ikkje har klart å omsetja «ministry» til «departement».
Denne boka er skriven av ein kvinneleg forfattar. Det kan ein merka då hovudpersonen blir truga på livet med pistol, og ho reagerer på trugsmålet med å registrera at det skjer i eit «nydelig lite rom, med møbler i beroligende fløte- og sennepsfarger» og at ho som held pistolen «hadde på seg et skråskåret skjørt i blekgul lin som la seg elegant rundt leggene.»
Denne boka er skriven av ein språkleg medviten forfattar. Det kan ein merka på korleis ho konsekvent nyttar interjeksjonar som «Ah. Ahaha», «Å. Øh» og «Mhm» i eit forsøk på å auka kompleksiteten i dialogane. Og gjennom formuleringar som «Høsten senket seg som vakker intarsia», «Jeg hadde et ikke-internalisert forhold til ansiktet mitt», «Sommeren sprang ut og gikk til sengs» og «hun laget en DVD-spiller-bevegelse med munnen og haken som antagelig var et smil» - vendingar som er såpass nyskapande at dei kanskje gir meining berre for forfattaren sjølv.
Denne boka fekk mykje skryt i USA og England. I originalutgåva blir dei fem første sidene brukt på å referera rosande kritikarord. I den norske utgåva nøyer forlaget seg med forsida og første innbrettside på å skildra kor fantastisk, briljant og intelligent (her nemner eg i fleng) denne boka er.
Denne boka har eit noko gjentakande preg. Men det har du kanskje forstått allereie?
Publisert:
Publisert: 21. januar 2025 17:00