Fekk beskjed om at ho blunkar feil: – Veksande problem

2 hours ago 2



– Eg trudde slike grunnleggjande menneskelege ferdigheiter var noko ein ikkje kunne feil på. Men her er vi.

Det seier Anniken Kristiansen Steen til NRK.

Det siste året har ho oftare og oftare hatt problem med at augo hennar blir tørre og såre.

– Eg går på ein måte og irriterer meg, så det blir jo ein liten ekstra effekt da, som eg eigentleg ikkje burde tenkje på når eg skal fokusere på kastinga. Det er liksom alltid i bakhovudet, seier Steen.

For til dagleg er ho profesjonell diskgolfspelar og akkurat nå er ho rangert som verdas 14. beste.

I 2024 skreiv ho seg inn i historiebøkene da ho som første nordmann vann ei turnering på det øvste nivået i den profesjonelle serien i diskgolf i USA.

en person som holder en frisbee

VERDSTOPPEN: Anniken Steen er i verdstoppen i idretten disk golf.

Foto: Chandler Kramer / Privat

Blunkar feil: – Skjermbruk er med å øydelegge

Nå står avslutninga på sesongen for tur, og for å prøve å rette opp i problemet med augo gjekk Steen i starten av september til optikar.

Der fekk ho forklart at sjølve blunkinga hennar kunne vere problemet.

– Ein mogleg årsak var at måten ein blunkar på kan påverke, seier Steen som legg til at ho vart overraska over beskjeden.

Ho la ut ein video på Instagram, og ho fortel at fleire tilbakemeldingar tyder på at ho ikkje er åleine om problemet.

Hans Torvald Haugo er fagsjef og generalsekretær i Noregs Optikarforbund.

Han bekreftar at ein rett og slett kan blunke feil.

Haugo fortel at skjermbruk kan vere syndaren som får fleire og fleire til å blunke feil.

– Tørre augo er eit veksande problem i befolkninga. Så det er nok fleire enn Anniken Kristiansen Steen her som sit ved skjerm og ikkje blunkar godt og ofte nok, seier Haugo.

Får du lett tørre auge?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Haugo fortel at når vi sit mykje og ser på skjerm så blunkar ein mykje sjeldnare enn det ein naturleg vil gjere.

I tillegg er det også eit problem at ein også rett og slett ikkje let augelokka heilt igjen, og difor blunkar feil.

– Skjermbruk er med å øydelegge blunkefrekvensen vår. Det finst mykje forsking og tal på dette, og alle piler peiker oppover, seier Haugo.

Tørre auge

  • Kven blir ramma?

    – Det er ein av dei vanlegaste sjukdommane i verda

    – Fem til femti prosent blir ramma, mest vanleg i asiatiske land og kvinner blir hyppigare ramma enn menn.

    – Det er ei aukande hyppigheit på grunn av den moderne livsstilen vår, aukande skjermbruk.

    Kilder: Hans Torvald Haugo, fagsjef og generalsekretær i Norges Optikerforbund og Tørreøyneklinikken.

  • Kva bør ein gjera om ein kjenner på symptom?

    – Med ein gong ein har plager som ikkje går over, og det går utover livet ditt, kontakt optikar eller augnelege, seier Haugo.

  • Kva er rett måte å blunka på?

    – Blunk ordentleg igjen, slik at augnelokka treffer kvarandre. Det skal vera naturleg. Eit ufullstendig blunk, for raskt og før augnelokka har treft kvarandre, får ikkje veska delt seg som ho skal, seier Haugo.

Fått augemaske

For Anniken Steen sin del så kjenner ho seg absolutt igjen i mykje bruk av skjerm. I tillegg til mobil og TV, så jobbar ho 40 prosent som rekneskapskonsulent heime på Hamar.

I tillegg til at ho må konsentrere seg meir om sjølve blunkinga og få ned skjermtida, så har ho også fått ei maske som skal hjelpe ho å bli betre inn mot avslutninga på sesongen.

– Eg fekk ei augemaska som har litt tyngde, som skal varmast opp og leggjast på auga i fem til ti minutt kvar dag, seier diskgolfstjerna.

en kvinne som holder en blå sokk

VARMEMASKE: Anniken Steen fekk ei maske som ho skal varme opp og legge over auga for hjelpe ho å fikse problemet.

Foto: Privat / Privat

Fagsjef i optikarforbundet Hans Torvald Haugo fortel at dette er for å varme opp eit slags feittstoff som blir produsert i kjertlane som ligg rundt augelokka.

– Desse feittstoffa er litt som smør. Viss smør er kaldt så er det hardt og veldig seigt. Mens viss smøret er varmt, så er det mjukt og fint.

– Så det som skjer når ein legg på denne varmemaska er at feittstoffa kjem lettare ut av kjertlane fordi du varmar dei opp. Da får ein på ein måte ei skyling, seier Haugo.

en mann med briller

FAGSJEF: Hans Torvald Haugo er generalsekretær og fagsjef i Noregs Optikarforbund.

Foto: Norges Optikerforbund / Privat

Ei belastning

Steen håpar at tørre augo ikkje skal stå i vegen for ho når ho nå jaktar plass i finalen på den profesjonelle diskgolf-touren.

– Eg håpar mest at irritasjonsmomentet blir borte på sikt, og at eg på ein måte slepp å ha det som ei belastning når eg spelar, seier Steen.

en person i blå skjorte

FLYT: Steen har prestert godt denne sesongen, og ligg førebels an til å kome seg til finalen 17.–20. oktober.

Foto: Tianbo / MaTianbo Photo

Ho held fram:

– For konsentrasjonen er jo ein så viktig del av sporten vår når vi er ute på banen i tre-fire timar og skal halde fokus.

Før finalen i midten av oktober skal Steen delta i tre turneringar.

Dei 20 beste kvinnene gjennom sesongen får så spele finalen i Charlotte, Nord-Carolina i USA.

Steen ligg på 16.-plass i serien før dei siste konkurransane.

– Eg har spelt jamt over bra denne sesongen. Eg føler at eg er i bra flyt. Målet er å kome seg oppover på verdsrankinga, og jobbe mot ei god plassering samanlagt på touren, seier Steen.

Anniken Steen, regjerende norgesmester i diskgolf, treffer kruven fra ca. 80 meter. Kommentatorene blir sendt til himmels, og Anniken selv bekrefter at dette vanligvis ikke er noe som skjer i turnering.

Absurde scener: Stopper midt i løpet for å spy 00:38

Publisert 13.09.2025, kl. 20.03

Read Entire Article