Etterlyser handling: – Folk døyr mens regjeringa somlar

1 month ago 23



Fleire rusorganisasjonar tar no eit oppgjer med regjeringa sin ruspolitikk.

 Hakon Liberg / TV 2
SKUFFA: Anne-Pia Kystrup i Rio og Morten Sommerbakk i Foreininga for Human Narkotikapolitikk er skuffa over regjeringa si tilnærming til rusreform. Foto: Hakon Liberg / TV 2

Publisert 01.09.2024 14:19 Sist oppdatert 5 minutter siden

– Folk døyr medan dei somlar med moralske spørsmål og dilemma. Vi må få dette på plass no. 

Denne veka vart verdas overdosedag markert fleire stader i Noreg. No rettar Morten Sommerbakk, styreleiar i Foreininga for Human Narkotikapolitikk Vest, krass kritikk mot regjeringa sin ruspolitikk.

– Det første eg reagerer på med regjeringa sin ruspolitikk, er fråveret av den. Rusreforma lar vente på seg, overdosestrategien er utdatert og regjeringa bygger ned tilbodet til rusavhengige, seier Sommerbakk. 

Han var sjølv rusavhengig i 28 år. No er han rusfri og jobbar som erfaringskonsulent på Huset i Bergen, eit brukarstyrt hus for tidlegare og noverande rusmiddelavhengige. 

 Hakon Liberg / TV 2
RUSFRI: Morten Sommerbakk er tidlegare rusmiddelavhengig, og jobbar no som erfaringskonsulent på Huset. Foto: Hakon Liberg / TV 2

Sommerbakk meiner det hastar å få på plass ei ny rusreform. 

– Vi føler at regjeringa sviktar rusfeltet totalt. Dei er litt opphengt i denne straffbiten, dessverre. Det syns vi er veldig trist. 

Høge tal 

I 2023 døydde 363 personar av overdose i Noreg. Det er det høgste talet sidan 2001. 

Både Foreininga for Human Narkotikapolitikk Vest og brukarorganisasjonen Rio fryktar at fleire liv går tapt så lenge ein rusreform let venta på seg. 

– Vi veit at mange lar vere å ringe naudetatane når dei står i ein overdosesituasjon, fordi dei er redde for straffa dei kan møte, seier Anne-Pia Lystrup, som er regionansvarleg i Rio Vest. 

Ho meiner regjeringa ikkje lyttar til forskarane eller brukarorganisasjonane, og at dei synsar om kva behov som trengst. 

– Vi treng ein kunnskapsbasert rusreform. Det hastar. Venene våre døyr, seier Lystrup. 

 Hakon Liberg / TV 2
HASTAR: Anne-Pia Lystrup meiner ein ikkje kan venta lenger på ein rusreform Foto: Hakon Liberg / TV 2

Nedstemt i 2021

Planane om å gjere endringar på rusfeltet har vore diskutert lenge. I 2018 sette Solberg-regjeringa ned eit utval som skulle førebu rusreforma i 2021.

Denne gjekk ut på at ein ikkje lenger skulle straffe det å eige og bruke narkotika, men heller få behandling. Bruk skulle framleis vera ulovleg, men ikkje straffbart. 

 Torstein Bøe
STEMTE NED: Arbeiderpartiet var splitta på om dei ville gå med Solberg-regjeringa sitt forslag om rusreform, men enda på nei Foto: Torstein Bøe

Sidan Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa året før, måtte reforma gjennom Stortinget. Det enda med at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet stemte mot forslaget i juni 2021. 

Arbeidarpartiet har lova ei ny reform, men har framleis ikkje kome med eit forslag på bordet. 

Reforma skulle vere klar i starten av 2024, men er utsett. Det er enda ikkje klart når ho vil kome. 

– Har gått feil veg

Stortingsrepresentant Sandra Bruflot frå Høgre er skuffa over kva som har skjedd på rusfeltet sidan forslaget deira vart stemt ned. 

– Vi synest det skjer veldig lite på rusfeltet no. Det er lagt ned fleire hundre døgnplassar, institusjonar og fagmiljø blir borte, og samstundes har vi høge antal overdosedødsfall, seier Bruflot. 

 Håkon Liberg / TV 2
OPPGITT: Sandra Bruflot (H) har ikkje tru på at regjeringa får på plass ein ny rusreform i denne stortingsperioden. Foto: Håkon Liberg / TV 2

Ho meiner utviklinga går feil veg. 

– Då reforma vår vart stemd ned, fekk vi høyre om at det hasta å få plass ei ny reform. Tre år seinare har det ikkje skjedd nokon ting. 

Partileiaren i Venstre, Guri Melby er samd.

– Ruspolitikken har vorte verre dei siste tre åra. Regjeringa trekte attende den rusreforma vi la fram, og dei har bygd ned fleire rustilbod. Vi treng ei ny regjering med ein mer human ruspolitikk, som går frå straff til hjelp seier Melby.

 Goran Jorganovich  / TV 2
MARKERING: Partileiar i Venstre, Guri Melby, deltok på markeringa av verdas overdosedag i Oslo denne helga. Ho meiner regjeringa har svikta i ruspolitikken dei siste tre åra. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

– Liv på samvitet

MDG sin partileiar, Arild Hermstad, meiner regjeringa har somla med si rusreform, og har eit medansvar for liv går tapt.

– Hvis ikkje helseminister Vestre greier å levere på dette, tyder det at han har mange liv på samvitet som helseminister, seier Hermstad til TV 2.

TV 2 har lagt fram kritikken for Helse- og omsorgs­departementet. 

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (Ap) meiner det viktigaste er at rusreforma blir god.

– Vi arbeider på spreng for å få reforma ferdig, og gler oss til å presentere resultatet for rusorganisasjonane, og diskutere dei tiltaka som trengs for å lukkast på rusområdet. Målet er betre helsetenester for dei rusavhengige, og betre førebygging, seier statssekretæren. 

Read Entire Article