Ein av tre unge boikottar varar og tenester

4 hours ago 6



Når Thea Rørbakk (18) er på Instagram eller TikTok, ser ho ofte reklame for Temu.

Å skrolle, og få rabattkodar, kjempebilleg ... Da har jo alle lyst til å kjøpe, ikkje sant?

Thea sit ved eit bord i kantina på Strinda vidaregåande i Trondheim i lag med nokre av dei andre elevane som tar faget entreprenørskap og bedriftsutvikling.

5 ungdommer sitter rundt et bord i kantina på Strinda vgs

Elevane som vel faget entreprenørskap og bedriftsutvikling, lærer teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringslivet og samfunnet.

Thea merker påverkingskrafta, men har bestemt seg. Ho vil ikkje lenger netthandle noko frå den kinesiske giganten.

Ho har nemleg høyrd at produkta har negative verknad på miljøet, i samband med produksjon og frakt av varar. Og at bedrifta driv med barnearbeid.

– Det er ein saying på TikTok, fortel Thea, om kor ho har det ifrå.

Ho er ikkje aleine om å droppe varer frå Temu. Emma Berge (17) held med ho i valet.

Ung kvinne sitter ved et bord og snakker

– Det har jo blitt eit stort problem at folk vel billige produkt framfor kvalitet.

Emma Berge

elev ved Strinda vidaregåande skole

Temu seier dei heile tida jobbar for å bli betre, men avviser at dei driv med barnearbeid eller at dei øydelegg naturen. Les heile svaret deira lenger ned i saka.

Men er det nokon vits i å boikotte, viss ein ikkje veit om det fungerer?

  • I over eitt år har Temu lokka nordmenn til billig kinesisk handel

Ikkje berre prat!

Tusen nordmenn i alderen 15–25 har svart på spørsmål om livet sitt i undersøkinga UNG2025 som er laga av Opinion. Fleire av spørsmåla handlar om boikott.

Svara avslører ein tydeleg trend: Dei unge ikkje er redde for å vise forbrukarmakt.

Ein av tre har boikotta eit produkt eller ei teneste det siste året.

Bedrifter med dårlege arbeidsforhold, barnearbeid og utnyttelse av folk i fattige land står lågt ikurs hos dei unge, ifølge rapporten.

Undersøkinga viser også at det er stor skilnad mellom kjønna.

22 % menn og 38 % av kvinnene svara at dei har boikotta.

50 % menn mot 27 % kvinner vil ikkje bruke boikott som verkemiddel.

Vil du vurdere å bruke boikott som politisk verkemiddel framover?

Ifølgje Opinion sin UNG2025-rapport handlar unge frå dei verksemdene dei har noko til felles med.

Selskapa som støttar og jobbar for dei same sakene som dei unge sjølv brenn for, blir oftare valt. Det skapar ei forventning om at merkevarer må vise at dei faktisk bryr seg.

Det er ikkje lenger nok å prate om ei god sak, viss ein ikkje kan vise til noko konkret.

Og elevane ved Strinda vgs. er ikkje noko unntak.

Boikott er lettare enn å bli med i eit parti

Audun Grav Ellingsen (17) er opptatt av kva som er etisk rett for dyr i fangenskap. Han vil at dei skal ha eit greitt liv.

Derfor sjekkar han produsenten før han handlar.

Ung mann sitter ved et bord og snakker

– Eg har ikkje lyst til at masse dyr skal ha det vondt heile livet, berre fordi eg skal kunne få det eg vil ha.

Audun Grav Ellingsen

elev ved Strinda vidaregåande skole

Denne måten å agere på vert kalla «uformell politisk deltaking» forklarar Jana Birke Belschner.

Ho er forskar ved Universitetet i Bergen, og ho ser ein tydeleg tendens:

Unge boikottar framfor å engasjere seg i eit politisk parti.

Kvinne står utendørs og ser i kamera, smiler lett

– Vi veit jo at færre unge stemmer ved val.

