No ventar 13-åringen på å bli 14 år i november. Då får nemleg Oslo-guten lov til å bryte i utlandet.
Etter årevis med trening skal ein stor draum bli til verkelegheit for Emil Martinius Orveland Johansen, som vier livet sitt til sporten.
– Vi har brytematte her, heime og på hytta. Så det blir jo bryting overalt, fortset han.
Vi møter han før ei treningsøkt med Lambertseter Bryteklubb.
– Eg trenar bryting, styrke, løping, akrobatikk ... alt som eigentleg går an å trene her inne, seier Johansen.
Snart kan Johansen byte ut Lambertseter med Mömbris, ein tettstad ikkje langt frå storbyen Frankfurt.
Der held den tyske klubben RWG Mömbris Königshofen til.
Dei oppdaga Johansen på Instagram, der han og faren Martin Johansen deler bilde og videoar frå trening og konkurranse. Opp- og nedturar. Leik og seriøsitet.
– Han er ein utøvar som bryt både gresk-romersk og fristil. Det har dei lagt merke til i Tyskland, som vende seg til oss og lurte på om vi kunne vere interesserte, seier faren.
Han er sjølv tidlegare brytar, og ønskte sjølv som aktiv utøvar å kome seg til utlandet.
Så god blei han ikkje.
– No klarte ikkje eg det, og det har vore eit stort mål for han også. Så det kom litt sånn ut av det blå ... Ut av ingenting, forklarer han.
Kan få betalt for kampar, men.
Familien har allereie planane klare for det som ventar frå hausten av.
Far og son reiser ned i helgane for å trene med og bryte for klubben. Han vil fortsette å gå på skule i Noreg, der han er elev ved Wang ungdomsskule.
– Klubben betaler reise, mat og bustad. Så kan eg få pengar for kampar, men vi ville heller at pappa kan vere med ned, utan å betale.
Etter kvart vil Oslo-guten reise nedover aleine.
– Eg trur ikkje eg kjem til å tenke så mykje på presset, for eg blir ganske nervøs uansett.
Oslo-guten ser fram til utanlandsopphaldet.
– Eg får meg sikkert nye venner i Tyskland, så det blir bra. Eg trur det skal gå veldig fint.
Faren fortel at dei vel bort å få betalt for kampane, for å ikkje legge for mykje press for tidleg.
– Éin ting er å reise aleine til Tyskland. Ein annan ting er å vite at du får så og så mykje betalte om du vinn, men ikkje om du taper. Då fann vi ut, på grunn av alderen, at vi lèt det ligge. Så gjer vi det heller for erfaring, seier han.
Trykk for skrapemodus
Far og son har begge «blomkåløyre», som ein ofte får i bryting.
Tobias Porsch Simonsen / NRKBryteforbundet: – Skeptisk
Generalsekretær i Noregs bryteforbund, Morten Sandnæs, meiner unge brytarar burde vente med å reise til utlandet.
– Det er viktig å seie at familien og guten sjølv må finne ut kva som er rett for dei. Per i dag er det ikkje noko i reglementet vårt som hindrar dette, og fungerer det så er jo det bra. Men vi er litt skeptiske, seier Sandnæs.
Han meiner dei har eit godt nok tilbod i Noreg.
– Det vil sikkert vere nokon som er ueinige med oss, men ja, vi meiner at tilbodet er godt nok i Noreg og i Skandinavia.
FAR OG SON: Martin og Emil Johansen brukar mykje tid saman.
Foto: Iris Katrine Hamre / NRKBryteforbundet har ikkje landslagsaktivitet for utøvarar under 15 år. Sandnæs legg til at dei ikkje har vore borte i ein situasjon liknande Johansen sin tidlegare.
– Når meiner de det er ideelt å reise utanlands?
– Det har eg ikkje nokon fasit på, det vil variere frå utøvar til utøvar. Dei aller fleste av utøvarane våre reiser ikkje utanlands. Dei reiser på stemne, men bur, oppheld seg og konkurrerer for norske klubbar.
Familien er tydeleg på at dei har tenkt over valet med tanke på hans unge alder, og at dei ikkje hadde signert utan gode rammer.
– Hadde ikkje ting vore lagt til rette her, så hadde vi sagt nei, men vi var veldig gira på å kome oss ned dit no, seier Martin Johansen.
– Lyst til å bli best
Per dags dato bryt to norske utøvarar seniornivå i Tyskland: Felix Baldauf og Exauce Mukubu (Exo).
– Alle som har vore der, og alle som er ein del av det, seier at det er ei fantastisk moglegheit for han som utøvar. Erfaring og slike ting, fortel Martin.
I UTLANDET: Felix Baldauf er ein av Noregs største brytarar.
Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP / NTBSjølv ser Oslo-guten fram til det som ventar.
– Eg trur det skal gå veldig fint, altså.
Og 13-åringen er tydeleg på kor god han vil bli.
– Eg har lyst til å bli best, sjølvsagt. OL, VM og EM. Ja, best eigentleg.
Faren på sidelinja er svært stolt.
– Han er dedikert, utruleg bevisst og han jobbar systematisk heile tida. Som far er eg veldig, veldig stolt av han.
– Men det er eg av søstera di, stebroren din og dei fleste andre òg, legg pappa Martin til.
BØY OG TØY: Det er viktig å varme opp alle ledd når ein bryt, for å unngå store skadar.
Foto: Iris Katrine Hamre / NRKPublisert 31.03.2025, kl. 06.17 Oppdatert 31.03.2025, kl. 06.18