Eitt døgn i det ovale kontoret: Dette fortel startskotet oss om Trump vol. 2

1 month ago 27



Donald Trump har sjølv sagt at han har lært mykje sidan sist han tredde inn som president i USA, for åtte år sidan.

Då var mange overraska over at han stod inne for det han hadde sagt i valkampen, seier USA-kjennar og journalist Harald Stanghelle.

– Men no kjenner vi han, og veit at han so til dei grader lever opp til det han står for.

USAs tre rikaste menn på Trump si innsetting

Ein annan ny ting sidan Trumps siste presidentperiode, er at han no omgir seg med tech-milliardærar, seier Stanghelle. USAs tre rikaste menn hadde alle æresplassar på innsettingsseremonien.

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP

Det første døgnet av Trumps første arbeidsveke fortel oss litt av kva vi har i vente.

Stanghelle og USA-kommentator Sigrid Rege Gårdsvoll tek oss med gjennom overskriftene.

Startar i høgt tempo

Det første døgnet der Trump igjen sat ved makta, signerte han over hundre presidentordrar.

Desse er bindande etter amerikansk lovverk, og krev ikkje godkjenning av den lovgivande forsamlinga i USA, altså Kongressen.

Formålet med det høge tempoet er først og fremst å vise handlekraft, meiner begge ekspertane.

Trump med signert presidentordre

Trump signerte svært mange presidentordrar på innsettingsdagen.

Foto: Matt Rourke / AP

– Det er ein måte å markere at her skal det gjennomførast politikk frå dag ein, seier Stanghelle.

Gårdsvoll viser til at saksbehandlinga i Kongressen har gått stadig saktare dei siste 30 åra, og at det har blitt fleire slike presidentordrar som resultat av dette.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er kommentator for AmerikanskPolitikk.no.

Foto: David Skovly / David Skovly

I tillegg har presidentordrane blitt ein slags dragkamp mellom presidentar som er ueinige med kvarandre, seier ho.

– 87 av dei presidentordrane som han har signert, dersom eg hugsar riktig, dreier seg om å forkaste presidentordrar som Biden signerte i si tid.

– Noko av det første Biden også gjorde, var å avkrefte Trump sine presidentordrar frå hans første periode.

Stanhelle: Held fram med å undergrave rettsvesenet

Noko av det første Trump gjorde, var å benåde 1500 som blei dømde etter storminga av Kongressen 6. januar 2021. Fem personar døydde, og om lag 140 politifolk blei skadde.

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er sakprosaforfattar og tidlegare redaktør i fleire norske aviser.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Stanghelle reagerer på at Trump brukar uttrykket «gislar» om menneske som har fått straffar av USA sine domstolar, etter amerikansk lovverk.

– Han har brukt kraftige ord om rettsvesenet som gjorde plikta si då det dømde desse personane. Han brukar også uttrykket «patriotar» om dei.

Stanghelle meiner dette sender eit kraftig signal.

– Slikt sett kan ein seie at han held fram med ei undergraving av det oppgjeret som var nødvendig å ta, for ein demokratisk stat etter eit slikt opprør.

Familie og vennar av dei fengsla deltakarane på 6. januar-opprøret jubla utanfor fengselet då benådingane blei kjent.

Familie og vennar av dei fengsla deltakarane på 6. januar-opprøret jubla utanfor fengselet då dei 1500 benådingane blei annonserte.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP

Frikjenningane passar godt inn i det Trump sjølv har sagt om rettsvesenet i USA, meiner Gårdsvoll.

– Han ønsker å fortelje at hans forgjengarar har brukt rettsstaten som eit våpen mot han og mot meiningsmotstandarane, seier ho.

– Då passar denne gjengen godt inn saman med forfølginga av Donald Trump i rettsvesenet.

Arkivbilete frå storminga av Kongressen i 2021

Fleire tusen personar deltok på storminga av Kongressen 6. januar 2021. Nesten alle dei 1600 som blei dømde for tilknytte brotsverk, har blitt benåda av Trump.

Foto: Leah Millis / Reuters

Trump kan også vente seg å bli utfordra av rettsvesenet, seier ekspertane.

Gårdsvoll viser til at regelverket i såkalla tilfluktsbyar, som forbyr at politiet hjelper innvandringsstyresmaktene med å identifisere og sende ut ulovlege innvandrarar.

Dette er eit stort hinder for Trump sin plan om å massedeportere ulovlege innvandrarar som held til der.

Set tonen for framtidige forhandlingar

Før sjølve innsettinga, truga Trump med å auke tollen på varer som kjem inn i USA frå nabolanda Canada og Mexico.

Dette skjedde ikkje på dag ein, men det kan bli aktuelt med 25 prosent toll frå 1. februar, sa Trump då han kom til Det kvite huset etter innsettinga.

Årsaka til dette er at landa ikkje har gjort nok for å stoppe ulovleg innvandring og narkosmugling, seier Trump.

Det er likevel ikkje sikkert at han meiner trugselen bokstaveleg, seier USA-kommentator Gårdsvoll.

Asylsøkarar ser ut eit vindauge i Piedras Negras, Mexico

Desse fire asylsøkarane ved grensa i Mexico fekk måndag beskjed om at timeavtalane deira med dei amerikanske immigrasjonsstyresmaktene var kansellerte.

Foto: Cheney Orr / Reuters

– Dette kan også vere startskotet for ein periode med forhandlingar om grensetiltak, som ikkje munnar ut i noko straffetoll når det kjem til stykket.

– Det er det vi ikkje veit når det er snakk om Donald Trump, og det er det som gjer det så vanskeleg å forhalde seg til han. Det ønsker han også at det skal vere.

– På kva slags måte ønsker han det?

– Han brukar uføreseielegheit som ein reiskap i forhandlingane. Det er slik han ønsker å forhalde seg til internasjonal politikk.

Den enorme mengda informasjon som Trump formidlar dagleg kan føre til «fire slitsame år», merkar Gårdsvoll seg.

Publisert 21.01.2025, kl. 17.54

Read Entire Article