Feittsuging, valdtekt og skattesnusk: Trump-filmen har premiere

2 weeks ago 14



I dag er det premiere på spelefilmen om Donald Trump.

Der får publikum møte ein ung Trump, som forsøker å bygge eit namn som eigedomsutviklar i New York på 70- og 80-talet.

Forholdet til ein streng far og ei dominerande mor står sentralt i filmen.

Men regissør Ali Abbasi har også funne plass til skitne triks, ei omdiskutert valdtektsscene, narkotika-bruk, skattesnusk og feittsuging.

– Eg trur nokon kan få eit meir nyansert bilde av den mannen han ein gong var, seier Birger Vestmo, filmkritikar i NRK.

Donald Trump og Ivana Trump

PAR: Donald Trump og Ivana Trump var gift frå 1977 til 1992. Ho anklaga han for valdtekt, men trakk skuldingane seinare tilbake. Ivana døydde i 2022.

Alle triksa i boka

Sjåarane får eit innblikk i forholdet til bakmannen Roy Cohn, som lærer Trump alle triksa i boka:

– Angrip, angrip, angrip, nekt for alt og aldri innrøm eit tap.

Filmen er dramatisert, og ikkje alt publikum får sjå er sant.

VOis6JCnQR8

THE APPRENTICE: Tittelen på filmen er lånt frå realityshowet Trump leia i 14 sesongar, mellom 2004 og 2015.

Foto: AP Photo/Ric Francis / AP

Trump og valkampanjen hans meiner den er full av løgn, og har truga med søksmål.

– Filmen gir seg aldri ut for å vere sann, men dei store linjene stemmer nok. Den inneheld ei omdiskutert scene der Trump valdtek kona Ivana. Dette har ho tidlegare skulda han for, men trekte skuldingane tilbake, seier Vestmo.

yjjSrCBY-V8

MISFORNØGD: Trump er ikkje fornøgd med korleis han blir framstilt i spelefilmen.

Foto: Michael M. Santiago / GETTY IMAGES NORTH AMERICA / Getty Images via AFP / AFP

På grunn av bråket sleit også produsenten med å finne ein distributør som ville vise filmen.

– Ein mektig milliardær som var med på å finansiere den truga med å stoppe filmen, fordi han er Trump-tilhengar og trudde den skulle gi eit flatterande bilde av han.

Vil du heller høyre om filmen? Trykk her:

Konsekvensar for valet?

Når filmen rullar over kinolerretet er det om lag tre veker igjen til presidentvalet i USA. Kan filmen ha betydning for valresultatet?

Nei, seier forfattar og USA-kjennar Gjermund Stenberg Eriksen.

– Folk som vil stemme på noko anna enn Trump vil få nok ein god grunn til å gå til valurnene.

Han trur ingen vil endre meining om kven dei skal stemme på etter å ha sett filmen.

– Den kjem ikkje til å overtale «republikanske trumpister».

Skal du sjå «The Apprentice»?

Let seg begeistre

Vestmo har gitt filmen terningkast fem.

– Historia har sine mørke sider, men den er også overraskande morosam og underhaldande.

Kritikaren rosar også Sebastian Stan som har hovudrolla.

– Han gjer ei god tolking, med attkjennande fakter, mimikk og kroppsspråk. Men utan å gjere han til ein karikatur, som jo hadde vore veldig enkelt å gjere.

Regissør Ali Abbasi (i midten) sammen med manusforfatter Gabriel Sherman (til venstre) og skuespillerne Maria Bakalova, Sebastian Stan og Martin Donovan på filmfestivalen i Cannes.

CANNES: Regissør Ali Abbasi (i midten) saman med manusforfattar Gabriel Sherman (til venstre) og skodespelarar Maria Bakalova, Sebastian Stan og Martin Donovan på filmfestivalen i Cannes i mai.

Foto: Scott A Garfitt/Invision/AP

Også USA-kjennaren deler begeistringa til Vestmo. Begge to meiner dette kan bidra til å forstå kva som har forma Trump.

– Det var mykje meir imponerande enn eg hadde trudd. På høgde med det beste dei siste tjue åra.

Publisert 11.10.2024, kl. 13.11

Read Entire Article