Fekk eit nytt liv utan briller, men risikerer alvorlege seinfølger

1 month ago 24



Da Anders Øygard (51) bikka 45 år, begynte synet å bli dårlegare.

Det skjedde så fort. Frå eg var 45 til 50, så forandra auga mine seg mykje. Så eg blei meir og meir blind, for å seie det slik.

Røyrleggaren synest det var mykje herk med briller.

– Eg måtte ha eit par heime og eit på jobb. Eg likte ikkje å ha dei på nasen. Dei var stort sett i vegen, og eg måtte ta dei av og på heile tida for å sjå.

Fekk nok

Ein varm arbeidsdag, liggande med høyrselsvern og doggande briller under ein smal kjøkkenbenk, blei vendepunktet.

Eg såg ikkje kva eg heldt på med, så eg måtte hive av meg brillene. Og da såg eg i alle fall ikkje kva eg heldt på med. Så det blei veldig vanskeleg heile greia med å bruke briller.

Anders Øygard (51) byttet linsen i øyet og ser nå klart igjen.

– Eg hadde sett som ein hauk heile livet. Å gå rundt med briller heile tida, det var liksom ikkje meg, seier Anders Øygard som nyt å vere brillefri igjen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Røyrleggaren valde, som stadig fleire nordmenn, å betale for å operere auga. Det kosta han 80.000 kr å bli brillefri.

I vekst

NRK har kontakta tilbydarar og henta inn tal som viser at augelaser og linsebyteoperasjonar stadig blir meir populært.

Hos Molde synskirurgi har dei aldri har reklamert for tenesta.

Det er rett og slett jungeltelegrafen som er marknadsføringa for oss, seier optikar Per Kåre Johnsen.

Memira, som er størst i Skandinavia innan augelaser og linsebyteoperasjonar, opererer no over 4000 personar i året i Noreg. Dei har ein marknadsandel på 58 prosent her til lands.

Eva Halvorsen, landssjef for Memira i Noreg.

Eva Halvorsen

Foto: Memira

– Det er spesielt stor auke i aldersgruppa 40 til 55 år. 70 prosent av kundane våre gjennomfører linsebyte, seier Eva Halvorsen, landssjef for Memira i Noreg.

Svært mange av kundane deira har ein aktiv livsstil eller har jobbar krev som aktivitet.

– Vi hjelper veldig mange til ein betre kvardag, seier Halvorsen.

Risikerer alvorlege seinfølger

Men seksjonsoverlege og kirurg Pål Varhaug hos Haukeland universitetssjukehus er kritisk til at så mange vel å ta linsebyteoperasjon.

Han seier operasjonen gir forandringar inne i auge som kan føre til nye plager, og gir også auka risiko for mellom anna netthinneløysing.

– Jo yngre ein er når ein gjer den operasjonen, desto fleire år spring ein risikoen for netthinneløysing. Det er ein alvorleg augesjukdom der ein blir blind utan behandling. Sjølv ved behandling vil halvparten av pasientane missa lesesynet på auget.

Kunne du tatt linsebyteoperasjon?

Meiner dei ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon

Dei siste 20 åra har talet på netthinneløysingar auka med 80 prosent, ifølgje ein norsk studie. Noko av auka skuldast at private kundar blir offentlege pasientar.

– Tenker du at tilbydarane informerer om risikoen i tilstrekkeleg grad?

– Fleire av pasientane eg har operert for netthinneløysing etter linsebyte, seinast denne veka, angir at dei ikkje blei informerte tilstrekkelege om dette, seier Varhaug.

Pål Varhaug, Seksjonsoverlege augeavdelinga, Haukeland universitetssykehus

Pål Varhaug er redd for at folk ikkje tar innover seg at det er risiko ved kirurgi. – I utgangspunktet bør ikkje friske auge bli operert. Om man bytter éin synsplage med ein annan, er det ein veldig høg pris for pasienten.

Foto: Bård Kjersem

Hos Memira informerer dei kundar om risiko for netthinneløysing både munnleg og skriftleg.

Pasientane signerer på at dei har lest og forstått dette via eit samtykkeskjema, seier Halvorsen.

Ho seier at studia deira viser at 1 av 100 linsebytepasientar får netthinneløysingar i løpet av 10 år.

Nesten alle er fornøgde

Samtidig er erfaringa til tilbydarane NRK har snakka med at nesten alle kundane er fornøgde. Ifølge Memira er 2 prosent av laserkundane og 3 prosent av linsekundane misfornøgde.

– Det handlar ikkje om feilbehandlingar eller feil under operasjonen, seier Halvorsen.

Årsaka er ifølge ho forventningar som ikkje blir innfridde, eller om forbigåande biverknader som tørre auge, halos eller dårlegare nattesyn.

Optikar Per Kåre Johnsen seier det omtrent aldri skjer noko gale under ein operasjon, men at han åtvarar pasientane som skal skifte linse mot å tru at de vil få synet dei hadde som 20-åring tilbake.

– Det blir meir som da ein var 40 år. Enkelte gonger kan det vere at ein må ta fram ein brille om du skal gjere noko heilt spesielt. Vi får det ikkje perfekt.

Per Kåre Johnsen, optiker hos Brillehuset og Molde synskirurgi

Fleirtalet av kundane til Molde synskirurgi og Per Kåre Johnsen er i 60-åra og har av ulike grunner problem med å bruke briller eller linser.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Medhald i åtte klagesaker

I perioden 2019 til 2023 var det 51 personar som kontakta Norsk pasientskadeerstatning (NPE) for å klage på synskorrigerande operasjonar der målet var å sleppe briller eller linser.

Ifølge NPE klaga dei på lyssensitivitet, smertar, tørre auge, redusert syn, tåkesyn, og framleis behov for briller.

Dei fekk avslag fordi det ikkje kom av svikt ved behandlinga, men er kjente følger som er innanfor kva som må aksepterast.

Det er gitt medhald i åtte saker. Den vanlegaste grunngivinga er at det ikkje var grunnlag for behandlinga ut frå tilstanden i auga, skriv kommunikasjonsrådgivar Jacob Andersen i ein e-post til NRK.

Rørlegger Anders Øygard savner ikke brillene.

– Det er heilt fantastisk å sleppe å ha brillene på hovudet når eg held på her, seier røyrleggar Anders Øygard.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Felte ei gledeståre

Anders Øygard meiner han blei godt informert om risikoen ved hans inngrep.

Etter å ha tenkt seg om i tre veker, tok han operasjonen. Nokre timar etterpå gjekk han på restaurant for å feire.

– Da eg kunne sjå menyen for første gong på mange år utan briller, rann det ei lita tåre.

Han fekk lyst til å ta operasjonen etter at han hadde høyrt om andre i bygda som hadde gjort det.

– Og no er det fleire her på kontoret som har lyst å gjere det same som meg. Det er herleg å sleppe briller. Eg har fått eit nytt liv, rett og slett.

Anders Øygard byttet linsen i øyet og ser nå klart igjen.

Bakarst i skuffa til Anders Øygard ligg brillene som han ikkje har bruk for lengre.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 27.08.2024, kl. 16.06

Read Entire Article