Fekk VM-beskjeden veker etter fødsel: – Vore ei skikkeleg stor utfordring

3 hours ago 2



Det som skjedde var at eg rasa ned i vekt etter fødsel, og da skjønte eg at måtte eg ta nokre grep.

Det seier Hanne Andersen Maridal til NRK, i eit intervju gjort i Fukuoka, der den norske troppen lada opp til meisterskapen i hovudstaden Tokyo.

Bak oss ruvar den eine skyskraparen etter den andre i millionbyen, i sterk kontrast til Maridals heimstad Halsa på Nordmøre.

For eit halvt år sidan var det nærast utenkeleg for Maridal at ho skulle stå midt blant skyskraparane på andre sida av jordkloden. Da var ho nemleg inne i sine siste veker som gravid.

I mars blei ho mor for første gong. Berre veker etter fødselen kom VM-beskjeden: Ho skal til Tokyo.

Kvinne løper i blå topp.

Foto: NRK

– Hadde du venta å sitte her?

Absolutt ikkje. Eg blei litt sjokkert da eg fekk telefonen om det, seier Maridal.

– Det blei litt kaotisk akkurat der og da. Eg ropte på mannen min og berre sånn: «Du, nå må vi ta ein prat her», seier Maridal.

Natt til søndag VM-debuterer Maridal. Maratonløpet til kvinnene kan du følge på NRK frå 00.30.

Trudde ho åt mykje

Da «VM-sjokket» hadde lagt seg oppstod ein kvardag – ho måtte prikke inn ei toppform eit halvår etter fødsel.

en kvinne i hvit skjorte

KLAR: Hanne Andersen Maridal er klar for maratondistansen i VM i Tokyo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Dermed starta hardtreninga og Maridal merka fort at noko var annleis med kroppen.

Eg trudde jo eg åt mykje mat, men eg måtte altså ha enda meir. Så det har vore ein skikkeleg kamp å belme i seg fullt av flytande kaloriar i tillegg til fast føde. Så det har vore ein kamp, seier Maridal.

Ho har blant anna hatt tett dialog med ernæringsfysiolog under opptreninga etter fødsel.

Behov for ekstra næring

Den brå vektnedgangen kjem først og fremst av endringane i kroppen, seier Linn Christin Risvang til NRK. Ho er spesialist i idrettsernæring hos Aleris.

Dette inkludert tap av væske som gjerne samlar seg mot slutten av graviditeten, vekta av tap av placenta, og dessutan babyen som har komme ut.

Risvang fortel at energiforbruket ved fullamming utgjer ca. 500–700 kilokalorier per dag. Dermed vil ein ha behov for ekstra næring på grunn av amminga.

Eg måtte opp i 4000 kilokaloriar per dag. Det er ganske mykje når ein tenker etter, seier Maridal.

en kvinne som løper på en bane

MARATONLØPAR: Maraton for kvinner startar natt til søndag 15. september. Da skal Maridal i aksjon.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Plutseleg losnar det skikkeleg

Nå står friidretts-VM i Tokyo for tur for maratonløparen frå Halsa.

Mens Amalie Iuel & co. tar uvanlege grep i varmen, har Maridal trua på seg sjølv i det heite klimaet i Japan.

– Eg liker meg eigentleg i varme. Men så klart er det varmt her, så vi får sjå.

– Kva kan du få til?

– Eg er litt avslappa med tanke på det. Forma er ganske bra. Eg er ikkje så langt bak der eg sleppte før fødselen. Plutseleg så losnar det jo skikkeleg, seier Maridal.

– Eg tenker at løpet startar på 30 kilometer. Da kan eg få ei grei plassering.

Absurde scener: Stopper midt i løpet for å spy 00:38

Neste

Publisert 13.09.2025, kl. 21.09

Read Entire Article