Jana Birke Belschner

forskar ved Universitetet i Bergen

Men mens dei eldre først og fremst bruker røysta si ved stortings- og kommunevala, så er det fleire unge enn eldre som vel alternative måtar å delta på, politisk.

Og unge menneske er meir bevisste på val av produkt og tenester enn eldre menneske.

Raskt inn, raskt ut, raske tilbakemeldingar og reaksjonar på kva ein tenker, er Kjell Terje Ringdal si korte analyse av kvifor unge vel boikott som verkemiddel.

Han er førstelektor i retorikk ved Høyskolen Kristiania i Oslo.

Men han tvilar på om boikott får nokon konsekvensar for produkta eller tenestene.

Tente like mykje

– For ein del år sidan så blei Ikea utsett for veldig sterk kritikk, fordi dei brukte barnearbeidarar, fortel Ringdal, og held fram.

Mange var veldig einige i at det var heilt forferdeleg, men det vart ikkje nokon omsetningssvikt. Ikea tente like mykje pengar.

Voksen mann står i en buegang med armen mot en søyle

– Ein ting er kva du meiner, ein annan ting er kva du gjer.

Kjell Terje Ringdal

førstelektor i retorikk ved Høyskolen Kristiania i Oslo

Men heilt avvisande til at det er mogleg å endre eit forbruksmønster er han ikkje.

Eg ville berre ha lese undersøkinga UNG2025 med begge hjernehalvdelar – noko kan vere uttrykk for eit blaff, mens andre ting kan få ei varig endring, avsluttar han.

Og trua på at varig endring er mogleg, det har elevane frå Strinda vgs.

Edvin Sve (17) prøver å kjøpe færre varar som er produsert i Kina. Han likar ikkje at Europa har blitt avhengig av kinesiske produkt, med tanke på Kina sin politikk.

Ung mann sitter ved et bord og snakker

– Viss mange nok bestemmer seg for å ikkje bruke eit produkt så vil det jo til slutt stoppe og produserast.

Edvin Sve

elev ved Strinda vidaregåande skole

Edvin vel heller varar produsert nærare Noreg, eller i Noreg.

Eitt trekk ved dagens unge er at dei er mykje meir kritisk til globalisering, fortel Jana Birke Belschner. Ho forskar på korleis unge påverkar framtidas politikk.

Men forskaren har og merka seg ein heilt annan effekt, av boikott.

  • Amerikansk kaffibarkjede tar grep etter fleire boikottkampanjar

Ei kjensle av å gjere noko

I alderen 16–21 år, blir dei politiske haldningane forma. Og dei held seg ganske stabilt gjennom livet, ifølgje Belschner.

Og sjølv om den mest effektive forma for boikott er når statar boikottar andre statar, så trur ho at dagens unge kjem til å velje boikott som politisk verkemiddel i framtida og.

Veldig ofte stemmer du på eit parti som kanskje ikkje er heilt sånn som du eigentleg vil, eller du stemmer ikkje i det heile, resonnerer forskaren.

Ho fortel at i ein vennekrets kan boikott bli ein kollektiv måte å uttrykke politiske meiningar på.

– Om du tar ei avgjerd om å boikotte som ein sosial aksjon, så er det nesten som å vere med i eit parti – berre meir umiddelbart, og mykje meir konkret enn komplisert politikk!

Det gir ei kjensle av å gjere noko. Ei kjensle som kanskje manglar når du skal stemme.

Det er eit perspektiv Live Rusten Berge (17) kjenner seg att i.

Ung kvinne sitter ved et bord og snakker

– Eg gjer jo ein forskjell. Og sjølv om eg ikkje ser det så mykje der og da så bør eg jo tenke det, for det er jo ein heilskap.

Live Rusten Berge

elev ved Strinda vidaregåande skole

  • Høyr KI-forskar Inga Strümke, programleiar i Trygdekontoret Thomas Seltzer og filosof Heine Holmen snakke om korleis mørke framtidsutsikter kan få oss til å tenke nytt.

Publisert 25.02.2025, kl. 15.45

Read Entire Article