Faren hoppa i elva to gonger for å prøve å redde barnet i Kvinnherad

1 month ago 55



– Faren til barnet hoppa uti og blei tatt av vassmassen sjølv og ført vidare nedover, seier Sigurd Børve som er politistasjonssjef i Kvinnherad.

Faren til den ungarske guten (13) som omkom etter å ha falle i ei elv i Bondhusdalen i Kvinnherad tysdag, blei avhøyrt same dag.

Familien på to vaksne og eitt barn var på ferie i Noreg og hadde gått i området.

Barnet var ute på ein stein eller bergkant langs elva for å bli tatt bilete av. Då mista han balansen, sklei, og for ut i elva.

– Vedkomande blei tatt av vassmassane, ført eit kort stykke nedover og deretter blei sittande fast i steinar i elveløpet, seier Børve.

Guten blei seinare erklært død på sjukehuset.

Drukningsulykke i Kvinnherad

Guten og foreldra blei frakta i helikopter til Haukeland sjukehus.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Fleire prøvde å redde

Ein forbipasserande gjorde også forsøk på å redde barnet, utan hell.

Deretter gjorde faren også eit nytt forsøk.

– Dette var det einaste barnet de hadde, seier Børve.

Etter ei tid kom første einingar frå brann og redning og politipatruljen i Odda til staden.

– Dei gjorde forsøk ute i elva, men to i innsatspersonellet blei sjølv tatt av vassmassane, seier Børve.

Hovudredningssentralen fekk sendt meir utstyr og personell, som Nasjonal redningsgruppe og redningsdykkarar kom, og då fekk dei barnet på land.

– Sjølv om det blei sett i gang livreddande førstehjelp, og barnet blei brakt til Haukeland, så måtte ein forslå at døden var treft inn, seier Børve.

Bergens Tidende har også omtalt den dramatiske redningsaksjonen.

Redningsaksjon etter at barn falt i Bondhuselva i Kvinnherad.

13-åringen fekk livreddande førstehjelp på veg til sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Er takksame

Børve fortel at foreldra er takksame for innsatsen for å prøve å redde sonen deira.

– Dei har ønska å få vite korleis apparatet fungerer her i Noreg, og dei viser stor takksemd og er imponert over kva som blei sett i verk, seier Børve.

– Trass i den djupe tragedien dei står midt oppi, ønsker dei å gi takk til både sivile og redningspersonell, seier han.

Politiet har oppretta ein undersøkingssak, og samlar informasjon gjennom forklaringar og bilete.

Dei vil også gjennomføre ein obduksjon for å fastslå sikkert kva som var dødsårsaka.

Bondhuselva i Kvinnherad

Her blei guten henta opp.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Her ble 13-åringen hentet opp fra elven – erklært død på sykehuset

Ungarsk gutt (13) omkom i Bondhuselva – skled i elven da han skulle ta bilde

Publisert 14.08.2024, kl. 14.18 Oppdatert 14.08.2024, kl. 14.29

Read Entire Article